Kva må eg gjere med pensjonsavtalen om ein tilsett blir sjuk?

De treng ikkje gjere noko før den tilsette har vore sjuk i 12 månader. Viss ein tilsett er sjuk i 12 månader eller meir, må dette meldast i pensjonsportalen. Gå inn på den tilsette og vel Meld sjuk. 


Kva skjer vidare?  

Når ein tilsett er meldt sjuk, kontaktar vi dei for å innhente opplysningar for vidare saksbehandling. Den tilsette må svare på førespurnadene våre før vi kan begynne å behandle saka.