Nedanfor har vi sett opp ei alfabetisk ordliste med forsikringsord og søkeord. Kanskje kan den hjelpe deg med å finne svar på spørsmålet du har om forsikring?
Finn forsikring | Ordliste | A-Å
Ønsker du å finne prisen på ei forsikring? Prøv forsikringskalkulatoren vår.
A
Du har ubetinga angrerett på både skadeforsikringar og på personforsikringar. Angrefristen er 14 dagar for skadeforsikringar og 30 dagar for personforsikringar.
Les meir om angrerett og angrefrist
Har du vert uheldig og vorte ansvarleg for skade på nokon eller tinga deira?
Dei fleste skadeforsikringane våre dekker ansvar. Det vil seie at viss du blir ansvarleg for ein skade og får eit erstatningskrav kan forsikringa dekke både mekling, rettshjelp og sjølve erstatningskravet.
Les meir om..
Arbeidsløyseforsikring er gjerne det som blir forbunde med betalingsforsikring for bustadlån. Altså ei forsikring som dekker nedbetaling av bustadlånet i perioden etter oppseiing eller i perioden du er sjuk eller permittert.
Vi tilbyr dessverre ikkje ei slik arbeidsløyseforsikring. Men vi kan tilby deg å kjøpe betalingsforsikring for køyretøy.
Med barneforsikringa vår får barnet ditt låne ein AV1-robot ved langtidssjukdom. AV1 er ein liten personlig robot som blir med i klasserommet og i sosiale samanhengar, slik at barnet ditt ikkje går glipp av noko.
Les meir om AV1-roboten.
Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar som er dekte av forsikringa.
Sjå «Forsikringsavtale»
B
Kva dekker reiseforsikringa viss..
Sjå «Forsikringsbevis»
Bilbonusen er eit rabattsystem som gir deg lågare pris på forsikringa kvart år du køyrer skadefritt, og gjeld både for bil, bubil, mc, firmabil, lastebil og buss. Er du skuld i skade får du bonustap.
Les meir om bonus
Tidlegare blei forsikringsselskapa gjerne kalla brannkassar. Så ein kan seie at brannforsikring er sjølve grunnstammen blant risikoane du kan forsikre deg mot. Brannforsikring er inkludert i alle våre skadeforsikringar.
C
"Caravan" refererer gjerne til hus/telt på hjul, og kan ofte forståast som eit samlebegrep for campingvogn, bubil og combicamp/camp let.
Les meir om forsikring av campingvogn og bubil.
Med ei cyberforsikring får bedrifta mellom anna hjelp frå IT-ekspertar ved angrep frå hackar, virus eller annan datakriminalitet.
D
Eit norsk d-nummer er eit unikt identitetsnummer som ofte er aktuelt for deg som har ei mellombels tilknyting til Norge.
Ønsker du å kjøpe skadeforsikringar med d-nummer?
Delkasko (òg kalla minikasko) er ei forsikring som dekker brann, tjuveri, innbrot, veghjelp og glasskade, i tillegg til det den lovpålagte ansvarsforsikringa dekker.
Dobbeltforsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klar over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.
les meir om dobbeltforsikring og korleis du unngår dette
E
Eigenandel er det beløpet du må betale sjølv, når du brukar forsikringa di. Jo høgare eigenandel du vel når du kjøper forsikringa, jo billegare blir forsikringa. Dei fleste sparer på å velje ein høgare eigenandel, sidan det som regel er fleire år mellom kvar gong du må bruke forsikringa.
Les meir om eigenandelane
Reiseforsikringa dekker ulykke ved visse typar ekstremsport og andre risiko-aktivitetar, som er ein typisk eingangsaktivitet i samband med ein ferie- og fritidsreise.
Viss du skulle vere uheldig å køyre på ein elg eller eit anna dyr, vil personskader alltid bli dekt av bilforsikringa. Har du fått skader på eigen bil, må du ha minimum kasko eller toppkasko bilforsikring for å vere dekt for skadane etter viltpåkøyring.
