Bruk to minutter no, så er alderdommen i boks
Drøymer du om å utforske India, kjøpe leiligheit i Paris eller leve livet på landet som pensjonist?
Drøymer du om å utforske India, kjøpe leiligheit i Paris eller leve livet på landet som pensjonist?
Då har vi ei god nyheit til deg – Pensjonssparekonto!
Vi er mange "pensjonsstrutser" der ute – du veit oss som stikk hovudet i sanden og utset pensjonssparing fordi vi trur det er komplisert og at det tar så lang tid å komme i gang. Vi vil så gjerne, men finn alltid ein unnskyldning for å skyve pensjonen framfor oss. Det er jo så lenge til pensjonisttilværa – dessutan er det altfor mykje å setje seg inn i.
Det er jo bare å innrømme at vi helst bruker tida vår på morsommare ting enn pensjon. I ei undersøking som Respons Analyse har gjort for SpareBank 1, svarar nesten 8 av 10 i aldersgruppa 18 til 24 at dei ikkje sparer til eigen pensjon, men heile 57 % planlegger å starte sparinga.
Men viss du veit at du no kan sikre deg ein behageleg aldrdom - på to minuttar – då er det vel berre å setje i gang?
- Med vår pensjonskalkulator tastar du berre inn alderen din og så får du opp korleis andre på din eigen alder sparer til pensjon. Samtidig får du vite kor mykje du kan forvente å ha på Pensjonssparekontoen dersom du går av med pensjon som 67-åring.
- Og no snakkar vi om positivt pensjonssjokk, fortel produkteigar sparing i SpareBank 1 SR-Bank, Maren Stangeland Oftedal.
- Du vel sjølvsagt sjølv kor mykje du vil spare, og minimumsbeløpet er 300 kroner per månad, men viss du til dømes er 26 år så får du opp at andre på din alder i snitt sparer 500 i månaden. Det blir 556 000 kroner meir til pensjon, det.
Maren Stangeland Oftedal er produkteigar
sparing i SpareBank 1 SR-Bank.
- Det er alderen din som avgjer korleis pengane vert investert, og du får automatisk ei blanding av aksje- og rentefond. SpareBank 1 sine ekspertar sørgjer for at fordelinga av dette vil bli justert og tilpassa alderen din, slik at du kan bekymre deg over andre ting enn pensjonen. Dei to minutta det tar, kan vere den smartaste investeringa du gjer i år, seier Maren.
Når du startar pensjonssparing hos SpareBank 1, får du altså automatisk ein alderstilpassa investeringsprofil. - Det betyr at vi ser på fordelingane mellom rente- og aksjesparing og justerer ned risikoen etterkvart som du blir eldre. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond aukast. Du har større sjanse for god avkastning når du er ung, samstundes som du sikrar gevinsten når du nærmar deg pensjonsalder.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium