Best på det viktigaste for kundane
Aalund Bedriftspensjonsbarometer sitt årlege undersøking kartlegg om tenestepensjonskundane i Noreg er nøgde eller ikkje. Undersøkinga måler følgjande parametrar:
Tilfredsheit – er kundane nøgde?
Image – korleis ein blir oppfatta av kundane?
Lojalitet – framtidig åtferd hos kundane. Blir dei eller vil dei skifte pensjonsleverandør?
Aalund analyserer kva parameter som er viktigast for samla tilfredsheit. – Det at vi igjen skårar aller best der det er viktigast å vere best: evne til å setje seg inn i bedrifta sin situasjon, rådgjeving av beslutningstakar, generell service ovanfor beslutningstakar og oppfølging av førespurnader, viser slagkrafta vi har når vi alle drar i same retning i SpareBank 1 Alliansen, seier Wenche Seljeseth, adm. dir. i SpareBank 1 Forsikring.