Byggelån
Viss du skal stå som byggherre sjølv gjennom heile prosessen, altså at det er du som betaler røyrleggar, elektrikar, tømrar og liknande direkte, bør du ha eit byggelån. Grunnen til det er at då vil du ha behov for å kunne betale rekningar løpande etterkvart som dei forfell.
Eit byggelån har noko høgare rente. Det kjem av at det er knytt høgare risiko til slike byggeprosjekt.
Dersom du bruker ein totalentreprenør eller kjøper ein ferdig prosjektert bustad, kan du velje eit vanleg bustadlån.
PS! Viss du skal bygge bustad kan det vere smart å skaffe deg byggesikring.