Kva skjer med eigen pensjonskonto når eg byter jobb?

Kva som skjer med eigen pensjonskonto når du byter jobb er avhengig av kva du har valt for eigen pensjonskonto, og kva pensjonsordning den nye arbeidsgjevaren din har. 

Her ser du tre ulike løysingar for eigen pensjonskonto når du byter jobb. 
  1. Byter du jobb får du eigen pensjonskonto hos den nye arbeidsgjevaren sitt pensjonsselskap.
  2. Har du valt å flytte eigen pensjonskonto til ditt eige pensjonsselskap, vil også innskotspensjon frå framtidige arbeidsforhold automatisk bli flytta dit.
  3. Byter du jobb til ein arbeidsgjevar som ikkje sparar i innskotspensjon, for eksempel i offentleg sektor, stopper den månadlege sparinga til eigen pensjonskonto og oppsparte pensjonspengar blir overført til eit pensjonskapitalbevis.