Kundeservice
Lån
Spør den digitale assistenten din! Viss du ikkje får svaret du treng, koplar vi deg vidare til ein rådgjevar.
Kundeservice
Spør den digitale assistenten din! Viss du ikkje får svaret du treng, koplar vi deg vidare til ein rådgjevar.
Laster chat ...
Sjå kor mykje du kan låne og kva lånet vil koste i månaden.
Her kan du endre forfallsdato, trekkonto og terminbeløp, eller betale inn ekstra.
Av og til kan det oppstå situasjonar som gjer det vanskeleg å betale ned på lånet.
Her kan du søke om å auke bustadlånet viss du til dømes skal pusse opp.
Eit finansieringsbevis er ei stadfesting frå oss på kor mykje du kan kjøpe bustad eller bil for. Det er lurt å skaffe seg eit finansieringsbevis om du planlegg bustad- eller bilkjøp. Då veit du kor langt du kan gå i budrunden, eller er klar til å kjøpe bil når du finn ein du likar.
Finansieringsbevis er gratis og uforpliktande.
Sjå også
Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:
Lån utan sikkerheit eller lån utan pant er lån der banken ikkje tar pant i bustaden din eller andre ting du eig som sikkerheit for lånet. Dette gir høgare risiko for banken, noko som er grunnen til at usikra lån som forbrukslån og kredittkort òg har høgare rente enn til dømes bustadlån og billån.
For båtar under 7 meter og som ikkje er sikra med skipspant er eigenkapitalkravet minst 20 prosent. For båtar over 7 meter som blir sikra med skipspant vil eigenkapitalkravet bli vurdert individuelt.
Det er ikkje noko grense for alder på båten når du skal skal ta opp eit båtlån.
Det er verd å merke seg at jo eldre båten er, desto viktigare er det at både tilstand og omsetteligheit kan dokumenterast. Du kan òg forvente at kravet til eigenkapital vil vere større jo eldre båten er.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å låne til båt?
For båtar under 7 meter og som ikkje er sikra med skipspant er eigenkapitalkravet minst 20 prosent. For båtar over 7 meter som blir sikra med skipspant vil eigenkapitalkravet bli vurdert individuelt.
Ja, så lenge den er registrert med skilt kan vi gi lån med sikkerheit i campingvogna. Vi finansierer berre verdien i sjølve campingvogna, ikkje tilbehør som fortelt eller spikertelt.
Sjå også
Kan ein ta pant i alle typar campingvogner?
Må campingvogna vere forsikra for å få lån?
Ja, dette ordnar du enkelt sjølv i mobilbanken eller nettbanken. Vel billånet du vil nedbetale under "Mine lån" og klikk på "Endre forfallsdato".
Sjå også
Kan eg nedbetale ekstra på billånet?
Ja, du kan når som helst nedbetale ekstra på billånet, og du kan gjere det sjølv i mobilbanken eller nettbanken din. Vel billånet du vil betale ekstra på under "Mine lån" og klikk på "Gjer ei ekstra innbetaling på lånet".
Sjå også
Eg ønsker å nedbetale heile billånet mitt. Korleis går eg fram?
Du kan innfri billånet sjølv i mobilbanken eller nettbanken. Vel billånet du vil nedbetale under "Mine lån" og klikk på "Betal ned heile lånet". Då vil du få ein faktura med gjenståande beløp.
Sjå også
Kan eg nedbetale ekstra på billånet?
Kor stort billån du kan få, avheng av fleire forhold ved økonomien din. Inntekter og utgifter, om du kjøper åleine eller saman med nokon, og om du har barn kan påvirke lånet sin storleik. Har du noko eigenkapital i form av enten sparepengar eller innbyttebil, kan du låne meir – ofte til ei lågare rente enn om du må låne heile kjøpesummen.
Prøv vår billånskalkulator for å få ein god indikasjon på kva prisen på billånet blir før du søker.
Sjå meir:
Kor stort billån du kan få, avheng av fleire forhold ved økonomien din. Inntekter og utgifter, om du kjøper åleine eller saman med nokon, og om du har barn kan påverke kva lån du kan få. Har du noko eigenkapital i form av enten sparepengar eller innbyttebil, kan du låne meir – ofte til ei lågare rente enn om du må låne heile kjøpesummen.
