For deg mellom 50 og 62 år.

Kvifor er pensjon viktig?

Pensjon er nøkkelen til at du skal få eit godt liv som pensjonist. Men folk flest får mindre enn dei forventar. Med andre ord; skal du leve som du gjer i dag, må du spare sjølv. Det er aldri for seint å spare til pensjon.

Dame på sykkel som sparer til pensjon

Få oversikt over pensjonen din

Dei fleste kan forvente å få berre halvparten av dagens løn i samla pensjon frå

og arbeidsgjevar. Her kan du sjekke kor mykje du får utbetalt som pensjonist. 

Min lønn0 krUtforsk sparing+0 krUtforsk sparing0 krFra jobb0 krFra folketrygden0 kr
Din totale årlige pensjon vil bestå av tre deler: ytelser fra folketrygden, penger oppspart av arbeidsgiver og egen sparing
år
kr

Første års utbetaling er beregnet ut fra fast månedlig sparing fra tidligst 18 år og fram til du fyller 67 år

Følgende forutsetninger er lagt til grunn for beregningen:
Produkt: Pensjonssparekonto
Spareprofil: Alderstilpasset
10 års utbetaling fra 67 til 77 år

De fleste kan forvente å få rundt 50 % av lønnen sin i samlet pensjon fra Folketrygden og fra arbeidsgiver.

Råd for din livsfase

Sjekk korleis jobben din sparer til pensjon

Veit du kor god pensjonsordning du har gjennom arbeidsgjevar?

Det er store forskjellar på kor mykje arbeidsgjevarar sparer i pensjon for sine tilsette. Arbeidsgjevar er pliktig til å spare minst 2 % av di årlege løn inntil 12 G (1 G = 124.028). Sparer arbeidsgjevaren din 2 %, har du ei minimumsordning. I dei beste ordningane kan arbeidsgjevar spare 7 % av løna inntil 12 G, pluss inntil 18,1 % ekstra for tilsette med løn over 7,1 G. Beløpet trekkast ikkje frå lønna og utbetalast først når du pensjonerer deg. 

Les meir om pensjon frå arbeidsgjevar

 

Jobbar du i offentleg sektor?

Er du fødd etter 1962, blir pensjonen din berekna etter kor mange år du har jobba i offentleg verksemd før 2020, og kor mange år du jobbar i det offentlege etter 2020. Pensjon som blir tent opp etter 2020 er bestemt av løna år for år ved at det byggast opp ei pensjonsbehaldning på same måte som folketrygda sin alderspensjon. Pensjonsbehaldninga utgjer 5,7 % av samla løn inntil 12 G per år og nyttar same reglar som folketrygda for å berekne kor stor pensjonen blir på uttakstidspunktet.

I tillegg til ordinær offentleg tenestepensjon kan du ha rett til offentleg AFP eller Særalderspensjon.

Les meir om avtalefesta pensjon (AFP)

Dei fleste arbeidsgjevarar sparar til pensjon gjennom ordninga som kallast  innskotspensjon. Då har du også

. Det gjer det enklare for deg å få oversikt over pensjonen din.

Du får automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din sparer til pensjon, men du kan sjølv velje å flytte pensjonen din til ein annan leverandør.

Jobbar du i offentleg sektor eller har hybrid- eller ytelsespensjon, gjeld ikkje eigen pensjonskonto for deg.

Undersøkingar viser at dei fleste ønsker 80 % eller meir av dagens løn, som pensjonist. For å få til dette må du òg spare sjølv. Jo tidlegare du startar privat pensjonssparing, jo betre økonomi får du når du går av med pensjon.

Når du sparer i IPS eller pensjonssparekonto, plasserast pengane dine i fond. Du går gjennom ein sparerettleiar der du blir stilt spørsmål om risikovilja di, spareperiode og berekraftspreferansar. Basert på spørsmåla dine, anbefaler vi deg ein

. Du vel sjølv om du ønsker å følge denne anbefalinga.

Etter at du har oppretta sparinga, står du også fritt til å endre din spareprofil. Dette kan du enkelt gjere sjølv i mobilbanken eller nettbanken.

Pensjonskapitalbevis er eit "bevis" på pensjonspengar du har opparbeidd deg i tidlegare jobbar du har hatt. Beviset vert oppretta kvar gong du sluttar i ei bedrift som har innskotsbasert pensjonsordning og vert samla automatisk på eigen pensjonskonto.

Om eigen pensjonskonto ikkje gjeld for deg og du framleis har fleire pensjonskapitalbevis, kan du samle dei hos oss. Då får du lågare gebyr, betre oversikt og det vert meir i pensjon til deg. 

Drøymer du om å gå av tidleg med pensjon? Reise, gå i fjellet og ta igjen alt du ikkje har hatt tid til medan du har vore i jobb?

Avtalefesta pensjon (AFP) er ei pensjonsordning for deg som er tilsett i privat sektor med avtalefesta pensjon i tariffavtalen. AFP-pensjonen vert utbetalt i tillegg til alderspensjon frå folketrygda og er livsvarig. Tar du ut AFP før 67 år, vil pensjonen vere høgare før 67 år enn etter. Set deg inn i fordelar og ulemper med tidleg uttak før du bestemmer deg for kva som er riktig pensjonsalder for deg. 

