Eit bilkjøp er som regel ei stor investering, og det er nokre ting du bør tenke gjennom før du tar eit billån.
Eige båtlån eller auke bustadlånet?
Det er mange som vel å auke bustadlånet i staden for å ta opp eit eige billån. Det har både fordelar og ulemper. Eit bustadlån har lågare renter enn eit billån, men du vil misse den ledige sikkerheita i bustaden til andre ting, som til dømes oppussing eller til å hjelpe barna inn på bustadmarknaden.
Eigenkapital
Viss økonomien din er god nok til å betale dei månadlege lånekostnadane er det fullt mogleg å få billån utan eigenkapital. Vi anbefaler likevel å stille med noko eigenkapital dersom du har moglegheit til det, då rentene blir høgare om du låner heile kjøpesummen.
Nedbetalingstid
Du bør ta ei vurdering på kor lang nedbetalingstid du skal ha på billånet. Kor lang den bør vere avheng av verdien av bilen. Hos oss får du inntil 10 års nedbetalingstid på billån, men det er lurt å passe på at prisen på lånet ikkje er høgare enn det bilen er verd.
Hugs: For at seljar skal få pengane sine må du signere lånepapira og sende inn ei salsmelding med omregistrering. Når det er gjort utbetalar vi lånet og sørger for at heftelsar blir innfridd. Deretter sender vi deg ei stadfesting på at pengane er utbetalt. Etter det er det berre å hente den nye bilen din – gratulerer!
Sjå også
Bør eg ha eit eige billån eller auke bustadlånet?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å få billån?
Kor lang nedbetalingstid bør eg ha på billånet?