Prøv vår billånskalkulator for å få ein god indikasjon på kva prisen på billånet blir før du søker.
Sjå meir:
Bør eg ha eit eige billån eller auke bustadlånet?
Kor mykje eigenkapital må eg ha på eit billån?
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida til lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida til lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betalar du mindre for kvar månad du betalar ned på lånet. Rentedelen synker medan avdragsdelen er den same.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefalar vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest føreseielege låneformen. Derfor har òg annuitetslån vorte standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Om du bør velje fast eller flytande rente er avhengig av fleire faktorar. Treng du forutsigbarheit, kan det vere ein god idé å velje fast rente. Har du større behov forfleksibiliteti nedbetalinga, vil flytande rente vere eit betre alternativ.
Du treng ikkje velje mellom det eine eller det andre. Du kan velje å binde renta på til dømes halve lånet.
Sjå også
Du kan velje å binde renta på heile eller delar av lånet. Korleis går eg fram?
Du kan enkelt endre trekkdato i mobilbanken eller nettbanken. Vel lånet du vil endre trekkdato på under "Mine lån" og trykk på "Endre forfallsdato".
Har du flexilån (rammelån) er trekkdato for renter alltid i månadskiftet.
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 85 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 15 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekka kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 600 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Det er mogleg å låne meir enn 85 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også
Eigenkapital og finansiering
Bustadlån utan eigenkapital
Har du betalt ned mykje på bustaden, gir flexilån, eller rammelån som det òg kallast, ei låneramme du kan bruke som du vil. Pengane disponerer du sjølv i mobil- eller nettbank, og du vel sjølv når og kor mykje du vil betale ned på lånet.
Sjå også
Kva er ein låneramme for flexilån?
Når du skal kjøpe bustad, kan du velje mellom ulike eigarformer. Det er nokre viktige forskjellar mellom sjølveigar og burettslag, og begge eigarformene har både fordelar og ulemper.
Sjølveigar
Du eig bustaden sjølv, med dei rettane og plikter det inneber. Du kan til dømes pantsetje den, leige ut eller pusse opp utan å innhente løyve frå nokon. Du er òg ansvarleg for alle bustadrelaterte utgifter sjølv, som til dømes kommunale avgifter, vedlikehald og husforsikring.
Burettslag
Eit burettslag er eit selskap som er eigd av dei som bur der. Kjøper du bustad i eit burettslag eig du ein del i burettslaget, og får einerett til bruk av bustaden din. Ein del av kjøpesummen i eit burettslag vil vere eit felleslån, som blir betalt av deg og dei andre bebuarane.
Sjekk alltid burettslaget sin økonomi før du byr på ei burettslagsleilighet. Viss burettslaget til dømes har avdragsfritak på lånet for ein periode vil dei månadlege kostnadane auke når den er over.
Hugs at det er styret og generalforsamlinga som bestemmer både over felles gjeld og større investeringar. Dette gjer at du som bebuar kan få høgare månadskostnad.
Sjå også
Kor mykje kan eg låne til bustad?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det. Den vanlegaste formen for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
For unge som skal kjøpe bustad for første gong, kan kausjon vere god løysing for å få det lånet dei har behov for. Foreldre bør likevel tenke godt gjennom ansvaret sitt før dei inngår ein kausjonsavtale.
Sjå også
Kausjonist – kva betyr det?
Eit fastrentelån har spesielle vilkår. Viss du seier opp eit fastrentelån før avtaleperioden er over, bereknast ein over- eller underkurs. Då må enten du eller banken betale, avhengig av kva veg renta har svinga sidan du tok opp lånet ditt.
Overkurs
Dersom fastrenta du betalar er høgare enn det banken tilbyr som fastrente til nye kundar, tapar banken pengar på at du betalar inn ekstra. Dette tapet må du dekke – og det er dette som kallast overkurs.
Underkurs
Dersom fastrenta du betalar er lågare enn det banken tilbyr som fastrente til nye kundar, kan banken tene pengar på at du betalar inn ekstra. Denne gevinsten kan du få utbetalt. Banken kallar dette for underkurs og det kan komme som fråtrekk i restgjelda di.
Om du får gevinsten utbetalt avheng av kor lang rentebindingsperiode som er avtalt og kor lenge du har hatt fastrentelånet. Det blir ikkje betalt ut underkurs i løpet av karantenetida. Ta kontakt med oss dersom du lurer på om du har rett på underkurs.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Sjå også
Korleis samanlikne bustadlån?
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønnar seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då betalar du det same på lånet ditt kvar månad, uavhengig av svingingar i marknadsrenta. Viss føreseielege lånekostnader er viktig for deg, kan fastrentelån vere eit godt alternativ.
Du kan ha fast rente på heile eller deler av lånet ditt.
Sjå også
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Korleis bind eg renta på lånet mitt?
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss du har møtt økonomiske utfordringar som t.d. permisjon, oppseiing eller liknande.
Ver merksam på at når den avdragsfrie perioden er over, aukar summen på dei månadlege innbetalingane. Du kan søke om å få avdragsfritak på både bustadlån, billån og kredittkort.
Prisdøme:
Viss du får 3 års avdragsfritak på eit bustadlån med 15 års løpetid igjen, betalar du mindre per månad dei neste 3 åra sidan du slepp å betala avdrag. Når den avdragsfrie perioden er er over, blir dei månadlege kostnadene høgare enn dei var opphavleg, fordi du no skal betale ned lånet på 12 år i staden for 15. Viss lånet var på 2 millionar kroner med ei rente på 2,65 %, aukar den totale kostnaden med 70 000 kroner.
Som ein hovudregel får du berre innvilga avdragsfritak dersom du har mindre enn 60 prosent belåning. Det vil seie at lånet utgjer maks 60 prosent av bustadverdien.
Sjå også
Slit du økonomisk?
Bekymra for økonomien?
Viss du har fastrentelån kjem dette med spesielle vilkår. Viss du vel å gjere endringar eller seie opp fastrentelånet før avtaleperioden er over, blir det berekna overkurs eller underkurs på lånet. Då må enten du eller banken betale, avhengig av kva veg renta har svinga sidan du tok opp lånet ditt.
Overkurs
Dersom fastrenta du betaler er høgare enn det banken tilbyr som fastrente til nye kundar, taper banken pengar på at du betaler inn ekstra. Dette tapet må du dekke – og det er dette som kallast overkurs.
Underkurs
Dersom fastrenta du betaler er lågare enn det banken tilbyr som fastrente til nye kundar, kan banken tene pengar på at du betaler inn ekstra. Denne gevinsten kan du få utbetalt. Banken kallar dette for underkurs, og det kan komme som fråtrekk i restgjelda di.
Om du får gevinsten utbetalt avheng av kor lang rentebindingsperiode som er avtalt og kor lenge du har hatt fastrentelånet. Det blir ikkje betalt ut underkurs i løpet av karantenetida. Ta kontakt med oss dersom du lurer på om du har rett på underkurs.
Alt du lurer på om låna dine finn du i mobilbanken eller nettbanken under "Mine lån". Klikk på det lånet du vil finne informasjon om. Her kan du mellom anna sjå:
Du kan også endre forfallsdato, kva konto lånet skal trekkast frå, og søke om avdragsfritak på denne sida.
Sjå også
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Korleis endrar eg trekkdato på lågnet?
Viss du skal stå som byggherre sjølv gjennom heile prosessen, altså at det er du som betalar røyrleggar, elektrikar, tømrar og liknande direkte, bør du ha eit byggelån. Grunnen til det er at då vil du ha behov for å kunne betale rekningar løpande etterkvart som dei forfell. Eit byggelån har noko høgare rente. Det kjem av at det er knytt høgare risiko til slike byggeprosjekter.
Dersom du bruker ein totalentreprenør eller kjøper ein ferdig prosjektert bustad, kan du velje eit vanleg bustadlån. Det føreset at du forheld deg til eitt selskap gjennom heile prosessen byggeprosessen.
Utlånsforskrifta legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du må ha 15 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gongar inntekta di. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Ja, du kan byte bustad i avtaleperioden med fastrentelån. For å kunne overføre lånet til den nye bustaden må vi godkjenne den nye sikkerheita di.
Avsluttar du lånet i bindingsperioden kan det medføre kostnadar.
Sjå også
Kva er over- og underkurs?
Viss du har flytande rente på bustadlånet, men ønsker å binde renta på heile eller delar av lånet, kan vi hjelpe deg med det. For å få fastrentelån er du nøydd til å ta kontakt med oss.
