Bustadlån
Skal du kjøpe hus eller leilegheit, pusse opp eller flytte bustadlånet ditt? Same kva du planlegg, er dette ein god stad å starte.
Skal du kjøpe hus eller leilegheit, pusse opp eller flytte bustadlånet ditt? Same kva du planlegg, er dette ein god stad å starte.
Hjelp av rådgjevar viss du treng det
Sjå status på søknaden i mobilbanken
Uforpliktande og enkel søkeprosess
Vi tilbyr fleire ulike bustadlån som passar for dine behov, økonomi og fase av livet. Er du 34 år eller eldre? Då er vårt standard bustadlån eit godt val for dei fleste.
Ein bustadlånsprosess kan kjennast overveldande, men dei flinke rådgjevarane våre er her for å guide deg gjennom kvart steg. Du bestemmer sjølv om du vil snakke med rådgjevaren i lokala til banken, i eit digitalt møte, eller på telefon.
Møte med rådgjevar er sjølvsagt heilt gratis og uforpliktande.
Prøv lånekalkulatoren for å sjå kor mykje bustadlånet vil koste deg, eller kor mykje du kan låne. For å få eit nøyaktig lånetilbod må du likevel søke om bustadlån. Det er gratis og heilt uforpliktande.
Rådgjevarane våre hjelper deg slik at du får utnytte medlemsfordelane dine best mogleg.
Du kan gjere følgjande tilpassingar sjølv i mobilbanken og nettbanken.
Skal du pusse opp eller gjere andre investeringar på bustaden din? Då kan det vere fornuftig å auke bustadlånet ditt framfor å ta opp eit anna lån med høgare rente.
I mobilbanken og nettbanken finn du Bustaden min. Dette er eit supert verktøy for alle som eig eigen bustad eller som sparer til ein. Her får du nemleg mellom anna:
Dei aller fleste lånedokumenta kan du signere elektronisk. Det finst nokre få unntak til lån som ikkje kan signerast på nett. Viss dette skulle vere aktuelt for deg vil du få beskjed av rådgjevaren din om dette.
Viss du har eit lån til signering finn du det under "Relevant for deg no".
Dersom "Relevant for deg ni" ikkje dukkar opp har du ingen dokument til signering.
Viss du har bustadlån bør du også ha forsikringar. Dette er dei viktigaste forsikringane for deg som eig bustad:
Skal du selje bustad?
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane har kontor både i Sunnfjord, Kinn, Sogn, Nordfjord og Bergen. Med lokalkjente meklarar som veit kva som skal til for eit vellukka bustadsal, får du god og trygg hjelp med salsprosessen frå start til slutt.
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ei renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Ja, viss økonomien din tillèt det, kan du få lån til ny bustad før den gamle er seld. Dette kallast mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betaler på det gamle lånet. Ved behov kan du få avdragsfritak på eitt eller begge lån, det vil seie at du berre betaler renter.
Sjå også:
Bør eg kjøpe eller selje først?
Bustadbyteguiden - kjøpe og selje steg for steg
Søk mellomfinansiering
Har du betalt ned mykje på bustaden, gir flexilån, eller rammelån som det òg kallast, ei låneramme du kan bruke som du vil. Pengane disponerer du sjølv i mobil- eller nettbank, og du vel sjølv når og kor mykje du vil betale ned på lånet.
Sjå også
Kva er ein låneramme for flexilån?
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønner seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då betaler du det same på lånet ditt kvar månad, uavhengig av svingingar i marknadsrenta. Viss forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg, kan fastrentelån vere eit godt alternativ.
Du kan ha fast rente på heile eller deler av lånet ditt.
Sjå også
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Korleis bind eg renta på lånet mitt?
Av og til kan det vere behov for å auke bustadlånet. Kanskje du planlegg oppussing eller andre investeringar i bustaden, og sparepengane ikkje strekk til? Då kan opplån vere ei god løysing i staden for å ta opp eit nytt lån med høgare rente.
For å auke bustadlånet kan du som en hovedregel låne maksimalt 90 prosent av bustaden sin verdi, og ikkje meir enn fem gonger inntekta di. Du må tåle ei renteauke på 3 prosentpoeng eller minst 7 prosent.
Viss bustaden din har stege i verdi kan det vere lurt å innhente ny verdivurdering.
Sjå også:
Kor mykje kan eg få i bustadlån?
Skal du ha bustad, må du også ha forsikringane i orden. Sjå bustadforsikringane våre her.
Vil du gjere heimen din meir miljøvennleg? Med grønt bustadlån eller miljølån får du lågare rente.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no