Sjølvstendig næringsdrivande
Slik kan du spare til pensjon
Å spare til pensjon er å sette av lønn til deg sjølv i framtida. Som sjølvstendig næringsdrivande kan du velje mellom mange sparealternativ.
Vi hjelper deg med å finne sparemåten som passar for deg.
Eg tener under 840.000 og vil spare mykje
Ønsker du å spare meir enn 15.000 kroner i året, kan det vere lurt å spare privat gjennom ein pensjonssparekonto.
Pensjonssparekonto
Dette sparealternativet har fleire fordeler:
Så mykje du vil, og så ofte du vil.
Pengane er ikkje bundne, og du kan ta ut heile eller delar av sparebeløpet når du vil.
Du kan sjølv velje korleis du vil fordele sparinga mellom aksje- og rentefond, og om du vil vere forsiktig eller offensiv når du sparar.
Når du tar ut pengar frå pensjonssparekontoen din, må du betale skatt for avkastinga på rentene med 22 prosent og avkastinga på aksjar med 37,84 prosent (2023).
Aksjedelen på pensjonssparekontoen får likevel eit årleg frådrag (skjermingsfrådrag), som betyr at delar av avkastinga du tar ut blir skattefritt.
Viss du tener meir enn 842.202 kroner (7,1 G), er det lurt å spare gjennom bedrifta di. Eit godt val her kan vere innskotpensjon for sjølvstendig næringsdrivande.
Innskotpensjon for sjølvstendig næringsdrivande
Dette sparealternativet har fleire fordeler:
Du kan spare opp til 7 prosent av lønna di mellom 0 og 12 G.
Du får skattefordel for innskot og kostnader knytt til sparinga.
Skulle du bli ufør, har innskotpensjon ei forsikring som dekker sparinga for deg medan du er ufør.
I tillegg kan du kjøpe forsikringar som dekker årleg pensjon ved uføre, og pensjon til ektefelle, sambuar og barn viss du døyr.
Du kan samle pensjon frå tidlegare arbeidsgjevarar på éin stad.
Sjølv om denne pensjonssparinga passar for lønnsnivået ditt, kan det vere lurt å spare litt ekstra i ein privat pensjonsavtale. Det kan du gjere i både individuell pensjonssparing (IPS) og ein pensjonssparekonto.
Ja, det er mogleg for sjølvstendig næringsdrivande å spare til pensjon, men det er ikkje lovpålagt. Du kan spare frå 2 til 7 prosent av brutto personinntekt mellom 0 og 12 G. Du kan få skattefradrag for inntil 50 prosent av det du betaler.
Du kan òg knytte til uførepensjon, ektefellepensjon eller sambuarpensjon og barnepensjon.
Dersom du som sjølvstendig næringsdrivande har ein innskotspensjonsavtale hos oss, kan du også få tilleggssparing med lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto hos oss.
Kor mykje du kjem til å få i pensjon er påverka av mange forhold gjennom livet. Val av arbeidsgjevar, tal jobbskifte, lønn, pensjonsalder, tal barn, år i deltid og permisjonar påverkar kor mykje pensjonspengar du har den dagen du går av med pensjon. Snart pensjonist? Sjå våre råd til deg her.
Når du sparer i pensjonssparekonto blir pengane dine plassert i fond. Når du har Alderstilpassa profil er det alderen din som avgjer andelen aksjar og renter i sparinga. Viss du vil endre spareprofil kan du gjere det i mobil- eller nettbank etter at avtalen er oppretta.
Du får igjen ti prosent av det du sparer på skatten. Sparer du maksbeløpet på 15.000 kroner vil du få 3.300 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du til ei kvar tid har ståande ikkje er gjenstand for formueskattlegging. Det er først ved uttak av sparinga du blir skattelagt – og då med ei gunstig skattelegging som er alminneleg inntekt.
Du kan spare inntil 15.000 kroner i året med IPS (Pensjonssparing med skattefordel). Minste månadlege sparebeløp er 300 kroner og minste eingongsinnskot er 1.000 kroner. Du bestemmer sjølv kor mykje du ønskjer å spare, samt om det skal skje via månadleg sparebeløp og/eller eingongsinnbetalingar.
Innskotspensjon er den vanlegaste måten for bedrifter å spare til pensjon for sine tilsette. Om du er tilsette i ei bedrift som har innskotspensjon betyr det at bedrifta set av ein prosentsats av løna di til pensjon. Her kan du lese meir om innskotspensjon som pensjonsordning.
Storleiken på din framtidige alderspensjon avhenger av kor mykje som sparast, kor lenge det sparast, avkastinga og lengda på utbetalingsperioden.
Det er arbeidsgjevaren din som bestemmer korleis første innskot skal investerast. Når sparinga er i gang kan du sjølv velje mellom dei investeringsvala og spareprofilane arbeidsgjevaren har opna for. Dette kan du gjere under pensjonsområdet i mobilbanken og nettbanken, eller i pensjonsportalen.
Ønsker du fleire investeringsmoglegheiter enn arbeidsgjevaren din har ope for, kan du velje oss som sjølvvalt leverandør for eigen pensjonskonto. Då vil du få moglegheit til å velje fritt blant investeringsalternativa våre.
Eigen pensjonskonto
På eigen pensjonskonto får du samla all innskotspensjon du har opparbeidd deg frå du byrja å jobbe. Du får automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din har innskotspensjon. Hvis jobben din ikkje har innskotspensjon hos oss, kan du flytte den hit. Les meir om eigen pensjonskonto
Pensjonssparekonto er fleksibel sparing til pensjon. Pengane er ikkje låst fram til ein bestemt alder, og du kan når som helst ta ut heile eller delar av saldoen utan at det kostar deg noko. Pensjonssparekonto kan kjøpast av deg mellom 18 og 65 år. Pengane vert utbetalt frå du er 67 år og i 10 år, men dette kan du endre dersom du ønsker.
Når du startar sparing i pensjonssparekonto plasserast pengane dine i Alderstilpassa profil. Der justerast aksjeandelen i forhold til kor lenge det er til du skal starte utbetaling. Dersom du vil endre spareprofil kan du gjere det etter at avtalen er oppretta. Du kan velje mellom spareprofilar med ulik grad av aksjar.
Pensjonssparekontoen inneheld også ein forsikring. Dersom du døyr vil 105 % av pengane på kontoen utbetalast til dine etterlatne. Du kan sjølv bestemme kven du vil at skal få pengane.
Når du sparer hjå oss blir du automatisk eKunde. Det betyr at alle avtaledokumenta dine er tilgjengelege i pensjonsoversikta i mobilbanken og nettbanken.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}