Nei, reiseforsikringa dekker ikkje utgifter i samband med at flyselskapet har kansellert eller innstilt ein flyavgang.
Har flyselskapet eller reiseoperatøren din kansellert flyet ditt/reisa di har du ein del rettar overfor flyselskapet/reiseoperatøren. Du har krav på å få kompensert heile beløpet du har betalt for reisa, eller få ombooking til eit tidspunkt du vel sjølv. Du kan også ha krav på å få dekka økonomisk tap som førehandsbetalt hotellopphald, leigebil eller billettar, som du ikkje får nytta på grunn av at flyginga di blei kansellert eller innstilt. Kravet må du rette mot flyselskapet eller reiseoperatøren.
Forbrukarrådet har laga ein kalkulator som reknar ut kva du har krav på i kompensasjon ved forsinkelse, kansellering eller overbooka fly.