Les meir om vilpåkjørsel og kva du skal gjere ved ulykke
Ønsker du å sende oss ein e-post? Det er oss i banken du kontaktar, enten det gjeld spørsmål om forsikring, endringar, kjøp eller oppseiing. Hugs at du raskare får svar viss du ringer oss eller bruker chat.
Treng du å sende ein e-post til Fremtind om ei pågåande skadesak, kan du logge inn til skadesaka di og finne kontaktinformasjon til skadebehandlaren din.
F
Det er oss i banken du kontaktar når du har spørsmål om fakturaen din frå Fremtind Forsikring, eller ønsker å endre noko på betalinga.
Sjå dei vanlegaste spørsmåla vi får om fakturaen frå Fremtind.
Feilfylling kan skje alle. Det viktigaste du gjer når du har fylt feil drivstoff er å ikkje starte motoren.
Sjå kva du skal gjere ved feilfylling og om du er dekt av forsikring.
Som huseigar er du pliktig til å gjere førebyggande tiltak mot naturskader som er sannsynlege der du bur. Alt som er forsikra mot brann òg forsikra mot naturskade.
Er du på flyttefot? Har du innbuforsikring hos oss kan du vere trygg på at tinga dine er forsikra, også under transport. Les meir om flytteforsikring
Meinte du..
Ein forsikringsavtale er enkelt forklart ein økonomisk avtale mellom deg og forsikringsselskapet – det som oftast berre blir kalla ei forsikring.
Les meir om forsikringsavtale og kvar du finn dine.
Forsikringsbeviset er eit dokument som inneheld informasjon om forsikringa di. Forsikringsbeviset ligg i forsikringsavtalen din.
Les meir om forsikringsbevis er og kvar du finn forsikringsbevisa dine
Ein forsikringsrådgjevar er ein kunderådgjevar som har fordjupa seg i å forstå dei kritiske punkta i livet til deg som kunde. Forsikringsrådgjevaren hjelper deg med alt frå å kjøpe forsikring, spørsmål om faktura og andre ting, endringar i avtalen, til å seie opp forsikringa.
Når du har forsikringar hos oss, er det oss i banken du kontaktar for å snakka med ein forsikringsrådgjevar.
Eit forsikringsoppgjer er erstatninga du får viss du oppfyller vilkåra i forsikringa du bruker. Eit forsikringsoppgjer kan enten vere kontantoppgjer, refusjon, reparasjon eller gjenoppføring.
Les meir om forsikringsoppgjer
Forsikringssum er den summen du får utbetalt viss det skjer noko som forsikringa di dekker. Forsikringssummen må ikkje forvekslast med forsikringspremien, som er prisen du betaler for forsikringa.
Har du komme for seint til fly, tog eller annan transport du har betalt for, eller er avgangen din forseinka/kansellert?
Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring. I motsetning til mange andre forsikringsselskap så sit forsikringsrådgjevarane for Fremtind Forsikring i bankane. Det er altså oss i banken du kontaktar, og ikkje Fremtind direkte. Forsikringsrådgjevarane i banken hjelper deg med alt frå:
- kjøp
- rådgjeving
- oppseiing
- endringar
- faktura og betaling
Skal du melde ei sak/skade kan du kontakte Fremtind. Har du ei pågåande sak kan du logge inn til «mine skadesaker» og sjå status og kontaktinformasjon til skadebehandlaren din.
Fullverdiforsikring er ei forsikringsform som blir brukt på bygningar. Har du eit fullverdiforsikret hus eller hytte betyr det at du til kvar tid er forsikra for eit beløp som dekker kostnadene ved å bygge eit tilsvarande hus eller hytte.
Har du helseforsikring gjennom jobben kan du vere dekt for fysioterapi, naprapat, manuellterapeut og kiropraktor.
Følgeskader er skader som oppstår på grunn av ein annan skade.
