LOfavør Grønt Bustadlån

Er du medlem i eit LO-forbund, og bustaden din har energimerke A eller B, får du ekstra gode vilkår på bustadlånet. 

Er de fleire som søker, må den som har LOfavør starte søknaden. Skriv i kommentarfeltet at du søker LOfavør Grønt Bustadlån. 

Bra for både lommeboka og miljøet.
Du får hjelp og råd undervegs.
Gjer det enklare å velje miljøvennleg.

Renter og vilkår

  • Frå 5,44 % nominell rente
  • Frå 5,65 % effektiv rente
  • Gjelder primærbolig med energikarakter A eller B
  • Opptil 30 års nedbetaling

Prisdøme: Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.685.480 kr. Effektiv rente er 5,65 % og månadleg terminbeløp 12.275 kr Føreset pant i bustad.

Kva skal til for å få LOfavør Grønt bustadlån?

I tillegg til å vere medlem av eit LO-forbund må bustaden oppfylle desse kriteria for å kvalifisere til LOfavør Grønt Bustadlån.
Eg skal kjøpe ny bustad

Energimerkinga finn du i prospektet og i annonsen.

Har bustaden du ønsker å kjøpe energimerking A eller B kan du søke om LOfavør Grønt Bustadlån.

Du kan få grønt byggelån, til ei lågare rente, viss utbyggar eller ein godkjent energirådgjevar kan gi ei stadfesting på at huset skal byggast etter standard som vil gi energimerke A eller B etter at huset er ferdigstilt.

Dokumentasjon frå ein energirådgjevar vil då kvalifisere for at byggelånet blir endra til eit grønt bustadlån. 

Kva som krevst for å få innvilga eit byggelån kan du lese meir om her.

Dersom du oppgraderer den eksisterande bustaden din til energimerking A eller B, så kan du søke om LOfavør Grønt Boliglån.

Ei slik oppgradering inneber ei betring av varmeisolasjon i ytterveggar, tak, vindauge, ytterdører og grunnmur. Ei ny energimerking etter utbedring krevst for å endre lånet til grønt bustadlån.

Det er anbefalt og kontakte ein godkjent energirådgjevar som kartlegg bustaden din og gir råd om oppgraderingar. Energirådgjevaren vil også gi ein energiplan for bygginga. For oppgraderingar inntil 250.000 kroner i kostnad kan du søke om LOfavør Miljølån

Slik sjekkar du energimerkinga

  • Skal du kjøpe bustad finn du energikarakteren i prospektet og i annonsa. 
  • Viss du er usikker på om det finst ein energiattest på bustaden eller fritidsbustaden din, kan du sjekke det på enova.no
  • Dersom bustaden ikkje er energimerka, eller du har gjort oppgraderingar, kan du lage energiattesten sjølv. 
  • Du kan òg skaffe deg hjelp til energimerkinga frå ein godkjent energirådgjevar.

Slik går du fram: Steg for steg

Vanlege spørsmål om bustadlån

LOfavør – meir enn berre billegare lån

Som medlem i eit LO-forbund gir LOfavør deg meir for pengane. Mellom anna får du betre rente på billån og rabatt på forsikringar.

Norges beste innbuforsikring er òg inkludert i medlemskapet.

Lurer du på noko om bustadlån?

Har du spørsmål om bustadlån og treng å snakke med nokon som har peiling? Då er det berre å kontakte oss.

Vi kan hjelpe deg med alt frå sparing til finansieringsbevis. 


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no