Forsikring er beskyttelse mot økonomisk tap, som i bunn og grunn betyr at du kjøper deg fri frå risiko.
Forsikring er ein avtale mellom ein forsikringstakar (personen eller bedrifta som kjøper forsikringa) og eit forsikringsselskap. Når du kjøper ein forsikring (forsikringsavtale) betalar du ein avtalt forsikringspris (premie) til eit forsikringsselskap. I byte overtar forsikringsselskapet ein del av risikoen din, og du får utbetalt erstatning viss du blir utsett for tilfeldige og uforutsette hendingar som står beskrive i forsikringsavtala di. Det kan for eksempel vere tjuveri, brann, uhell, bilulukke, forlis, naturskade, dødsfall, sjukdom og skade du eller dine eigedelar blir påført.
Dei fleste forsikringar har ein eigenandel, og som regel kan du velje blant fleire eigenandelar når du kjøper forsikringane. Jo høgare eigenandel du vel, jo lågare pris betalar du for forsikringane.
Det finst fleire typar kategoriar av forsikringar, men dei vanlegaste for privatpersonar som deg og meg, er skadeforsikringar og personforsikringar.
Når du som forsikringstakar opplever ei hending som er dekka av forsikringane, kan du sende inn ei skademelding til forsikringsselskapet. Basert på vilkåra i forsikringsavtalen din, vil forsikringsselskapet vurdere hendinga og betale ut erstatning i samsvar med avtalen. Forsikring er eit system som baserer seg på tillit.
Som hovudregel treng du ikkje å forsikre deg mot tap som du lett kan erstatte sjølv.