Tenk deg at du skulle vere så uheldig at det byrjar å renne vatn inn gjennom taket, og vatnet frå taket øydelegg parketten i stova i same slengen.
Forsikringsselskapa behandlar dette som to ulike skader: Taket som ikkje er tett er den eigentlege skaden, medan den øydelagde parketten er ein såkalla følgeskade. Parketten blei med andre ord øydelagt fordi taket blei øydelagt fyrst.
Les meir om følgeskader
Førsterisiko er ei forsikringsform som inneber at du sjølv vel forsikringssummen på det du forsikrar. Det betyr at erstatninga er avgrensa til summen som står i forsikringsavtalen.
Ved skade vil du aldri få erstatta meir enn forsikringssummen, sjølv om verdien på det du forsikra kan ha auka i mellomtida.
G
Har du fått glasskade eller steinsprut er det ingen eigenandel viss ruta kan reparerast. Viss glasruta må skiftast ut med ei heilt ny rute må du betale eigenandel.
Gjeldsforsikring er det same som livsforsikring, som gir utbetaling til etterlatne ved død. Men det finst også forsikringar som sikrar deg ved arbeidsløyse, permisjon og sjukdom.
Les meir om gjeldsforsikringar
Ein gravidforsikring er ei forsikring som gir utbetaling viss det skulle skje noko med barnet ditt under og rett etter graviditeten. Vi tilbyr ikkje gravidforsikring.
Kan eg fly og reise når eg er gravid? Og dekker reiseforsikringa avbestilling viss noko skjer?
Grunnbeløpet er beløpet alle ytingar i folketrygda blir rekna ut frå. Grunnbeløpet blir òg brukt til å rekne ut løpande utbetalingar i samband med private pensjonsytingar og forsikringar, som til dømes uførepensjon, uføredekninga i barneforsikringa og ménerstatninga i yrkesskadeforsikringa.
Grønt kort er eit internasjonalt forsikringsbevis som viser at du har gyldig ansvarsforsikring på bilen. Viss du skal ha med deg bilen til utlandet, anbefaler vi at du har med deg Grønt kort.
H
Når du kjøper ei personforsikring er det lovpålagt å levere helseopplysningar. Det gjer du ved å svare ærleg på alle spørsmåla i helseerklæringsskjemaet.
Europeisk helsetrygdkort er eit gratis kortbevis for alle som er medlem av folketrygda i Norge. Helsetrygdkortet gir rett til nødvendig medisinsk behandling ved offentlege helsevesen i EØS-land (inkludert Storbritannia og Sveits) når du er ute på reise, eller studerer.
Hovudforfall er den datoen forsikringsavtalane dine blir fornya, og er ein gong i året.
Når du kjøper ei forsikring så er dette i hovudsak ein årsavtale. Det betyr ikkje nødvendigvis at du er bunden til avtalen i eit år. Du kan sei opp ei løpande forsikring viss behovet forandrar seg eller viss du flyttar forsikringa til eit anna selskap. Forsikringsavtalen blir fornya automatisk når det har gått eit år, på hovudforfallsdatoen.
Sjå «Ansvar»
Har du hus-, hytte- og bustadbygningsforsikring hos oss kan du oppgradere med tilleggsforsikring for hussopp, råte og insekt. Forsikring dekker skader som har oppstått ved råte, hussopp eller insekt som øydelegg bygningen.
Har du toppdekninga for hus- eller hytteforsikring dekker forsikringa følgeskader etter handverkarfeil viss skaden oppstår innan 10 år etter at arbeidet blei utført.
I
"Idiotforsikring" er eit anna namn for uhellsforsikring eller uflaksforsikring.
Definisjonen på innbu og lausøre er gjenstandar som ikkje er ein del av den faste eigedomen. Innbu og lausøre inkluderer ting du eig og brukar heime, og som du vanlegvis tek med deg når du flyttar. Du kan tenke på innbu som dei tinga som fell ut viss du snur huset ditt på hovudet.
Les meir om innbu og lausøyre
Har du hatt..