Det er viktig å hugse på at nedbetaling av lån òg er ei form for sparing. 

Er det smartast å spare i bustad, bank eller fond? Det kjem an på kor gammal du er, kor stort lån du har, om du har fleire lån og dine planar for framtida. Det viktigaste målet med sparing på lang sikt, er å ha råd til å leve det livet du ønsker deg som pensjonist.

Betale lån eller spare? Sjå våre tips

Derfor er det viktig med riktig pensjonssparing

Alle drøymer vi om å leve godt som pensjonist, men veit du kva du får i pensjon når du blir 67 år? Hos oss kan du sjå informasjon om alle pensjonsavtalane dine – det du får frå staten, frå jobbane dine og det du sparar sjølv.

Kor mykje du kjem til å få i pensjon er påverka av mange forhold gjennom livet. Val av arbeidsgjevar, antal jobbskift, løn, pensjonsalder, antal barn, år i deltid og permisjonar påverkar kor mykje pensjonspengar du har den dagen du går av med pensjon.

Det er viktig at du skaffar deg oversikt over din framtidige pensjon. Sjekk kor mykje du kjem til å få i pensjon, vurder kva som er viktig for deg og legg ein plan for pensjonslivet. 

Pensjonssparing med skattefordel (IPS)

Har du moglegheit til å låse sparepengane fram til pensjonsalder, anbefalar vi IPS. Då får du ein skattefordel i form av utsett skatt på 22 % av beløpet du sparar.

  • Du kan tidlegast starte uttak frå IPS-sparinga di når du fyller 62 år.
  • Utbetalingstida er minimum 10 år, og utbetalingane skal vare til du er minst 80 år.
  • Skattefordel på 22 % av sparebeløpet i form av utsatt skatt. Du kan spare maks 15.000 kroner i året

Pensjonssparekonto

Pensjonssparekonto er for deg som ønsker meir fleksibilitet. Pensjonssparekonto gjer ikkje den same skattefordelen som IPS, men du kan ta ut heile eller delar av sparebeløpet når som helst.

  • Ingen bindingstid, du kan ta ut heile eller delar av sparebeløpet når som helst
  • Du kan spare så mykje du vil.  
  • Saldo inngår i formuesgrunnlaget, men du får ein verdsetjingsrabatt på 25 % av aksjeandelen

Når bør eg ta ut pensjon?

Nokre er fast bestemt på å gå av med pensjon ved 62 år, nokre ønsker seg ein gradvis nedtrapping på tampen av arbeidslivet, og nokre kan slett ikkje tenkje seg å pensjonere seg før dei blir bedd om det. Kva som er best for deg må du sjølv vurdere.

Fordelar med å ta ut pensjonen tidleg

  • Kombinasjonen full løn og full pensjon gir ein økonomisk fridom. 
  • Løysinga kan passe for deg som ønsker å bruke meir pengar medan helsa framleis er god. Tidleg uttak gir større moglegheit for reiser og hygge som ung pensjonist og gir deg betre moglegheit til å sjølv prioritere mellom forbruk og sparing til sein alderdom.
  • Tidleg uttak kan sjåast på som ei forsikring for familien ved tidleg død. Familien arvar den pensjonen som er teke ut, og som ikkje er brukt. 
  • Fullt uttak av alderspensjon i folketrygda utløyser ein skattereduksjon på inntil 30.000 kroner per år.
  • Har du fortsatt gjeld med høg rente som 62-åring, kan det vere ein fordel med tidleg uttak, slik at du kan betale ned mest mogleg av gjelda.

Fordelar med å ta ut pensjonen seinare

  • Du har større behov for pensjonspengane seinare. Dette er veldig viktig å hugse på viss du har låg pensjonsopptening.
  • Det er større avkastning ved å la pengane stå, i staden for å ha dei sjølv. Pensjonsbehaldinga regulerast i takt med grunnbeløpet fram til uttaket startar, altså i takt med samfunnet sin gjennomsnittlege lønnsvekst. Dette er langt over den avkastninga nokon annan risikofri sparing kan tilby. 
  • Om du ikkje har livsarvingar, er det ikkje same behov for tidleg uttak for å sikre arvingane. Då er det isolert sett ein fordel å utsetje uttaket.
  • Du betaler ikkje formuesskatt på pensjon som du ikkje har teke ut. Kombinasjonen av lønn og pensjon gjer høgare skatt i form av auka trinnskatt (toppskatt), ettersom pensjon og lønn blir lagd saman når trinnskatten blir berekna.

Total kontroll i mobilbanken

Korleis står det eigentleg til med den pensjonssparinga? I mobilbanken kan du enkelt sjå kor mykee du bør spare for å få den pensjonen du vil ha når du blir pensjonist.

  • Spar enkelt til pensjon
  • Full oversikt.
  • Få pensjonsoversikta di, både frå jobben og di private sparing.
  • Følg med på utviklinga av sparinga di, om du vil. 

Ikkje mellom 50 og 62 år?

Vel din alder nedenfor og få tips og råd om smart pensjonssparing.

Ung

For deg under 34 år

Vaksen

For deg mellom 34 og 50 år.

Snart pensjonist

For deg som er over 62 år

 

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?

Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

 

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?

Her finn du informasjon og kan starte utbetaling


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no