Kva gjer eg viss eg blir utsett for tyveri eller ran på reise?

1: Meld frå

  • Meld frå til det lokale politiet.
  • Ta vare på anmeldinga du får.
  • Noter ned namn på eventuelle vitner.
  • Rekker du ikkje å melde hendinga til det lokale politiet, sørg for å få ei bekrefting frå reiseleiar eller hotell.
     

2: Finn fram dokumentasjon
For å hjelpe deg er dette relevant for oss:

  • Politianmelding, eller annan dokumentasjon – om du ikkje har fått meldt det til politiet på staden.
  • Namn på eventuelle vitner.

Når du kjem heim, lag ei liste på stjålne gjenstandar og finn kvitteringar.

3: Kontakt oss
Ring oss på (+47 915) 02300 viss du trengjer praktisk og umiddelbar hjelp.
Ellers kan du vente med å kontakte oss til du kjem heim.

4: Hva skjer etterpå?
Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du kontaktar oss, blir vi som oftast einige i første telefonsamtale. Vi fortel deg kva du eventuelt trengjer å sende av dokumentasjon.

 

Greit å tenkje på

Ikke legg verdisakene dine på kafébordet.

Tenke på kva du tar med deg ut. Særlig til stranden og når du går ut om kvelden.

Unngå å ha dyre gjenstandar lett tilgjengeleg og synleg – som dyre klokker, ringer og smykke.