Tips og råd
LOfavør Førsteheimslån
Med førsteheimslån får du ekstra låg rente når du kjøper den første bustaden din – uansett alder. Som medlem i eit LO-forbund får du endå betre rente.
Med førsteheimslån får du ekstra låg rente når du kjøper den første bustaden din – uansett alder. Som medlem i eit LO-forbund får du endå betre rente.
Prisdøme: Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.667.488 kr. Effektiv rente er 5,60 % og månadleg terminbeløp 12.216 kr
Utlånsforskrifta legg føringar på kor mykje du kan få i bustadlån. For eksempel er det eit krav at du må ha minst 10 prosent eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Kor mykje du kan få i lån er noko du finn ut saman med rågjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no? Då kan du teste bustadlånskalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Det er nokre ting vi i banken må vurdere når du søker bustadlån. Dette er noko av det vi ser på:
Kan du betale lånet?
Vi ser på alt du har av utgifter, inntekter og familiesituasjonen din. I tilllegg må vi ta høgde for at du kan betale lånet sjølv om renta aukar.
Sparepengar
Kor mykje du har spart og eigedelar, som for eksempel bil, blir med i utrekninga.
Andre lån
Har du andre lån, vil det påvirke kor mykje du kan betale ned på bustadlånet.
Stå på-vilje
Dette er alltid bra, også når du skal snakke med banken. Kan du vise at du både kan tene og spare pengar, kan det også påvirke kor mykje du kan låne.
Vi veit det kan vere overveldande med bustadkjøp. Det er mange reglar og rutinar som er ukjent fram til du faktisk står i det.
Derfor er tipset vårt å snakke med oss viss du står fast eller lurer på noko. Vi har rådgjevarar på chat og telefon, i tillegg til kontor over store delar av landet.
Som medlem i eit LO-forbund gir LOfavør deg meir for pengane. Mellom anna får du betre rente på billån og rabatt på forsikringar.
Norges beste innbuforsikring er òg inkludert i medlemskapet.
Har du spørsmål om bustadlån og treng å snakke med nokon som har peiling? Då er det berre å kontakte oss.
Vi kan hjelpe deg med alt frå sparing til finansieringsbevis.
Å kjøpe bustad er ei stor avgjerd, og det kan vere mykje å setje seg inn i.
Her finn du det du treng for å vere godt rusta på bustadreisa.
I Norges mest personlege mobilbank finn du det meste.
Her kan du tilpasse oversikta, sparinga, varslingane og mykje meir.
Med bustadlånskalkulatoren vår får du ein peikepinn på kor mykje du kan låne og kor mykje lånet vil koste.
For å få eit tilbod må du snakke med ein rådgjevar.
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også:
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida på lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida på lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Rentedelen går ned medan avdragsdelen er den same.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefaler vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest forutsigare låneforma. Derfor har òg annuitetslån blitt standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium