Pensjonsutbetaling
Skal du starte utbetaling av pensjon Du kan starte pensjonsutbetaling når du skal gå av med pensjon, eller du kan ta ut litt medan du framleis er i arbeid.
Skal du starte utbetaling av pensjon Du kan starte pensjonsutbetaling når du skal gå av med pensjon, eller du kan ta ut litt medan du framleis er i arbeid.
Det er ikkje alltid lett å vite kva som lønner seg når du skal gå av med pensjon. Her har vi samla svar på nokre ofte stilte spørsmål som kan hjelpe deg å ta eit godt val.
Dei aller fleste arbeidstakarar kan starte utbetaling av pensjonen sin frå dagen ein fyller 62 år. Folketrygd, offentleg tenestepensjon og obligatoriske tenestepensjonar (OTP) frå private verksemder tilbyr heil eller gradert uttak frå 62 år. Men hugs at ein tidleg start av pensjonsutbetalinga som regel vil gje mindre utbetalt i årleg pensjon.
Kva rekkefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønskjer å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må difor sjåast på som generelle og rettleiiande. Det viktigaste er at du skaffar deg oversikt over din pensjon, vurderer kva som er viktig for deg og legge ein plan for din pensjonstilværsle. Vi vil på eit generell plan anbefale følgjande rekkefølge.
1: Avtalefestet pensjon (AFP)
Dersom du har ein avtalefestet pensjon (AFP) i privat sektor kan det lønne seg å ta ut den fyrst ettersom dette er ei livsvarig utbetalingsavtale. Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefestet pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygden med minst 20 prosent. Du har moglegheita til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalingen av din avtalefestet pensjon (AFP).
2: Alderspensjon frå folketrygden/NAV
Etter å ha starta avtalefestet pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på din alderspensjon frå folketrygden. Denne betalast ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
3: Fripolise og Ytelsespensjon
Dersom du sluttar i jobben eller byter arbeidsgjevar vert ytelsespensjonen din gjort om til ein fripolise, desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefestet pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygden, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ein ytelsesordning. Dersom du døyr før pengarne er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
4: Hybridpensjon og pensjonsbevis
Pensjonsbevis er en hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar. Etterlatte vil heller ikkje arve pengane frå ein hybridordning. Dersom du dør før pengane er utbetalte vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ein ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
[5] Innskuddspensjon, pensjonskapitalbevis og eigen sparing
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskuddspensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar og er, saman med eigen sparing, avtalene du bør vente lengst med å ta ut. Årsaka til dette er at dersom du dør før pengane er utbetalte vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalene som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan difor vere ein fordel å vente med desse.
Pensjon frå folketrygda, offentleg tenestepensjon og obligatorisk tenestepensjon frå private verksemder blir skatta som pensjonsinntekt. Den er tilnærma lik den du betaler som lønnsmottakar, men med lågare trygdeavgifter. Det er den samla inntekta di som avgjer kva du vil måtte betale i skatt på pensjon. Du kan lese meir om skattereglar for pensjonistar hos Skatteetaten.
Kor mykje du kjem til å få i pensjon er påverka av mange forhold gjennom livet. Val av arbeidsgjevar, tal jobbskifte, lønn, pensjonsalder, tal barn, år i deltid og permisjonar påverkar kor mykje pensjonspengar du har den dagen du går av med pensjon. Snart pensjonist? Sjå våre råd til deg her.
Din pensjonsutbetaling vil bestå av tre delar. Ein del frå folketrygda, ein del frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar, og den delen du har spart sjølv.
Frå folketrygda (NAV)
Kvart år setjast det av eit beløp av løna di til pensjonssparing. For dei fleste av oss utgjer det ca. halvparten av det vi har i løn.
Lån frå arbeidsgjevar?
Arbeidsgjevar sparer minst 2 % av løna di i pensjon, beløpet trekkast ikkje frå løna. Beløpet utbetalast først når du pensjonerer deg. Offentleg tilsette har som oftast ein tenestepensjon som saman med pensjonssparing frå folketrygda utgjer 66 % av løna.
Eigen sparing
Erfaringane våre tilseier at dei fleste ønsker 80 % eller meir av løna som pensjonist. For å få til dette må du òg spare litt sjølv.
