APF tilbyr LOfavør Reiseforsikring til ein gunstig pris.

LOfavør Reiseforsikring frå Arbeiderbevegelsens Presseforbund (APF)
Norsk
Viss du alt har LOfavør Reiseforsikring kan du spare på å byte til denne. Start kjøp, så hjelper vi deg.
Kven kan kjøpe forsikringa?
Medlem i forbundet kan kjøpe reiseforsikringa. Du må òg vere medlem av folketrygda eller ha dei sjuketrygderettane som EØS-avtalen gir. I tillegg må du ha fast bustadadresse i Norden, og vere registrert i eit av dei nordiske folkeregistera.
Kvifor er LOfavør Reiseforsikring ei av marknaden sine beste?
- Forsikringa gjeld heile året, frå den augneblinken du går ut døra heime
- Forsikringa gjeld døgnet rundt, i heile verda
- Inkluderer ulykkes- og avbestillingsforsikring
- Den har svært gode vilkår og rabattert pris
- Gjeld alle reiser, inntil 70 dagar (kan utvidast)
Engelsk | English
If you already have LOfavør Travel Insurance, you could save money by switching to this policy. Click «Buy now» to get started.
Who can buy the insurance?
All members of the union are eligible to purchase the travel insurance. To qualify, you must also be a member of the Norwegian National Insurance Scheme or have health insurance rights under the EEA Agreement. Additionally, you need a permanent residential address in the Nordic region and must be registered in a Nordic population register.
Why is LOfavør Travel Insurance one of the best on the market?
- Year-round coverage from the moment you step outside your home
- 24/7 protection anywhere in the world
- Includes accident and cancellation insurance
- Competitive terms at a discounted price
- Covers all trips up to 70 days, with the option to extend
Kva dekker LOfavør Reiseforsikring?
LOfavør Reiseforsikring hjelper deg frå du forlèt heimen din og dekker mellom anna tjuveri og skader på bagasje, forsinkingar, avbestillingar, og dessutan rettleiing og behandling ved sjukdom eller skade på reisa.
Oversikta er forenkla. For detaljar, sjå vilkår.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Når gjeld forsikringa? | ||
Kor gjeld forsikringa? | ||
Kven gjeld forsikringa for? | ||
Kor lenge kan ei enkeltreise vare? | ||
Kva dekker forsikringa? | ||
Sjukdom og skade | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Bagasje/reisegods | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Avbestilling | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Heimreise | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Ansvar | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Rettshjelp | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Evakuering | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Forsinka framkomst | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Forsinka avgang | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Innhenting ved sjukdom | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Forsinka bagasje | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Avbroten reise | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Eingangsutbetaling ved ulykke/død | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Skade på leigebil | Dekkes av LOfavør reiseforsikring | |
Kundefordelar | ||
SmartDelay+ | ||
Reise SMS | ||
Eigenandelar og frådrag | ||
Reisegods og behandlingsutgifter | ||
Rettshjelp | ||
Aldersfrådrag for mobil, sykkel, briller og el-utstyr |
LOfavør Reiseforsikring vilkår
Medlem i eit LO-forbund?
Finn du ikkje ditt forbund i lista nedanfor har ikkje forbundet ditt inngått ein kollektiv avtale. Du kan likevel kjøpe LOfavør Reiseforsikring individuelt, til god pris.
Følgande forbund tilbyr kjøp av LOfavør Reiseforsikring på nett.
- Fellesforbundet
- Fagforbundet
- Fellesorganisasjonen
- Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund
- Norsk Sjømannsforbund
- Arbeiderbevegelsens Presseforbund
- Handel og Kontor
- Forfatterforbundet
Hos følgande forbund må du kjøpe LOfavør Reiseforsikring hos forbundet.
- Norsk Tjenestemannslag
- EL og IT
- Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund
- Norges offisers- og spesialistforbund
- Skolenes landsforbund
- Norsk Flygerforbund
- Styrke
- Norsk Manuellterapeutforening
- Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon
Ei kollektiv forsikring er ein forsikringsavtale som administrerast av forbundet ditt, som fleire medlemmer er ein del av. Les meir om kva ei kollektiv forsikring inneber.
