Innskotspensjon.
Ein god innskotspensjon gjer deg meir attraktiv som arbeidsgjevar.
Ein god innskotspensjon gjer deg meir attraktiv som arbeidsgjevar.
Bedrifter med innskotspensjon i SpareBank 1 får god avkasting på pensjonssparinga. Våre spareprofilar er blant dei beste på lang sikt, ifølge pensjonsportalen Norsk Pensjon. Hos oss får du rett og slett meir pensjon for pengane!
Alderstilpassa spareprofil
Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond aukar. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten sikrast når du nærmar deg pensjonsalder.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Nedtrappinga av risiko startar automatisk når du har blitt 40 år og varer fram til du fyller 67 år.
Spareprofilen renter betyr at pengane dine berre blir sette saman av renter. Det betyr minst mogleg risiko, og passar for deg som er opptatt av tryggleik.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine blir fordelte mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønskjer låg risiko.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Spareprofilen moderat betyr at pengane dine blir fordelte mellom aksjar og renter. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkasting, men toler noko risiko.
Renterfond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i renter. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villig til å ta ein del risiko.
Renterfond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre er sett saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er oppteken av høg avkasting, og som er villig til å ta høg risiko.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring.
Kundeundersøkingane frå EPSI og Aalund:
For femte året på rad viser Aalund Bedriftspensjonsbarometer at SpareBank 1 ligg på toppen av kundetilfredsheit. EPSI-undersøkinga viser at også tilsette med tenestepensjon gjennom arbeidsgjevar i privat sektor, gir oss høgast score.
Eigen pensjonskonto er ein lovfesta konto der dine tilsette får samla all sin innskotpensjon – også frå tidlegare arbeidsgjevarar.
Kva må du som arbeidsgjevar vite om eigen pensjonskonto?
Ein tilsett som blir arbeidsufør, vil måtte leve av om lag halvparten av tidlegare inntekt. Uførepensjon gir deg og dine tilsette økonomisk tryggleik ved tapt arbeidsevne.
Frå 2022 blei pensjonslovene for privat sektor endra slik at alle tilsette har rett til pensjonsopptening for lønn frå første dag i jobb, og første tente krone.
Framover vil informasjon frå a-meldinga bli delt med pensjonsselskapa. Dette gir fleire fordelar for deg som kunde:
For at vi skal kunne hente informasjon frå a-meldinga må du stadfeste at vi er pensjonsleverandøren din!
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring
Berekraft er utgangspunktet for forvaltninga vår. Det skal vere enkelt å ta gode berekraftige val når du vel pensjonsleverandør. Sparer bedrifta til pensjon hos oss kan de vere trygge på at berekraft er godt ivaretatt.
I Norge i dag blir vi eldre og held oss friske lenger. Så lenge levealderen aukar, aukar også talet på personar som mottar alderspensjon. Dette betyr at kvart årskull må jobbe litt lenger for å oppnå same pensjon som eldre årskull.
Levealdersjustering betyr at alderspensjonen din blir justert etter forventa levealder for ditt årskull og dei åra som det kan bli forventa at du er pensjonist.
Dei aller fleste arbeidstakarar kan starte utbetaling av pensjonen sin frå dagen ein fyller 62 år. Folketrygd, offentleg tenestepensjon og obligatoriske tenestepensjonar (OTP) frå private verksemder tilbyr heil eller gradert uttak frå 62 år. Men hugs at ein tidleg start av pensjonsutbetalinga som regel vil gje mindre utbetalt i årleg pensjon.
Kva rekkefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønskjer å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må difor sjåast på som generelle og rettleiiande. Det viktigaste er at du skaffar deg oversikt over din pensjon, vurderer kva som er viktig for deg og legge ein plan for din pensjonstilværsle. Vi vil på eit generell plan anbefale følgjande rekkefølge.
1: Avtalefestet pensjon (AFP)
Dersom du har ein avtalefestet pensjon (AFP) i privat sektor kan det lønne seg å ta ut den fyrst ettersom dette er ei livsvarig utbetalingsavtale. Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefestet pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygden med minst 20 prosent. Du har moglegheita til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalingen av din avtalefestet pensjon (AFP).
2: Alderspensjon frå folketrygden/NAV
Etter å ha starta avtalefestet pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på din alderspensjon frå folketrygden. Denne betalast ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
3: Fripolise og Ytelsespensjon
Dersom du sluttar i jobben eller byter arbeidsgjevar vert ytelsespensjonen din gjort om til ein fripolise, desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefestet pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygden, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ein ytelsesordning. Dersom du døyr før pengarne er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
4: Hybridpensjon og pensjonsbevis
Pensjonsbevis er en hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar. Etterlatte vil heller ikkje arve pengane frå ein hybridordning. Dersom du dør før pengane er utbetalte vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ein ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
[5] Innskuddspensjon, pensjonskapitalbevis og eigen sparing
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskuddspensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar og er, saman med eigen sparing, avtalene du bør vente lengst med å ta ut. Årsaka til dette er at dersom du dør før pengane er utbetalte vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalene som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan difor vere ein fordel å vente med desse.
Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har. Her er ein forenkla oversikt over reglane på dei vanlegaste produkta. For å få fullstendig oversikt må du lese i forsikringsbevisa og forsikringsvilkåra for avtalen.
Innkotspensjon og pensjonskapitalbevis (PKB)
Dersom du har ein innskotspensjonsavtale gjennom din arbeidsgjevar vil verdien av avtalen gå til dine etterlatne. Saldoen vil først bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årleg utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resterande saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Ytelsespensjon, hybridpensjon, pensjonsbevis og fripolise
Verdiane på desse produkta vil tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
IPA
Saldo blir utbetalt til den/dei som du har registrert som begunstiga. Viss ikkje det er registrert begunstiga går saldo til andre kundar med same avtale som deg, det såkalla forsikringskollektivet.
Pensjonssparekonto og Fondskonto
Pensjonssparekonto og fondskonto blir utbetalt til begunstiga. Viss det ikkje finst begunstiga blir forsikringssummen utbetalt til ektefelle, deretter arvingar etter arvelova eller testament.
Individuell pensjonssparing (IPS) og LOfavør Pensjon
Saldoen vil bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årlig utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resten av saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Avtalefesta pensjon (AFP)
Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor er ein livsvarig utbetalingsavtale. Når du døyr vil verdiane på avtalen tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
Folketrygda
Folketrygda er ingen sparing i tradisjonell forstand, men for kvart år du arbeider opparbeider du deg ein pensjonsrett. Denne utgjer 18,1 prosent av inntekta di opp til 7,1 G. (G) betyr grunnbeløpet i folketrygda. Dersom du døyr opphøyrer folketrygda. Det blir ikkje utbetalt arv på desse pengane. Dersom du ønsker å lese meir om folketrygda kan du gjere det på NAV sine heimesider.