Tips og råd
LOfavør Miljølån
Skal du oppgradere bustaden med energisparande tiltak får du betre rente på lånet. Er du òg medlem i eit LO-forbund blir renta endå betre.
Skal du oppgradere bustaden med energisparande tiltak får du betre rente på lånet. Er du òg medlem i eit LO-forbund blir renta endå betre.
Skriv i kommentarfeltet at du søker LOfavør Miljølån, og beskriv kva energitiltak du planlegg å gjere.
Prisdøme: Lånar du 1.000.000 kroner over 15 år, kostar lånet totalt 1.462.098 kr. Effektiv rente 5,61 % og månadleg terminbeløp 8.125 kr.
Søk om lån til energiretta tiltak som bidrar til å redusere energiforbruket i bustaden din.
Det kan for eksempel vere å byte til meir miljøvennleg oppvarming som solcellepanel eller varmepumpe.
Du kan søke om lån til rehabilitering eller oppgradering av eksisterande bustad.
For eksempel kan etterisolering av eldre hus eller hytte vere tiltak som forbetrar energistandarden og gir betre energimerking av bustaden.
Har du ein god idé som vil bidra til å gjere bustaden din grønare og meir miljøvennleg? Då vil vil gjerne snakka med deg.
Trykk på knappen nedanfor for å booke eit møte med rådgjevar.
Det er mange fordelar med å gjennomføre energitiltak i heimen din.
Som medlem i eit LO-forbund gir LOfavør deg meir for pengane. Mellom anna får du betre rente på billån og rabatt på forsikringar. Norges beste innbuforsikring er òg inkludert i medlemskapet.
Har du spørsmål om bustadlån og treng å snakke med nokon som har peiling? Då er det berre å kontakte oss.
Vi kan hjelpe deg med alt frå sparing til finansieringsbevis.
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium