Det er fleire måtar å kome i kontakt med Fremtind Forsikring på, og det er ikkje alltid så lett å vite kor du skal henvende deg. For å vite kven du skal kontakte, må vi vite kva du ønsker hjelp med:
Kundeservice, kjøp og endringar
I motsetnad til mange andre forsikringsselskap så sit forsikringsrådgjevarane for Fremtind Forsikring i bankane. Det er altså banken du kontaktar, og ikkje Fremtind direkte. Forsikringsrådgjevarane i banken hjelper deg med alt frå:
- kjøp
- rådgjeving
- oppseiing
- endringar
- faktura og betaling
Kontakt oss på telefon, chat eller besøk oss på eit kontor. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida, eller ved å logge inn til «mine forsikringar».