Det finst fleire måtar å forsikre inntekta di. Eit døme er uføreforsikring, som sikrar inntekta di viss du skulle bli ufør og heilt eller delvis ikkje kan jobbe.
Les meir og sjå andre typar inntektsforsikringar
IPID står for «Insurance Product Information Document», og er eit forenkla og standardisert informasjonsdokument. Det skal gje deg som kunde relevant og brukarvennleg informasjon om forsikringsproduktet.
Vi har laga eigne IPID-dokumenter for alle forsikringane våre.
J
Jacuzzi, basseng, boblebad og badestamp som står laust og ikkje er tilknytta bygning med fast røyropplegg, blir dekt av innbuforsikringa. Viss den er tilknytta huset eller hytta er den dekt av bygningsforsikringa.
K
Har du ein kajakk eller kano kan denne blir forsikra med båtforsikring. Både kajakken og kanoen din kan òg vere delvis dekt av innbuforsikringa og reiseforsikringa di, avhengig av kva som har skjedd og kvar det har skjedd.
Kasko er vår nest beste bilforsikring. Har du ein bil du ikkje greier deg utan, anbefalar vi deg å velje kasko. Les meir om kasko.
Bør eg velje kasko eller delkasko?
Sjå «Fysioterapeut»
Køyrelengda er den distansen du tilbakelegg med køyretøyet i løpet av eit år. Køyrer du meir eller mindre enn planlagt kan du justere dette undervegs.
Les meir om køyrelengde
Det er viktig at du er fornøgd med å vere kunde hos oss. Viss noko ikkje er som det skal, set vi pris på at du fortel det til oss.
Les meir om korleis du klagar
Ei kollektiv forsikring er forsikring for ei gruppe personar som høyrer til i ein medlemsorganisasjon, bedrift eller eit forbund. Denne gruppa blir forsikra på same forsikringsavtale og på like forsikringsvilkår.
LOfavør Kollektiv Hjem heiter no LOfavør Innbuforsikring. Dette er ei kollektiv forsikring du har inkludert i medlemskapet ditt. Den dekker tinga du har på di folkeregistrerte adresse.
Les meir og sjå historia bak det som tidlegare heitte «LOfavør Kollektiv Hjem».
Eg har krasja bilen. Kva gjer eg?
Når bilen blir kondemnert/vraka og blir levert til ein godkjendt biloppsamlingsplass, skjer det meste automatisk etter dette. Hugs å la skilta følge køyretøyet til vraking eller lever inn skilta på ein trafikkstasjon for makulering, så dei ikkje blir misbrukt.
Les meir om kva som kjer viss du kondemnerer bilen din
1 av 3 i Norge får kreft i løpet av livet. Ei kreftforsikring gjer deg ikkje frisk, men den kan bidra til å gjere ein vanskeleg situasjon lettare. Våre personforsikringar kan gi deg behandling og utbetalingar ved kreft.
Står du fast i kryssordet?
Kan ein av desse synonyma til forsikring vere løysinga i kryssordet?
L
Viss du mellombels avregistrerer køyretøyet ditt, vil forsikringa automatisk gå over til ei lagringsforsikring. Då slepp du også å betale Trafikkforsikringsavgift.
Du kan også kjøpe lagringsforsikring viss du allereie har eit uregistrert køyretøy.
Les meir om
Har du vore uheldig og fått lakkskade, er du dekt av både kasko og toppkasko. Er du sjølv skuld eller ikkje veit kven som har skuld må du betale eigenandel ved bruk av forsikringa. Bruker du forsikringa på lakkskaden vil det òg medføre bonustap, med mindre det er ein parkeringsskade.
Les meir om lakkskader
Når du leasar eit køyretøy, krev leasingselskapet at du minimum har forsikra køyretøyet dykkar med kasko. Men det er òg eit par andre forskjellar samanlikna med å eige køyretøyet sjølv.
Les meir om leasing og forsikring
Skal du på ferie og lurer på om du treng eiga forsikring på leigebilen? Eller lurer du på om du kan få leigebil medan bilen er på verkstad?