Kva lurer andre på?
Kva dekker avbestillingsforsikringa?
Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di eller reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar.
Du er dekt viss avbestillinga skuldast:
- Du, reiseledsager, næraste familie eller nøkkelperson i reisefølgje blir råka av alvorleg akutt sjukdom, ulykke eller dødsfall.
- Brann, innbrot eller vannskade som krev at du må vere til stades.
- At reisa er i strid med reiseråd frå Utenriksdepartementet. Reisa må ha blitt bestilt før UD gav ut reiseråd.
Du får refundert pengar for:
- Reisa og opphaldet.
- Utflukter og arrangement.
- Dyrepensjonat (hund/katt) når du må avbestille reisa.
Slik bruker du avbestillingsforsikringa:
- Avbestilling av reise, hotell og andre reservasjonar
Kontakt flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller der du har gjort reservasjonen, og avbestill. Ta vare på stadfesting for eventuelle avbestillingsgebyr du må betale. Sjekk om reiseselskapet dekker noko ved avbestilling. - Be om legeerklæring og annan dokumentasjon
Skuldast avbestillinga eigen sjukdom, skaff ei legeerklæring som stadfestar dette. Viss det skuldast annan sjukdom i familien, barn eller nøkkelperson i reisefølge, få ein stadfesting på dette.
Viss avbestillinga skuldast andre årsaker enn sjukdom, som for eksempel branntilløp, ulykker og skadar, ta vare på alt som forklarar kvifor reisa måtte avbestillast. - Meld ifrå til Fremtind
Fremtind utbetalar vanlegvis erstatninga raskt til kontoen din.
Blir du sjuk eller skada på ferie i utlandet, er det viktig at du tar kontakt med vår alarmsentral SOS International eller ringer deira døgnopne telefon:
Dei vil hjelpe deg med å finne nærmaste godkjendte sjukehus eller legekontor og sørge for at du får riktig og nødvendig behandling. Dei hjelper deg med alt frå sjuke barn og matforgifting til brote bein. I tillegg vil dei ta seg av alt det praktiske.
På sukehuset/legekontoret
Dersom du blir bedt om å vise fram reiseforsikringsbeviset/reisekortet ditt, finn du dette i mine forsikringar, mobilbanken/nettbanken eller LOfavør-appen, under reiseforsikring. Har du reiseforsikringa som er inkludert i kredittkortet finn du dette i mobilbanken/nettbanken under kredittkort > fordelar > reisefordelar.
Hugs å ta vare på kvitteringane dersom du betaler for lege, medisin eller transport. Du vil trenge dette når du skal bruke forsikringa.
Dersom du blir lagt inn på sjukehus dekker vi også feriedagane du eventuelt mister. Dette gjeld også dersom ein lege ber deg halde senga på hotellet i minst tre dagar. Hugs då å få ei stadfesting frå legen som behandla deg om kor lenge du er bedt om å vere sengeliggande. Legeerklæringa får du enten frå lege på staden eller via ein videokonsultasjon. Hugs at du må kontakte legen når det skjer, og ikkje i etterkant av sjukdom eller skade.
Vore sjuk på reise?
Dersom du blei sjuk eller skada på ei reise du alt har starta på eller gjennomført, får du rettleiing i skjema for sjukdom eller skade på reise. Har du allereie vore i kontakt med SOS International? Då har vi allereie oppretta ei sak for deg. Då kan du sjekke status på di skadesak hos Fremtind.
Det er viktig at du kontaktar lege på staden og får ei legeerklæring for å få dekt:
- Tapte feriedagar ved sengeleie
- Ny heimreise
- Ubenytta billettar til arrangement
Utgifter som medisin, legehonorar, transportutgifter og liknande kan du vente med å melde inn til du er heime igjen. Hugs å ta vare på kvitteringar.
Sjuk før reise?
Dersom det gjeld ei reise du har bestilt og ikkje kan gjennomføre likevel, får du rettleiing i skjemaet for avbestilling.
Skal du ut å reise, og har ein kronisk liding eller ein eksisterande sjukdom eller skade og lurer på om reiseforsikringa dekker kostnadane? – få gratis medisinsk rådgjeving hos SOS International før du reiser.
Kvar i verda gjeld reiseforsikring?
Reiseforsikringa gjeld i heile verda, til alle land som ikkje Utanriksdepartementet frårår å reise til. Den gjeld frå du går ut døra heime, anten du skal på ferie, besøke familie eller berre ein tur i butikken. Reiseforsikringa gjeld derimot ikkje når du befinn deg:
- I heimen din
- På fast arbeidsstad i arbeidstida
- På studie-/undervisningsstad, SFO eller barnehage
- I militærteneste
- På ekspedisjonar, som eksempelvis: turar til Arktis, Antarktis, Sibir, Amazonas, Himalaya, Andesfjella, Nord-Canadas villmark, skitur over Grønland og sykkel/rally gjennom Sahara.
- I ekstremsport o.l
- På meir enn 6.000 meters høgde
Kor lenge gjeld reiseforsikring?
Reiseforsikringa gjeld så lenge du har reiseforsikring, men har ei avgrensa varigheit når det gjeld enkeltreiser. Standard varigheit for enkeltreiser er 70 dagar, men varigheita kan bli utvida til 90, 120 eller 180 dagars reiseforsikring. Det er også mogleg å kjøpe utvida reisevarigheit per veke for enkeltreiser. Ta kontakt med oss om du ser at reisa di vert lengre enn varigheita du har valt.
Er du usikker på kva varigheit du har valt for reiseforsikringa di? Logg inn til reiseforsikringa di i «mine forsikringar»
Reiseforsikringa i kredittkortet
Har du reiseforsikring via kredittkortet ditt gjeld andre reglar. Les om reiseforsikring i Mastercard
Sjå også
Gjeld reiseforsikring for meg over 70 år?
Gjeld reiseforsikring for barn som har flytta ut?
Kor finn eg reiseforsikringsbeviset mitt?
Dekker reiseforsikring konkurs?
Skadeforsikringar
Mange skadeforsikringar kan du avslutte sjølv i «forsikringane mine» (eller nettbank/mobilbank). Der vel du forsikringa du ønsker å seie opp, og under forsikringsdetaljar finn du "Avslutt forsikringa". Treng du hjelp du kontakt oss så hjelper vi deg.
Viss du skal flytte skadeforsikringa til andre forsikringsselskap, får vi beskjed frå selskapet som overtar forsikringa, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag som forsikringa blir starta opp i nytt selskap. Det same gjeld viss du flyttar forsikringa til oss.
For nokre skadeforsikringar, er det eit par ting som kan vera greitt å vite:
Køyretøy
For å seie opp ei køyretøyforsikring for eit registrert køyretøy, må du først avregistrere køyretøyet hos Statens vegvesen.
- Har du selt, vraka eller meldt kjøretøyet ditt stole, får vi beskjed frå Statens vegvesen, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag.
- Er det ein leasingbil må du kontakte oss for å avslutte forsikringa.
- Har du midlertidig avregistrert køyretøyet, går du automatisk over på ein lagringsforsikring. Viss du ikkje ønsker dette kan du logge inn og avslutte forsikringa.
Båtforsikring
Båtforsikringa kan du seie opp sjølv, men det kan vere greitt å vite at båtforsikringa har sesongvariert pris.
Innbuforsikring
Innbuforsikringa kan du òg avslutte sjølv. Under forsikringsdetaljar finn du både «Avslutt forsikringa» og «Endre adresse». Dette gjeld ikkje viss du har LOfavør Innbuforsikring, som følger medlemskapet og folkeregistrert adresse.
Reiseforsikring
Reiseforsikringa er inngått som ein årsavtale, som blir fornya automatisk ved hovudforfall. Når du seier opp reiseforsikringa, så vil den avsluttast ved hovudforfall.
Personforsikringar
Viss du seier opp ei personforsikring fordi du skal flytte den til eit anna forsikringsselskap, bør du lese reglar for flytting av personforsikring, før du avsluttar forsikringa.
For å seie opp ei personforsikring loggar du inn i «forsikringane mine» og vel forsikringa du ønsker å seie opp, og vel "Avslutt forsikringa". Hugs at du kan få utbetaling frå fleire av same personforsikring, så når du kjøper hos eit forsikringsselskap vil den ikkje automatisk avsluttast hos eit anna.
Ønsker du hjelp?
Ja, heilårs reiseforsikringa gjeld for alle, uansett alder. Det er inga øvre aldersgrense for å kjøpe reiseforsikring. Den einaste avgrensinga er at ulykkesdekninga (eingongsutbetaling ved medisinsk invaliditet og død) justerast ned med alderen. Etter du fyller 70 år vert erstatninga redusert, og etter du fyller 75 år opphøyrer denne dekninga. Elles er alt som før.
Viktig!
For heilårs reiseforsikringa er behandling og sjukehusopphald etter ei ulukke alltid dekt for alle, uansett alder.
For reiseforsikringa i kredittkortet er det fleire avgrensingar etter du fyller 80 år. Blant anna er du då ikkje dekt ved sjukdom/ulukke, avbestilling eller heimreise.
Sjå oversikt og samanlikn kva som dekkast av begge typar reiseforsikring.
Ja, om du kun ønsker eingongs reiseforsikring (enkeltreiseforsikring) har du reiseforsikring inkludert når du betaler reisa di med ditt MasterCard. Enten du skal på dagstur (med fly), ei veke til syden eller på lengre opphald (inntil 90 dagar) så er ei midlertidig reiseforsikring i Mastercardet ei rimeleg reiseforsikring.
Skal du opphalde deg lengre enn 90 dagar, må du kjøpe ei heilårs reiseforsikring og velje varighet opp til 120 eller 180 dagar. Med denne reiseforsikringa har du også moglegheit til å kjøpe utvida reisevarighet per veke for enkeltreiser.
Nei, du kan ikkje kjøpe reiseforsikring som gjeld for den aktuelle reisa viss reisa alt har starta. Det er difor viktig å hugse at reiseforsikringa må kjøpast før avreise.
Det er også viktig å hugse at reiseforsikringa berre dekker avbestilling av reiser og billettar som er kjøpt etter reiseforsikringa blei kjøpt. Viss reiseforsikringa blir kjøpt etter at reisa er bestilt/betalt men før avreise, gjeld den som vanleg for alle andre hendingar som skulle skje, som til dømes forseinkingar, tjuveri, sjukdom m.m.
Seint ute?
Hos oss får du reiseforsikring på dagen. Eller, faktisk på minuttet dersom du kjøper på nett.
Ja, med reiseforsikringa vår har du ubegrensa samla forsikringssum (erstatning) for bagasjen. Erstatninga er avgrensa til 40.000 kroner per enkeltgjenstand*. For kontantar, pass og reisedokument er maks erstatning 10.000 kroner per person. Du er dekka av reiseforsikringa viss årsaka er:
- Mista/tapt innsjekka bagasje
- Skade på innsjekka bagasje
- Tjuveri
- Ran
*Følgande eigedelar vert erstatta samla som ein enkeltgjenstand:
(døme: tar du med deg 5 dyre smykker på reise, er makserstatninga på 40.000 kroner til saman for alle smykkene).
- Smykker, klokker, pels og bunad
- Elektronisk utstyr med tilbehøyr
- Musikkinstrument med tilbehøyr
- Sports-/fritidsutstyr
- Våpen med tilbehøyr
- Køyreutstyr til motorkøyretøy
Vi anbefaler deg å kjøpe verdisakforsikring på ekstra dyre verdisaker. Då er du dekka for heile verdien, i heile verda og for nesten alle typar skadar og hendingar.
Reiseforsikringen gjeld heile året, frå det augeblikket du forlet heimen din. Både du og familien er forsikra på alt frå lange ferieturar til småturar i kvardagen – anten du skal ein tur til fjells, ut i skjærgården eller berre til butikken.
Reiseforsikringen dekkjer tyveri av lommebok, mobil eller andre personlege eigendelar (bagasje du har med på turen). I tillegg er det inkludert ein heiltids ulykkesforsikring som dekkjer ulykkesskader heime og ved utandørs- og fritidsaktivitetar; mellom anna vatn- og seilsport, sykkelturar, ridning, klatring, juving, «familierafting» og dykking.
Uansett kor du skal reise, råder vi deg til å følgje myndigheitene sine reiseråd og gjere nødvendige smittetiltak.
God tur!
Viss bagasjen din er meir enn 4 timar forseinka ved utreise, får du erstatning. Er du på jobbreise vert nødvendige utgifter dekka uansett kor kort tid bagasjen er forseinka. Forseinka bagasje ved heimreise er ikkje dekka av reiseforsikring.
Dette skal du gjere viss bagasjen din er forseinka ved utreise:
1: Meld frå til flyselskapet
- Oppsøk skranken til flyselskapet for å melde ifrå.
- Få ein stadfesting på forseinkinga – ein såkalla PIR-rapport.
2: Kjøp det du treng
Blir bagasjen meir enn fire timar forseinka etter ankomst, kan du handle det nødvendige av klede og toalettsaker for inntil 5.000 kroner per person. Gjeld berre ved utreise. Vi dekkar ikkje utgifter til ting du kjøper etter at bagasjen er tilbake. Dette dekkar òg eventuell leige av nødvendig barnevogn/sykkel/ski eller anna sportsutstyr.
Hugs å ta vare på kvitteringane og bagasjetaggen.
3: Kontakt forsikringsselskapet
Meld saka til Fremtind Forsikring for erstatning, innan 1 år frå hendinga. Du kan alltid ringe viss du treng praktisk og umiddelbar hjelp – (+47 915) 02300.
Sjå også
Det er som hovudregel ingen eigenandel ved bruk av heileårs reiseforsikring. Unntaka er ved (eigendel i parentes):
- rettshjelp (4.000 kr + 20 % av utgiftene)
- fysisk skade på mobiltelefon (2.000 kr)
- tjuveri av mobiltelefon (2.000 kr)
For reiseforsikringa i kredittkortet er eigenandelen 500 kroner for reisegods og behandling etter ulykke.
Aldersfrådrag ved erstatning
For nokre gjenstandar som er kjøpt nye er det aldersfrådrag ved erstatning. Skal det gjerast aldersfrådrag på reisegods, gjerast dette før eigenandelen trekkast.
Gjenstand |
Frådragsfrie år |
Frådrag per påbegynte år (maks 80 %) |
Mobiltelefon | 1 | 20 % |
Elektronisk utstyr med tilbehør | 1 | 10 % |
Sykkel | 3 | 20 % |
Briller | 1 | 10 % |
Det er greitt å vite at andre gjenstandar blir erstatta med marknadspris, gjenanskaffelsespris eller omsetningsverdi som brukt – avhengig av type gjenstand. Det kan òg vere makserstatning eller andre avgrensingar. Sjå vilkår eller forsikringsavtale for detaljar.
Sjå også
Ja, heilårs reiseforsikringa dekker øydelagt mobil eller knust mobilskjerm på grunn av uhell, utanfor heimen. Viss du ønsker å forsikre deg mot uhell må du ha innbuforsikring topp eller ei eiga mobilforsikring.
Sjå full oversikt over kva for forsikringar som dekker mobilen.
Sjå også:
Dekker reiseforsikringa fråstolen jakke?
Dekker forsikringa brillene mine viss eg mistar dei?
Kva er reisegods?
Blant Norges beste på skadeoppgjer
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.