Har du lån i ein annan bank flyttar vi lånet for deg.
Sjå også
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Alt du lurer på om låna dine finn du i mobilbanken eller nettbanken under "Mine lån". Klikk på det lånet du vil finne informasjon om. Her kan du mellom anna:
Du kan også endre forfallsdato, kva konto lånet skal trekkast frå, og søke om avdragsfritak på denne sida.
Sjå også
Kva er forskjellen på nominell og effektiv rente?
Korleis endrar eg trekkdato på lånet?
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønner seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då betaler du det same på lånet ditt kvar månad, uavhengig av svingingar i marknadsrenta. Viss forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg, kan fastrentelån vere eit godt alternativ.
Du kan ha fast rente på heile eller deler av lånet ditt.
Sjå også
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Korleis bind eg renta på lånet mitt?
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida på lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida på lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Rentedelen går ned medan avdragsdelen er den same.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefaler vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest forutsigare låneforma. Derfor har òg annuitetslån blitt standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Viss du har flytande rente på bustadlånet, men ønsker å binde renta på heile eller delar av lånet, kan vi hjelpe deg med det. For å få fastrentelån må du ta kontakt med oss.
Har du lån i ein annan bank flyttar vi lånet for deg.
Sjå også
Kva er forskjellen på fast og flytande rente?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
Utlånsforskrifta legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du må ha 15 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gongar inntekta di.
For at du skal få bustadlån må du tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
Kor mykje du kan få i lån er noko du finn ut saman med rågjevaren din.
Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 85 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 15 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 600 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Det er mogleg å låne meir enn 85 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Lågare krav til eigenkapital frå nyttår
Frå 1. januar 2025 vert kravet til eigenkapital for bustadlån senka frå 15 % til 10 %. Du kan då låne inntil 90 % av verdien på bustaden, mot dagens 85 %.
Å refinansiere forbrukslån og kredittkortgjeld er å samle gammal gjeld i eitt felles lån til betre vilkår. Då får du betre oversikt og kontroll – og ikkje minst meir å rutte med i månaden.
Sjekk kor mykje du kan spare på å refinansiere Vi har laga ein refinansieringskalkulator som kan gi deg ein peikepinn.
Får du innvilga forbrukslån frå oss, vil du få pengane på konto innan to virkedager etter du har signert lånedokumenta.
Dette er vanleg praksis i Norge, og er ein ekstra tryggleik for deg fordi det gjer det vanskelegare for svindlarar å ta opp kreditt i andre sine namn via ID-tjuveri. Av same grunn varslar vi deg i tillegg på SMS før vi faktisk utbetalar pengane.
Har du av og til behov for å ha litt ekstra pengar tilgjengeleg umiddelbart, kan kredittkort vere eit alternativ for deg. Og hugs at det alltid er fornuftig å ha ein bufferkonto!
Vi har inga fast øvre grense på kor stort eit forbrukslån kan vere, men vurderer kvar enkelt lånesøknad individuelt ut frå privatøkonomien til den som søker. Då spelar ting som jobbsituasjonen din og eksisterande gjeld inn. Kor mykje du kan få låne hos oss, kan vi derfor først svare på etter vi har fått informasjonen vi treng frå deg, altså etter du har søkt.
Føresetnader for i det heile å få forbrukslån hos oss er at du er minst 20 år gammal, har ein trygg og stabil økonomi, og at du ikkje har betalingsmerknader.
Ja, vi krev at du kjøper kaskoforsikring på campingvogna. Viss campingvogna får ein skade, og du ikkje har ei slik forsikring (og det ikkje er ein skademotpart som har ansvaret for skaden), må du sjølv dekka kostnadane for reparasjonen.
Viss du påfører annan person eller eigedommen til annan person skader medan du køyrer bil med campingvogn, blir det dekka av ansvarsforsikringa du har på bilen.
Sjå også
Kan eg få lån til campingvogn som står på fast plass?
Kan ein ta pant i alle typar campingvogner?
Ja, campingvogna må vere registrert med skilt for at du skal kunne få lån med sikkerheit i campingvogn.
Sjå også
Kan eg få lån på campingvogn som står på fast plass?
Må campingvogna vere forsikra for å få lån?
Ja, campingvogne må vere registrert med skilt for at du skal kunne få lån med sikkerheit i campingvogn.