Kvar år setjast det av eit beløp som tilsvarar 18,1 % av løna di i ei pensjonsbehaldning. Av dette betalar du sjølv ein del i trygdeavgift, arbeidsgjevar betalar arbeidsgjevaravgift og staten betalar resten. Jo fleire år du jobbar, jo større blir pensjonen frå staten eller folketrygda. Pensjon fordelast på tal år du forventar å leve. Pensjonerer du deg tidleg blir det fleire år å fordele pensjonen på og dermed mindre utbetalt kvart år. Du finn ein oversikt over kva du får utbetalt på nav.no. Det er berre inntekt under 7,1G som staten set av pensjon til.
I det private finst det tre typar pensjonsordningar, og det er arbeidsgjevar som bestemmer kva ordning du får. Det må minst vere ein innskotspensjon på 2% av løna. Det er dette som kallast Obligatorisk tenestepensjon eller OTP. Tilsette i stat, fylke og kommune har som hovudregel ein offentleg tenestepensjon som saman med alderspensjon utgjer 66% av løna.
Innskotspensjon. Arbeidsgjevar sparer ein fastsett prosent av løna di. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Du bestemmer sjølv kor høg risiko du vil ha på sparinga. Når du sluttar får du eit pensjonskapitalbevis.
Ytelsespensjon: Arbeidsgjevar betalar for at du skal få ein garantert fast utbetaling. Når du sluttar får du ein fripolise.
Hybridpensjon Arbeidsgjevar sparer ein fast prosent av løna di, og du får ein garantert fast utbetaling. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Når du sluttar får du eit pensjonsbevis.
Utbetaling av pensjon varierer frå type avtale og kor avtalen er plassert, men dei fleste pensjonsleverandørane utbetalar pensjonen innan den 20. i månaden. Nokre pensjonsleverandørar vel å betale ut tidlegare i desember.
Kva som skjer med pensjonen din etter dødsfall er avhengig av kva pensjonsavtale du har. Her er ein forenkla oversikt over reglane på dei vanlegaste produkta. For å få fullstendig oversikt må du lese i forsikringsbevisa og forsikringsvilkåra for avtalen.
Innkotspensjon og pensjonskapitalbevis (PKB)
Dersom du har ein innskotspensjonsavtale gjennom din arbeidsgjevar vil verdien av avtalen gå til dine etterlatne. Saldoen vil først bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årleg utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resterande saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Ytelsespensjon, hybridpensjon, pensjonsbevis og fripolise
Verdiane på desse produkta vil tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
IPA
Saldo blir utbetalt til den/dei som du har registrert som begunstiga. Viss ikkje det er registrert begunstiga går saldo til andre kundar med same avtale som deg, det såkalla forsikringskollektivet.
Pensjonssparekonto og Fondskonto
Pensjonssparekonto og fondskonto blir utbetalt til begunstiga. Viss det ikkje finst begunstiga blir forsikringssummen utbetalt til ektefelle, deretter arvingar etter arvelova eller testament.
Individuell pensjonssparing (IPS) og LOfavør Pensjon
Saldoen vil bli brukt som “barnepensjon” til barn under 21 år. Dersom saldoen er større enn det som trengst for å sikre barn ei årlig utbetaling lik grunnbeløpet i folketrygda (G) fram til dei er 21 år, blir resten av saldoen brukt til å sikre etterlattepensjon til ektefelle, sambuar eller registrert partner i minst ti år. Resten av saldo vil bli utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbu.
Avtalefesta pensjon (AFP)
Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor er ein livsvarig utbetalingsavtale. Når du døyr vil verdiane på avtalen tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
Folketrygda
Folketrygda er ingen sparing i tradisjonell forstand, men for kvart år du arbeider opparbeider du deg ein pensjonsrett. Denne utgjer 18,1 prosent av inntekta di opp til 7,1 G. (G) betyr grunnbeløpet i folketrygda. Dersom du døyr opphøyrer folketrygda. Det blir ikkje utbetalt arv på desse pengane. Dersom du ønsker å lese meir om folketrygda kan du gjere det på NAV sine heimesider.
Nokre er fast bestemt på å gå av med pensjon ved 62 år, nokre ønskjer seg ein gradvis nedtrapping på tampen av arbeidslivet, og nokre kan slett ikkje tenkje seg å pensjonere seg før dei blir bedd om det. Kva som er best for deg må du vurdere sjølv.
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium