Har eg angrerett på forsikring? Kva er angrefristen?

Ja, du har ubetinga angrerett på både skadeforsikringar og på personforsikringar. Angrefristen er 14 dagar for skadeforsikringar og 30 dagar for personforsikringar.

Du kan bruke angreretten innan angrefristen (14/30 dagar) frå avtalen er inngått og du har motteke alle opplysningar som angrerettlova krev. Du treng ikkje oppgi nokon grunn for at du bruker angreretten.
 

Postadressa og e-postadressa for innsending står oppført i skjemaet.

Viss eg ikkje bruker angreretten?
Viss du ikkje bruker angreretten, vil avtalen vere bindande slik den blei inngått. For ein del forsikringar vil du likevel kunne avslutte forsikringa når som helst, uavhengig av angrerettloven. Det er regulert i finansavtalelova og forsikringsavtalelova.

Forbrukarrådet kan gi rettleiing om angrerett, tlf. 23 400 500.