Sjå også
Kan eg få lån på campingvogn som står på fast plass?
Må campingvogna vere forsikra for å få lån?
Ja, viss økonomien din tillèt det, kan du få lån til ny bustad før den gamle er seld. Dette kallast mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betalar på det gamle lånet. Ved behov kan du få avdragsfritak på eitt eller begge lån, det vil seie at du berre betalar renter.
Sjå også
Søk mellomfinansiering
Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din. Då har du i ein periode lån på to bustadar.
Du kan få avdragsfritak i perioden med mellomfinansiering, då betalar du berre renter. Då betalar du berre renter. Når du har selt og fått oppgjeret for den gamle bustaden, blir det gamle lånet avslutta. Overskotet frå salet (eigenkapitalen) vert flytta til lånet på den nye bustaden, som då blir gjort om til eit ordinært lån.
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ein renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. Rentenivået i Norge har vore svært lågt lenge. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?
For å sjå studielånet frå Lånekassen, må du først logge inn. Klikk på knappen "Legg til konto eller kort". Her får du moglegheita til å hente inn studielånet.
Den første gongen må du gi samtykke gjennom Altinn. Neste gong du loggar inn i mobilbanken eller nettbanken, blir saldo henta automatisk så lenge samtykte framleis er gyldig.
Ja, det kan du! Når du har fått utbetaling frå Lånekassen vil du kunne sjå gjelda i mobilbanken og nettbanken. Beløpet vil stige i takt med utbetalingane frå Lånekassen. Når delar av studielånet blir gjort om til stipend vil summen gå ned tilsvarande stipendbeløpet.
Førebels kan du ikkje endre studielånet ditt hos oss. Det må du gjer på Lånekassen sine nettsider.
Ja – det er mogleg å få fullfinansiering hos oss. For å få fullfinansiert eit objekt må du, sjølvsagt, vere i stand til å betene det aktuelle lånet. I tillegg må nedbetalingstida vere slik at løpande restgjeld alltid er lågare enn verdien på det du finansierer.
Sjå også
Kor lang løpetid kan eg få på lånet?
Ja, dei aller fleste lånedokumenta kan du signere elektronisk.
Det finst nokre få unntak. Viss dette skulle vere aktuelt for deg vil du få beskjed av rådgjevaren din om dette.
Sjå også
Signering av kontrakt og lånepapir
Oppgjer og overtaking
Du kan enkelt endre kontoen som lånet blir trekt frå i mobilbanken eller nettbanken. Vel lånet du vil endre trekkonto på under "Mine lån" og trykk på "Endre trekkonto". Her kan du endre kontonummer.
Har du flexilån (rammelån) får du ikkje gjort endringa sjølv. Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg.
Når vi endrar renta på lån, har vi ein varslingsfrist på to månadar. Det betyr at frå datoen vi varslar deg om ei renteendring går det to månadar før den trer i kraft på lånet ditt. Det gjeld uansett om renta går opp eller ned.
Du får beskjed om endringa på SMS og som melding i mobil- og nettbanken. Du finn renteendringa under «Mine meldingar». Viss du har valt å få informasjon via brev vil du få det.
Sjå også
Kva er renta hos dykk?
Kva rente du får på lån hos oss avheng av fleire ting. Når vi skal gi deg eit tilbod ser vi mellom anna på:
Renta vil òg bli påvirka av kva slags lån det er snakk om. Eit forbrukslån vil til dømes ha høgare rente enn eit bustadlån, fordi forbukslånet gir høgare risiko for banken.
Sjå også
Prisliste med oversikt over rente på alle låneprodukt
Dei fleste nye objekt/køyretøy kan vi finansiere med inntil 10 års nedbetalingstid. Når vi skal fastsetje løpetid på lånet er det fleire ting vi ser på:
Med andre ord bør du snakke med ein rådgjevar for å få eit eksakt svar på kor lang løpetid du kan få.
Du kan innfri bustadlånet sjølv i mobilbanken eller nettbanken.
Trykk på "Betale". Legg inn lånenummret ditt som kontonummer for betaling. Du finn lånenummeret ved å trykke på bustadlånet under "Mine lån". Lånenummeret står oppført som "Konto-/Avtalenummer" under "Sjå fleire detaljar om lånet".
Ta kontakt med rådgjevar for hjelp til å berekne innfrielsessaldo.