Kven betalar for eigen pensjonskonto?

Pensjonen din blir samla automatisk i eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din har innskotspensjon. 

  • Arbeidsgjevaren du har i dag betalar forvaltingskostnadane for pensjonen du opptener no. 
  • Arbeidsgjevaren betalar ikkje for pensjonen du har opptent i tidlegare jobbar, med mindre den har opna for det.
     
Har du sjølv valt å flytte eigen pensjonskonto til oss?
  • Det kostar ingen ting å flytte din eigen pensjonskonto.
  • Når du har innskotspensjon gjennom jobben er det arbeidsgjevar som betalar kostnadene for pensjonen du opptener no.
  • Vel du eit eige pensjonsselskap betalar du desse kostnadene sjølv, men du får ein sum tilbakebetalt ein gong i månaden frå arbeidsgiver.
  • Dette beløpet tilsvarer forvaltningsgebyret arbeidsgivar ville betalt for standard forvaltning (oppstartsprofilen) i arbeidsgivar sitt pensjonsselskap. Du får ikkje kompensasjon for spareverdi frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Tilbakebetalinga kan både vere lågare og høgare enn dei faktiske kostnadane for sparinga di hos det pensjonsselskapet du har valt. Forskjellen vil bli overført eller trekt frå sparesaldoen din. 

Informasjon om avtalen du har i dag finn du på norskpensjon.no.

Dette er også eit alternativ for deg som allereie har eigen pensjonskonto hos oss, og som ønsker fleire investeringsmoglegheiter enn det arbeidsgjevar har i sin avtale.