Her er svara på spørsmåla rundt forsikring og leigebil.
Ein leigetakar vert ikkje rekna som eit fast medlem av ein husstand og er ikkje dekt av utleigar si innbuforsikring. Utleigar og leigetakar må ha kvar si innbuforsikring for å vere dekt.
For at vi skal gi deg eit tilbod og ein pris på lett mc-forsikring, treng vi litt informasjon om lettmotorsykkelen din.
Både bygnings- og innbuforsikringane dekker skader etter lynnedslag.
Sjå «Innbu»
M
For bilar og båtar under 10 år har du maskinskadeforsikring inkludert i toppkasko-dekninga. Då er du mellom anna dekt ved motorhavari og batterihavari.
Les meir om..
Ved varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning.
Du får utbetalt uførepensjon enten du er mellombels ufør eller varig ufør – heilt fram til du blir frisk eller går av med alderspensjon.
Les meir om mellombels uførepensjon
Logg inn til «mi side» for å få oversikt og kontaktinfo, sjå faktura og dokument, sjekke prisar, kjøpe og gjere endringar på forsikringane dine.
Sjå «Delkasko»
Dei færraste forsikringane dekker ting som blir mista eller gjengløymt. Har du ei verdisakforsikring kan du derimot vere dekt.
Sjå «Maskinskade»
Du kan vere dekt både for museskader i bil og hus.
N
Naturskader er skader som blir forårsaka av naturen sjølv - utan direkte menneskeleg innverknad. Naturskader kan bli dekka både av forsikring og av staten.
Har du mista eller vorte fråstolen hus- eller bilnøklar kan du vere dekt.
O
Ved kjøp og sal av køyretøy må den nye eigaren kjøpe forsikring før omregistrering av køyretøyet kan utførast. Etter at salsmeldinga er sendt inn, må kjøparen forsikre med minimum ansvarsforsikring, før hen får betalt omregistreringsavgifta.
Sjå «Forsikringsoppgjer»
Dei fleste forsikringar kan du avslutta sjølv i «forsikringane mine» (eller nettbank/mobilbank). Der vel du forsikringa du ønsker å seie opp, og under forsikringsdetaljar finn du "Avslutt forsikringa".
P
Personforsikring er ei fellesnemning på forsikringar som sikrar deg og familien din økonomisk tryggleik viss helsa skulle svikte.
Les meir om våre personforsikringar
Mange har dessverre opplevd det. Du opnar skapdøra over kjøkkenvifta og den tunge saltbøssa fell ned og knuser platetoppen.
Dekker forsikringa knust platetopp?
Polisenummer er det same som avtalenummer og forsikringsnummer. Dette nummeret er unikt for kvar forsikringsavtale du har.
Kva forsikringar dekker psykolog?
Forsikringspremie er det same som forsikringspris. Altså prisen du betaler for ein forsikring.
Kva har punktert?
R
Regress er krav du har på å få dekt beløp du har betalt på vegne av andre. Å søke regress betyr å krevje inn pengar frå den som er erstatningsansvarleg for ein skade. Formålet er å plassere ansvaret på rett stad.
Sjå døme på regress
Reisegods er personlege eigedelar du tar med deg når du reiser eller forlet huset. Forsikringa dekker mellom anna tjuveri, brann og mista innsjekka bagasje, med nokre få unntak.
Les meir om reisegods
Eit reiseråd frå UD er ein reiseadvarsel og betyr i bunn og grunn «ikkje reis». Reiseforsikringa gjeld ikkje viss det er gjeldande reiseråd for landet eller område i landet du besøker.
Les meir om reiseråd
Du kan ha krav på å få dekt juridisk bistand og hjelp frå advokat viss du havnar i ein tvist. Sjå kva rettshjelp er og kva rettshjelpsforsikringa betyr for deg.
Ta med reisekortet når du skal ut og reise. Reisekortet er eit bevis på at du har reiseforsikring viss du for eksempel er uheldig og hamnar på sjukehus i utlandet.
Hugs òg europeisk reisekort når du reiser i europa.
Alle typar rullestolar både med og utan elektrisk motor er dekt av innbuforsikringa.
S
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss, med samlerabatt.
Dekker livsforsikring sjølvmord?
Setningsskader som sprekk i grunnmur eller pipe kan over tid føre til vasskader, trekk og forskyvingar i konstruksjon.
Les meir om setningsskader.
Sjå «Oppseiing»
Det er fleire forsikringar som dekker skader frå skadedyr. Du kan òg vere dekt mot småkryp som berre er sjenerande.
Skadeforsikring (òg kalla tingforsikring) er forsikring av eigedelar, ting og ansvar som gir økonomisk tap viss det skjer ein skade.
Tenker du på skademelding for bil/motorvogn kan du laste ned eller bestille skademeldingsskjemaet hos oss.
For andre skademeldingar, sjå «Meld skade».
Forsikringar er rekna som finansielle tenester, og er unntatt meirverdiavgift. Du betaler altså ikkje skatt på forsikringar du sjølv har kjøpt. Men det er skatt på forsikring betalt av arbeidsgjevar.
Sjå «Skadedyr»
Du er sjølv ansvarleg for å rydde snø av taket, balkongen eller terrassen. Bygningsforsikringa dekker skader som kjem av tung snø på taket, verandaen eller terrassen, viss skadane er uventa og har skjedd tilfeldig og plutseleg.
Kor mykje snø toler taket, og når bør eg moke det?
Sjå «Hussopp»
Campingvognforsikringa dekker òg campingvogn på fast plass med fortelt, spikertelt, fastmontert utstyr og lause gjenstandar. Du er dekt ved både brann og tjuveri.
Les om kva som er dekt av campignvognforsikringa.
Sjå «Glaskader»
Reiseforsikringa dekker ikkje kostnader til overnatting, avbestilling, transport, forseinkingar eller andre utgifter knytt til streik. Det utelukkar ikkje at du kan ha rett på kompensasjon. Les meir om kva du har krav på ved streik.
Har du starta å studere, og meldt flytting?
Det er spesielt to forsikringar det er lurt å ha. Er du under 34 år får du reiseforsikring og innbuforsikring topp i éin pakke.
Er du medlem i eit LO-forbund har du allereie innbuforsikring. Men vi kan tilby deg ein LO studentpakke som inneheld reise- og ulykkesforsikring.
Les meir om studentforsikring
Smart bilforsikring med Spinn-appen var forgjengaren til Smartbil-appen. Dessverre fekk vi ikkje fått nok brukarar til appen, og han blei lagt ned i 2021.
Sjukeforsikring er ei fellesnemning på personforsikringar og personalforsikringar som dekker utbetaling og/eller behandling ved ulike typar sjukdom eller skade.
Sjå «Skadedyr»
T
Tabbeforsikring er ikkje ei eiga type forsikring. Ei tabbeforsikring blir gjerne brukt om andre typar forsikringar som kan dekke deg om du skulle vere uheldig å "tabbe deg ut".
Ønsker du å forsikre tennene dine, finst det hovudsakleg to ulike dekningar som kan dekke utgifter til tannlege; forsikring for tannskade og tannhelseforsikring.
Forsikring er vanskeleg nok for mange utan at vi treng å gjere det meir komplisert. Hos oss teiknar du ikkje forsikring, hos oss kjøper du forsikring.
Treng du hjelp med forsikring kan du ringe oss.
Vi tilbyr bilforsikring for alle typar Tesla.
Toppkasko er den beste bilforsikringa vår. Den gir deg kasko-/fullkaskodekning, men i tillegg får du ekstra tryggleik med erstatning for maskinskade.
Totalskadegaranti går ut på at du får ein ny bil eller verdien av ein ny bil, viss:
- Skaden er over 80 prosent av bilen sin nypris,
- bilen er inntil 3 år gammal (1 år for minikasko og kasko),
- og bilen har køyrt under 100.000 kilometer (15.000 kilometer på minikasko og kasko).
TFA står for trafikkforsikringsavgift og er det som tidlegare heitte vegavgift/årsavgift.
U
Arbeidsuføre (ervervsuføre) er varig og heilt eller delvis tapt arbeidsevne. Altså redusert evne til å utføre inntektsgjevande arbeid. Arbeidsuføre kan oppstå som følge av ulykkesskade eller sjukdom, og graden vegast i prosent.
Innbuforsikringa dekker fysisk skade på dei fleste tinga dine viss du har hatt uhell/uflaks, også utanfor heimen.
Les meir om uhellsforsikringa.
Med ungdommar i huset er det mange ting det kan vere kjekt å vite – òg om ungdomsforsikringar.
Sjå «Oppgjer»
Viss du leiger ut huset ditt eller delar av det, må du melde frå til oss om at du har utleige. Då vil du få ei utleigeforsikring som tilleggsdekning til husforsikringa di.
Alle LOfavør forsikringar du har kjøpt sjølv blir endra automatisk til ordinære forsikringar ved hovudforfall. Unntaket er dei kollektive forsikringane som følger medlemskapet, som til dømes LOfavør Innbuforsikring. Du må sørge for å kjøpe nye forsikringar som dekker opp behovet ditt viss du melder deg ut av eit LO-forbund.
V
Har du fått vasslekkasje frå taket, vatn i kjellaren eller fuktskader på parketten? Husforsikringa og innbuforsikringa dekker mykje av dette, men det er ikkje alltid vi dekker alt.
Les meir om kva for nokre vasskader/-lekkasjar som er dekte av forsikring
Det vanlegaste er at varmepumpa, ein integrert del av huset, og då er skader dekt av husforsikringa. Er det ein frittståande varmepumpe som du kan flytte rundt på, er den definert som innbu og dermed dekt av innbuforsikringa.
Les meir om kva for nokre skader på varmepumpa som er dekt av forsikringane.
Vedlikehaldsansvaret inneber at du sjølv er ansvarleg for oppfølging og vedlikehald av huset, hytta, garasjen og andre ting du eig. Forsikringane dekker i hovudsak plutselege og tilfeldige hendingar som fører til skade. Manglande vedlikehald som fører til skade vil i dei fleste tilfelle ikkje bli dekt av forsikringane.
Veggedyr er små insekt på storleik med eplefrø som gjerne held til i sofa eller seng, og som lever av å suge blod. Veggedyr gjer ikkje skade på bygningen, men kan vere irriterande og gje stikk/kløe. Har du innbuforsikring kan du vere dekt.
Sjå «TFA»
Du får veghjelp ved små og store problem, enten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla – heile døgnet, heile året. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til næraste verkstad. Du er dekt viss du har delkasko eller betre.
Les meir om veghjelp
Forsikringsvilkår er ein skriftleg avtale mellom deg og forsikringsselskapet som beskriv vilkåra for forsikringane. Vilkåra definerer kva som blir dekt av forsikringa og kva plikter som gjeld.
Viss du skulle vere uheldig å køyre på eit dyr, vil personskader alltid bli dekt av bilforsikringa. Har du fått skader på eigen bil, må du ha minimum kasko for å vere dekt for skader på eigen bil.
Y
Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulukke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff. Yrkesskader inkluderer både fysiske og psykiske skader og sjukdomar.
Les meir om yrkesskade
Ø
Innbuforsikringa øydelagt mat i frysar eller kjøleskap.
Loggar du 2.000 km med øvingskøyring får du 70 % startbonus på bilforsikringa.
Du treng ikkje registrere førar under 23 år i bilforsikringa ved øvingskøyring. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer.
Å
Sjå «TFA»
Kva synast du om denne sida?
Fann du ikkje det du leita etter? Sjekk også kundeservice forsikring.