IPS – og er det noko for meg?

IPS - individuell pensjonssparing - er ein smart måte å spare til pensjon og få skattefordelar. Her er det viktigaste du bør vite om IPS og om det passar for deg.

Dame som sparer i fond

Dette er IPS

  • Uavhengig av kor mykje du vel å spare, får du ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet, i form av utsett skatt. Det er fyrst når du begynner å ta ut pengane, du begynner å skatte.
  • Du kan spare opptil 15.000 kroner i året.
  • Du må ikkje betale formuesskatt på det du sparer.
  • Pengane er forbeheldt pensjon. De kan difor takast ut tidlegast ved fylte 62 år.
  • Pengane beskattast som alminnelig inntekt ved uttak (22 % i 2023), og ikkje som pensjonsinntekt.
  • Utbetalinga må skje over minimum 10 år, og minst til fylte 80 år. Det vil seie at om du startar å ta ut pengane når du er 62 år, vil minimum utbetalingstid difor bli 18 år.

Sparing som gir skattefordel

IPS står for individuell pensjonssparing og er eit insentiv frå staten for å hjelpe nordmenn med å spare pengar til pensjonstida. Du bestemmer sjølv kor mykje du vil spare, men du kan spare inntil 15.000 kroner i året. Uavhengig kor mykje du vel å spare får du ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet. Skattefordelen er utsett skatt -  for det er fyrst når du skal å ta ut pengane, du skatter. Du skattar som ved alminneleg inntekt, som i 2023 er 22 %. 

– Dette er ei svært god spareordning for pensjon. Det er mange år sidan det var så gunstig å spare til pensjon med skattefordel, seier Wenche Seljeseth, leiar av Pensjon i SpareBank 1.

Forbeholdt pensjonstida

Du skatter ikkje av avkastninga medan du sparer og treng heller ikkje betale formueskatt for oppspart beløp, men sidan sparepengane er satt av til pensjonstida, binder du sparepengane dine fram til du fyller 62 år.

– Er du ein som synest det er vanskeleg å spare langsiktig, og som tar litt frå sparekontoen både no og då, er IPS ein gunstig og forutsigbar sparemåte som sikrar at pengane går til det føremålet dei skal, seier Seljeseth og tilføyer:

– Men i og med at pengane er bundne til du er 62 år, er det viktig at du tenker over kva beløp du ønsker å spare.

Spar pengar på å spare

Beløninga frå staten kan sjåast på som eit slags «lån» som må tilbakebetalast når du tar ut pensjonen, men som du har fått avkastning av i alle åra du har spart. På denne måten sparer du pengar på å spare.

Ein annan stor fordel med IPS er at når du byrjar å ta ut pengane, beskattes dei kun som alminnelig inntekt, som i 2023 er 22 %, og ikkje som pensjonsinntekt.

Kven kan opprette IPS?

Pensjonsreformen som kom i 2011, gjer at pensjonen frå folketrygda blir mindre. Dette vil ramme alle av oss, og for å oppretthalde den levestandarden vi er blitt vand med, må vi setje av pengar til pensjon sjølv også.

Alle mellom 18 og 75 år som er skattepliktige i Noreg, kan opprette ein IPS-konto. Seljeseth meiner dette er ei gavepakke for alle som ønskjer å spare til pensjon og som synest det er greitt å binde pengane til pensjonstida.

Det er fleire måtar å spare til pensjonstilværet på. Ofte varierer kva som er den beste spareforma med kva livssituasjon du er i. Ønskjer du for eksempel ikkje å binde pengane dine, som du gjer med IPS, finst det andre pensjonsordningar du kan spare i.

Wenche Seljeseth, leiar for Pensjon i SpareBank 1.

Kvar i livet er du?

Pensjon er pengane du skal leve av i framtida. Å spare smart kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. Vel den livsfasa du er i, så hjelper vi deg i gang.

Ung
For deg mellom 18 og 33 år.
Vaksen
For deg mellom 18 og 33 år.
Godt vaksen
For deg mellom 18 og 33 år.
Snart pensjonist
For deg som er over 62 år
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }