Tips og råd
Eigen pensjonskonto
Eigen pensjonskonto er ein konto der all pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar blir samla.
Ønsker du ein av marknaden sine beste avkastningar? Då bør du flytte pensjonen din til oss.
Eigen pensjonskonto er ein konto der all pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar blir samla.
Ønsker du ein av marknaden sine beste avkastningar? Då bør du flytte pensjonen din til oss.
Ikkje kunde i banken? Flytt pensjonen din her
Jobbar du i ei privat bedrift med innskotspensjon får du automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din sparer til pensjon. På denne kontoen samlar pensjon frå
Eigen pensjonskonto blir oppretta heilt automatisk hos din arbeidsgjevar sitt pensjonsselskap. Dersom jobben din har innskotspensjon hos oss, får du eigen pensjonskonto her i SpareBank 1.
Ikkje kunde i banken? Sjå pensjonen din her
Pensjon er langsiktig sparing, og vi er stolte over å vere blant selskapa med best avkastning i våre spareprofilar som er aktivt forvalta.
Sjå korleis vi gjer det mot resten av marknaden
Grafen viser samla historisk avkastning frå 01.01.2001 - 01.01.2023 på vår spareprofil SpareBank 1 Aksjer - før omkostningar. Alle omkostningar er betalte av arbeidsgjevar (gjeld aktiv kapital etter innføring av eigen pensjonskonto).
SpareBank 1 Aksjer består av aksjefond og profilen sin referanseindeks*.
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkastning vil blant anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltar sin kompetanse, risiko og omkostningar. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap.
* Ein referanseindeks består av éin eller fleire indeksar som veljast ut ifrå ei samansetjing av aksjar det er rimeleg å samanlikne med og gjenspeglar aktuell marknadsavkastning. Profilen sin referanseindeks består av følgjande indeksar: MSCI World (Aksjeindeks utvikla land global): 80 % og OSEBX (Norsk aksjeindeks): 20 %.
Alderstilpassa spareprofil gjer det enkelt for deg. Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond* blir auka. Då har du større sjanse for god avkastning når du er ung, samtidig som gevinsten blir sikra når du nærmar deg pensjonsalder.
Nedtrappinga av risiko startar automatisk når du har blitt 40 år og varer fram til du fyller 67 år.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,48 - 0,80 % av saldo
Odin: 0,48 - 0,80 % av saldo
*Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggheit, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine setjast saman av renter.
Rentefond bestar av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,40 % av saldo
Odin: 0,40 % av saldo
Spareprofilen forsiktig passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønskjer låg risiko. Pengane dine fordelast med 25 prosent aksjar og 75 prosent renter.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,50 % av saldo
Odin: 0,90 % av saldo
Spareprofilen moderat passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko. Pengane dine fordelast med halvparten i aksjar og halvparten i renter. Du kan velje nedtrapping av aksjeandel som startar 10 år før pensjonsalder.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,60 % av saldo
Odin: 0,90 % av saldo
Spareprofilen offensiv passar for deg som er opptatt av avkasting og er villig til å ta ein del risiko. Pengane dine plasserast med 75 prosent i aksjar og 25 prosent i renter. Du kan velje nedtrapping av aksjeandel som startar 10 år før pensjonsalder.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,70 % av saldo
Odin: 0,70 % av saldo
Spareprofilen aksjar er for deg som er opptatt av høg avkasting, og som er villig til å ta høg risiko. Det betyr at pengane dine berre blir sett saman av aksjar. Du kan velje nedtrapping av aksjeandel som startar 10 år før pensjonsalder.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerka: 0,40 % av saldo
Indeks: 0,40 % av saldo
Aktiv: 0,80 % av saldo
Odin: 0,80 % av saldo
Fritt fondsval passar for deg som ønsker å setje saman din eigen profil med ulike aksje- og rentefond*.
*Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Forvaltning | Aktiv: | Odin | Svanemerka | Indeks |
Renter | 0,40 % | 0,40 % | 0,40 % | 0,40 % |
Forsiktig | 0,50 % | 0,50 % | 0,40 % | 0,40 % |
Moderat | 0,60 % | 0,60 % | 0,40 % | 0,40 % |
Offensiv | 0,70 % | 0,70 % | 0,40 % | 0,40 % |
Aksjar | 0,80 % | 0,80 % | 0,40 % | 0,40 % |
Fritt fondsval | 0,18-2 % | 0,18-2 % | 0,18-2 % | 0,18-2 % |
Alderstilpassa | 0,48-0,80 % | 0,48-0,80 % | 0,40 % | 0,40 % |
Administrasjonsgebyret er på 0,1 % av saldo.
Her finn du informasjon om spareprofilane og historisk avkasting.
Du kan laste ned fullstendig vilkår og viktig informasjon om eigen pensjonskonto under.
Tidlegare opptent pensjon som er slått saman i eigen pensjonskonto vil ikkje kunne delast opp igjen.
Vi har ikkje innsyn i spareprofilen du har i di noverande pensjonsavtale. Spareprofilen du vel og kostnader kan difor avvike frå denne. Informasjon om avtalen din finn du på norskpensjon.no.
Eigen pensjonskonto er ein lovbestemt konto. Her får du samla all innskotspensjon frå arbeidsgjevarar.
Ein pensjonssparekonto er ein konto der du sjølv sparer ekstra til pensjonen din. Pengane plasserast i fond. Det er alderen din som avgjer andelen aksjar i fondet. Viss du vil endre spareprofil kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken etter at avtalen er oppretta.
Pensjonen din blir samla automatisk i eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din har innskotspensjon.
Informasjon om avtalen du har i dag finn du på norskpensjon.no.
Dette er også eit alternativ for deg som allereie har eigen pensjonskonto hos oss, og som ønsker fleire investeringsmoglegheiter enn det arbeidsgjevar har i sin avtale.
Alle som jobbar i ei bedrift med innskotspensjon med investeringsval får automatisk eigen pensjonskonto. Eigen pensjonskonto blir oppretta heilt automatisk hos din arbeidsgjever sitt pensjonsselskap.
Eigen pensjonskontoer ein konto der all pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar blir samla.
Vel du å flytte eigen pensjonskonto til oss kan du oppleve at sjølve flytteprosessen kan ta noko tid. Det kan ta opptil 30 verkedagar før flyttinga er gjennomført. Du kan heile tida sjå flyttestatus i mobilbanken eller nettbanken, og i pensjonsoversikta i kundeportalen.
Kva som skjer med eigen pensjonskonto når du byter jobb er avhengig av kva du har valt for eigen pensjonskonto, og kva pensjonsordning den nye arbeidsgjevaren din har.
Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Sjå pensjonsordlista vår der vi forklarer ord og uttrykk på ein enkel måte.
Det skal vere enkelt å ta gode berekraftige val når du skal spare til pensjon. Sparer du til pensjon i SpareBank 1 Forsikring, kan du vere trygg på at berekraft er godt ivaretatt.
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium