Bustadlånskalkulatoren vår gir deg ei utrekning på kor mykje du kan få i bustadlån, og kva lånet vil koste i månaden. Du kan også bruke bustadlånskalkulatoren som ein nedbetalingskalkulator.
Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.775.115 kr. Effektiv rente er 5,91 % og månadleg terminbeløp 12.575 kr
Nedbetalingskalkulator
Visste du at bustadlånskalkulatoren også kan brukast som ein nedbetalingskalkulator? Legg inn lånebeløp og rente under "Kor mykje kostar lånet?" og trykk på visnedbetalingsplan under. Du kan for eksempel sjå kor mykje kortare nedbetalingstida blir ved å auke avdraga, eller betale ekstra på lånet.
Har du lån hos oss? Då kan du òg logge inn i mobil- eller nettbanken din og sjekke ut detaljar på lånet ditt.
Ein lånesøknad er både gratis og uforpliktande
Lånekalkulatoren gir deg ein indikasjon på kor mykje du kan låne. Det er fleire ting som påvirkar kor mykje akkurat du kan få i lån.
For å få eit nøyaktig lånetilbod må du sende oss ein søknad. Dette må du gjere for å få med nødvendig dokumentasjon.
Er de to som søker, kan det vere lurt å sitje saman sidan begge må gi samtykket sitt til at vi kan hente informasjon frå Skatteetaten.
Å sende inn ein lånesøknad tar berre eit par minutt, forpliktar ikkje noko, og er sjølvsagt heilt gratis.
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 85 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 15 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke omkostningane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostninger, avheng av kva type bustad du kjøper.
Sjølveigar: Du må betale 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift til staten, og eit lite gebyr for tinglysing av skøyte og tinglysing av sikkerheita til banken.
Burettslag: Omkostningane er betydeleg lågare, ca. 5000 kroner.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 600 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Det er mogleg å låne meir enn 85 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Når vi får ein søknad om finanseringsbevis får du normalt sett svar etter 1-2 arbeidsdagar, men det kan variere mellom høg- og lågsesong. Med eit finansieringsbevis har du ei stadfesting på at du har fått innvilga lånet ditt, og er klar til å hive deg inn i bodrunden.
Finansieringsbeviset kan du enkelt finne i mobilbanken din. Hugs at du ikkje bør fortelje eigedomsmeklaren kor mykje du har fått i finansieringsbevis. Dette er forhandlingskortet ditt i bodrunden.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Nominell rente er rentesatsen på lånet før gebyr, og er vanlegvis oppgitt som ei årleg rente.
Effektiv rente er nominell rente pluss gebyr og andre kostnadar. Talet på avdrag du betalar (betalingsterminar) og lånet si løpetid (nedbetalingstida) påvirkar òg den effektive renta. Denne fortel deg den faktiske prisen på lånet.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Om du tar opp lån saman med nokon blir de ofte omtalt som medlåntakar og hovudlåntakar. De blir samskyldnarar for lånet. Enklare forklart: De har like stort ansvar for at lånet blir nedbetalt. Medlåntakaren er som oftast sambuar eller ektefelle.
Fordelen med ein medlåntankar er at du kan få eit større handlingsrom enn om du låner åleine. Når du tar opp bustadlån kan ikkje samla gjeld vere høgare enn 5 gonger inntekta di. Med to eller fleire låntakarar vil det vere den samla inntekta (og gjelda) som blir vurdert når lånesøknaden blir behandla.
Kva rente du får på lån hos oss avheng av fleire ting. Når vi skal gi deg eit tilbod ser vi mellom anna på:
Storleiken på lånet
Kor mykje eigenkapital du har
Inntekta di
Kor mykje du har i samla gjeld
Renta vil òg bli påvirka av kva slags lån det er snakk om. Eit forbrukslån vil til dømes ha høgare rente enn eit bustadlån, fordi forbukslånet gir høgare risiko for banken.
Ein kausjonist er ein person (som regel foreldre) som gir ein garanti til banken om å betale lånet ditt viss du sjølv ikkje klarer det. Den vanlegaste formen for kausjon er realkausjon, som vil seie at banken får tilleggssikkerheit i bustaden til kausjonisten.
For unge som skal kjøpe bustad for første gong, kan kausjon vere god løysing for å få det lånet dei har behov for. Foreldre bør likevel tenke godt gjennom ansvaret sitt før dei inngår ein kausjonsavtale.
Når du låner pengar av banken, må du som regel tilby ei form for sikkerheit. Det vil seie at du lar banken ta pant i noko du eig, til dømes bustad, hytte, tomt, bil eller båt.
Dersom du mislegheld lånet ditt, altså at du ikkje betaler renter og avdrag som avtalt, kan banken krevje at du sel tingen du eig og betaler tilbake det du skuldar. Ofte verkar dette slik at desto betre sikkerheit du klarer å stille til banken, desto betre vilkår (renter) kan du få på pengane du låner. Derfor er òg forbrukslån og kredittkort, som er lån utan sikkerheit, dyrare.
Om du bør velje fast eller flytande rente er avhengig av fleire faktorar. Treng du forutsigbarheit, kan det vere ein god idé å velje fast rente. Har du større behov forfleksibiliteti nedbetalinga, vil flytande rente vere eit betre alternativ.
Lån med flytande rente er den vanlegaste lånetypen. Eit lån med flytande rente følger rentemarknaden. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønnar seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då veit du nøyaktig kor mykje du skal betale kvar månad, uavhengig av kva som skjer i rentemarknaden. Hos oss får du fastrentelån med ei bindingstid på 3, 5 eller 10 år.
Du treng ikkje velje mellom det eine eller det andre. Du kan velje å binde renta på til dømes halve lånet.
Sjå også
Du kan velje å binde renta på heile eller delar av lånet. Korleis går eg fram?
Forskjellen på annuitetslån og serielån ligg i fordelinga mellom avdrag og renter gjennom løpetida på lånet.
Med eit annuitetslån betaler du same beløp kvar månad gjennom heile løpetida på lånet, gitt at renta er uforandra. Det betyr at at avdragsdelen blir større og rentedelen mindre etter kvart som du betalar ned på lånet.
Med eit serielån betaler du mindre for kvar månad du betaler ned på lånet. Rentedelen går ned medan avdragsdelen er den same.
Annuitetslån
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med annuitetslån. Rentedelen fell, medan avdragsdelen aukar tilsvarande.
Serielån
Søylene viser fordelinga mellom renter og avdrag med serielån. Avdragsdelen er den same gjennom heile låneperioden.
Kva anbefaler vi?
Annuitetslån er den vanlegaste og mest forutsigare låneforma. Derfor har òg annuitetslån blitt standard låneform for alle som søker bustadlån i dag. Dersom du har råd til å betale dei månadlege beløpa som serielånet startar med, kan det lønne seg for deg å velje eit annuitetslån med kortare løpetid.
Sjølv om styringsrente og bustadlånsrente ikkje er det same, heng dei tett saman. Viss Noregs Bank set opp styringsrenta, kva betyr det for deg som har bustadlån?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}