Uførepensjon gjennom jobben

Blir du sjuk eller skada og ikkje kan jobbe som før, vil inntekta di bli redusert. Har du uførepensjon gjennom jobben, gir det deg betre økonomisk tryggleik i ei vanskelig tid.

Har du allereie meldt inn ei sak? Send inn tilleggsopplysningar her.

Dame og mann som snakkar om uførepensjon

Kva er uførepensjon?

Uførepensjon gir deg faste månadlege utbetalingar om du skader deg eller blir for sjuk til å jobbe som før. Uførepensjon kan vere ein del av pensjonsordninga du har gjennom jobben din. Dette kjem i tillegg til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygda frå NAV.

Utbetalinga startar vanlegvis etter 12 månadar som sjukmeldt og varer fram til du blir frisk eller til du er 67 år.

Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring.

Korleis går du fram for å få hjelp?

Når du har vore sjukmeldt i nærare eit år, gjer du følgjande:

  1. Du fyller ut eit skjema for å melde ditt krav om utbetaling. Skjemaet kallast forsikringskrav ved arbeidsuførheit (1.1) og du finn skjemaet her. I same skjema søker du om betalingsfritak slik at pensjonssparinga gjennom jobben held fram som før.
  2. Behandlinga av søknaden kan ta litt tid. Du vil høyre frå oss så snart søknaden er ferdig behandla. 
  3. Lurer du på kva slags forsikringar du har? Logg inn til din pensjonsoversikt, gå til pensjonsavtalen og sjå under inkluderande forsikringar.

Her er nokre ting du må hugse på:

  • Du kan søke om å få uførepensjonen din tidlegast etter ni månadar som sjukmeldt.
  • Har du motteke vedtak frå NAV, kan du legge dette ved søknaden. Det kan gjere saksbehandlingstida raskare. 

Gir ekstra tryggleik

Viss du berre får pengar frå NAV, vil det bety at du mistar minst 1/3 av inntekta di. Då kan det bli vanskeleg å betale faste utgifter, som for eksempel bustadlån.

Har du uførepensjon gjennom jobben, vil noko av den tapte inntekta bli erstatta. Dette gjeld sjølv om du er midlertidig arbeidsufør.

Nedanfor ser du eit eksempel på kor mykje ekstra uførepensjon kan bety per år.

Eksempel på kor mykje uførepensjon kan bety:

Eksempel på kor mykje uførepensjon kan bety:
Lønn - årleg 600 000 800 000 48 000 (8 %)
Uføretrygd
Folketrygda - årleg
396 000 (66 %) 491 151 (61,4 %) 491 151 (49,1 %)
Uførepensjon
Arbeidsgjevar - årleg
49 007 (8,2 %) 91 856 (11,5 %) 229 856 (23,0 %)
Barnetillegg
Arbeidsgjevar - årleg
48 000 (8 %) 59 533 (7,4 %) 59 533 (6,0 %)
Totalsum 493 007 (82,2 %) 642 540 (80,3 %) 780 540 (78,1 %)

 

Eksempelet gjeld maks uførepensjon (100%) med to barn under 18 år og G = 124.028 kroner (1.5.2024).