Hand som held ein plante som spirer. illustrasjon.

Tips og råd

Slik kan du spare pengar og miljøet

Miljø og klima er viktige tema, og vi kan alle gjere vårt for å bidra til eit meir berekraftig samfunn. Ein ekstra bonus er at mange miljøvennlege tiltak òg er bra for lommeboka.

Enkle grep for ein grønare kvardag

Det at du sparer straum er godt nytt for miljøet. Sjølv små endringar i det daglege kan gjere store utslag på straumrekninga. Her er nokre tiltak som vil kutte straumforbruket ditt: 

  • Senk innetemperaturen
  • Bruk mindre varmtvatn
  • Skru av lyset i rom som ikkje er i bruk
  • Unngå å bruke stand by-modus
  • Bruk oppvaskmaskin i staden for å vaske opp for hand

Klesproduksjon er ein miljøversting. Slik gjer du garderoben meir berekraftig: 

  • Handle mindre og kjøp klede som varer: Tenk deg om to gonger før du kjøper noko nytt. Viss du skal kjøpe nytt er det bra å velje klede som er av høg kvalitet (slik at du har dei lenge) og som er produsert på ein måte som ikkje skader natur og miljø. 
  • Lær deg å sy: Reparer kleda i staden for å kasta dei. I «gamle dagar» blei sokkar stoppa og hol sydd. Har du plagg som rett og slett er for slitt, eller plagg du ikkje bruker lenger, kan du prøve deg på redesign. Kva med å gjere ei holete dongeribukse til ei tøff veske?
  • Prøv å leige klede i staden for å kjøpe nye: Utleige av klede blir meir populært og er eit alternativ om du treng noko til eit spesielt høve som du ikkje kjem til å bruke igjen. Du finn både turkle, ballkjolar og fine kvardagsantrekk med tilbehøyr for utleige.

Noko av det viktigaste du kan gjere før du handlar noko nytt er å spørje deg sjølv, treng eg eigentleg dette? Er svaret ja, bør du tenke på om det finst eit meir berekraftig og økonomisk alternativ. 

Å kjøpe brukt er alltid meir klimavennlig og ofte billegare enn å kjøpe nytt. I bruktbutikker og loppemarknader kan du verkeleg finne skattar.

Finn du eit brukt bord eller trestolar for ein billeg penge kan dei bli som nye med litt sandpapir og måling. Å trekke om stolputer høyrest kanskje ambisiøst ut, men det er enklare enn ein skulle tru. Dessutan er det morosamt å sjå resultatet! 

Dei fleste av oss kjøper og eig mykje meir enn kva vi faktisk treng og kastar ting som kan reparerast.

Bytting er eit utmerka alternativ til å kjøpe. Du kan til dømes arrangere eller delta på ein klesbyttekveld. Blir det full klaff får du både kvitte deg med noko gammalt og skaffa deg noko nytt. At det i tillegg er sosialt er jo berre ein ekstra bonus.

Trenden med fiksefester, kor frivillige hjelper til med reparasjonar, har dukka opp i Noreg. Det er alltid verdt å sjekke om det finst eit slikt tilbod i nærområdet før noko blir kasta. Sjekk til dømes ut Restarters Norway – dei tilbyr fiksefester der du kan få hjelp til å reparere småelektronikk, som ein sprokken mobilskjerm eller treig PC.

Du kan òg hente mange tips og triks på internett. Mykje er svært enkelt å reparere sjølv viser det seg!

Mengda matsvinn går ned i Norge, men framleis blir tonnevis av mat kasta kvart år. Planlegg menyen i forkant og skriv handleliste, så er det enklare å halde både matsvinn og kostnader nede.

Får du likevel restar eller mat til overs, kan du kanskje bruke dei til noko anna. Grønsaker kan frysast og brukast til å lage suppe, og kvifor ikkje ha middagsrestane til lunsj dagen etter? Lunsj kan du med fordel alltid ta med deg heimefrå i staden for å kjøpe, det er det pengar å spare på!

Matvarebutikkar har ofte nedsette prisar på det som held på å gå ut på dato og her er det ofte ein del å spare. I tillegg bidrar du til at butikken ikkje må kaste varene. Og du hugsar vel å bruke handlenett i staden for å kjøpe bærepose?

Skulestart er ei viktig hending for mange, men kan også slite litt på lommeboka. Ved å planlegge gjennom heile året kan du få ein god økonomisk start på skulekvardagen, og samtidig ta val som er bra for miljøet.

Korleis gjer eg bustaden meir energieffektiv?

Eit god måte å spare både pengar og miljø på er å energieffektivisere bustaden din. Det kan til dømes vere å bytte til nye energieffektive vindauge, etterisolere eller installere varmepumpe.

Slike energitiltak vil gi deg lågare straumutgifter og kan auke verdien på bustaden din. Viss bustaden blir oppgradert til energimerke A eller B får du ekstra god rente med grønt bustadlån hos oss.

Å investere i miljøvennlege og energisparende tiltak kan vere dyrt, sjølv om det lønner seg på lang sikt. Derfor vil vi hjelpe folk litt på vegen. Med miljølån får du betre lånevilkår på energitiltak i heimen. 

Slik jobbar vi med berekraft

Berekraft og sosialt ansvar er noko som er prioritert hos oss – lokalt, nasjonalt og globalt. 

Vi følger FNs prinsipp for berekraft, og strategien vår for berekraft er bygd på verdiane våre, med ansvarleg som den viktigaste.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }