Tips og råd
Forsikringar for ungdom
Med ungdommar i huset er det mange ting det kan vere kjekt å vite – også om ungdomsforsikringar. Kva gjeld kvar, og kva forsikringar dekker eigentleg ungdommen?
Tips og råd
Med ungdommar i huset er det mange ting det kan vere kjekt å vite – også om ungdomsforsikringar. Kva gjeld kvar, og kva forsikringar dekker eigentleg ungdommen?
Både familiedekninga i innbuforsikring og i reiseforsikringa di kan inkludere ungdommen:
Når ungdomane ikkje lenger er dekt av dine forsikringar, er innbu- og reiseforsikringa det viktigaste å tenke på. Hos oss får dei innbu- og reiseforsikring for unge i éin pakke, som er billegare enn å kjøpe forsikringane kvar for seg.
Barne- og ungdomsforsikring kan kjøpast fram til ungdommen fyller 16 år, men dei er dekt fram til dei fyller 26 år.
Dersom barnet ditt ikkje kan jobbe som vaksen, blir hen i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne trygda er mykje lågare enn ei gjennomsnittleg lønning. Ei barneforsikring vil gi barnet ditt ein tryggare økonomisk situasjon òg som vaksen, om noko skulle skje.
Alle som registrerer 2.000 kilometer med øvelseskøyring, får 70 % startbonus på si første bilforsikring, eller rabatt på ung sjåfør-tillegget.
Du treng ikkje registrere førar under 23 år i bilforsikringa ved øvingskøyring. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer. God tur og køyr fint :)
Har ungdommen brukt konfirmasjonspengane på ein dyr sykkel, skiutstyr, klokke eller bunad? Eller kanskje fått nye dyre briller?
Reise- og innbuforsikring har nokre avgrensningar. Ei verdisakforsikring dekker nesten alle uventa hendingar, i heile verda – med låg eigenandel. Det kan vere lurt om vedkommande har ein verdigjenstand hen er litt ekstra bekymra for.
Det er lovpålagd med ansvarsforsikring for el-sparkesyklar og andre små elektriske køyretøy. Med forsikring køyrer ungdommen lovleg og de får erstatning om noko skulle skje.
Hugs at det er 12 års aldersgrense og påbode med hjelm for alle under 15 år.
Er du under 18 år kan du ikkje kjøpe forsikring sjølv. Foreldre eller føresette er difor ansvarlege for å forsikre køyretøyet fram til du blir 18 år.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium