TIPS OG RÅD
Mi bilforsikring
Takk for at du har bilforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige tips og råd om bilforsikringa di, endringar du kan gjere på avtalen sjølv og spørsmål mange andre lurer på.
TIPS OG RÅD
Takk for at du har bilforsikringa di hos oss!
Vi har samla ein del nyttige tips og råd om bilforsikringa di, endringar du kan gjere på avtalen sjølv og spørsmål mange andre lurer på.
Informasjon om bilforsikringa di finn du ved å logge inn til mine forsikringar (min side). Her kan du mellom anna:
Det finst nesten uendelege ting som kan skje med deg og bilen din, og det er ikkje alltid så lett å finne fram i vilkåra. Vi har sett saman dei mest stilte spørsmåla rådgjevarane og skadebehandlarane våre får. Viss du ikkje finn fram til svaret her, kan du alltid kontakte ein forsikringsrådgjevar hos oss.
Når du låner bort bilen, fungerer bilforsikring på same måte som den gjer no. Det er du som eig bilen og forsikringa, som må betale eigenandelen (og eventuelt må ta bonustapet) viss det skjer ein skade. Det kan derfor vere lurt å informere om dette, til den som lånar bilen din.
Hugs at viss du låner bort bilen til nokon som er under 23 år, så må du registrere dette i forsikringsavtalen din.
Lærekøyring
Du treng ikkje registrere førar under 23 år i bilforsikringa ved lærekøyring. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer.
Viss den som lærekøyrer loggar 2.000 km med lærekøyring, får hen 70 % startbonus på bilforsikringa vår. Hugs den raude L’en :)
Hvis du er usikker, kan du kontakte oss så skal vi hjelpe deg.
Du kan velje mellom 4 forskjellige betalingsfrekvensar på forsikringane dine:
Om du ønsker å endre på betalingsfrekvensen du har i dag, kan du logge inn til «mine forsikringar», velje «betaling og faktura» i menyen, gå til «betalingsavtaler» og «endre betalingsintervall». Er du usikker kan du kontakte oss så hjelper vi deg med å endre.
Sjå også
Kva er sesongvariert forsikringspris?
Kva er fordelane med eFaktura/AvtaleGiro?
Eg har spørsmål om fakturaen eg har fått frå Fremtind?
«Frå dato» som avvik frå den gjeldande terminen betyr at det er gjort endring med tilbakeverknande kraft. Vi har difor føretatt ein avrekning med verknad frå same dato. Om din forsikringspris er endra vil du få eit tillegg, eventuell frådrag, med bakgrunn i kva som tidlegare er fakturert.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.
AvtaleGiro
Du vil ofte motta første faktura i posten, fordi denne som regel blir produsert før AvtaleGiro eller eFaktura er registrert hjå oss.
eFaktura
I nettbanken vel du «Innstillinger» og «Betaling» og der kan du velje «Tillat eFaktura» for å motta eFaktura. Avtale om eFaktura krev at du har valt dette og ikkje reservert deg.
Ta kontakt med oss, viss du framleis får forsikringsfakturaen i posten.
Du treng ikkje seie opp bilforsikringa, verken om du sel bilen, vrakar den eller melder den stolen. Forsikringa vil automatisk bli avslutta frå den dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salsmelding).
Den som kjøper bilen din må kjøpe forsikring før de får omregistrert den.
Leasingbil
Er det ein leasingbil du skal levere tilbake? Då må kontakte oss for å sei opp forsikringa når du avsluttar leasingperioden.
Ikkje noko problem! Når du midlertidig avregistrerer bilen din får vi beskjed frå Statens vegvesen, og overfører bilforsikringa di til ei lagringsforsikring. Då slepp du blant anna å betale trafikkforsikringsavgift og ansvarsforsikring. I tillegg blir prisen mykje lågare.
1: Dokumenter skadene
2: Bestille veghjelp (om du treng det)
Vi hjelper deg heile døgnet. Treng du veghjelp kan du anten bestille dette digitalt eller ringje oss på 915 02300.
3: Meld skade
Melder du skaden på nett, så slepp du ventetid og telefonkø.
4: Kva skjer etterpå?
Du kan følgje status på skadesaka di ved å logge inn til «Mine skadesaker». Der kan du òg laste opp vedlegg, bilete og dokumentasjon, sende meldingar, samt finne namn og kontakinformasjon til din skadebehandlar.
Viss bilnøkkelen er stole eller du ikkje finn den (og ikkje har ein reserve-bilnøkkel) må du kontakte bilforhandlaren din og bestille ein ny bilnøkkel. Har du ein eldre bil utan avansert nøkkelteknologi, kan du òg kontakte låsesmed. Hugs å ha identifikasjon og eigarskapsbevis for bilen din tilgjengeleg.
Hva dekker nøkkelforsikringen i bilforsikringa mi?
Vi dekker ny bilnøkkel, programmering og omkoding hos autorisert verkstad/låsesmed, for følgjande typar bilforsikring.
Dekningar | ||
---|---|---|
Stolne nøkkel | Dekkes av Toppkasko | |
Mista nøkkel | Dekkes av Toppkasko | |
Øydelagt nøkkel | Dekkes av Toppkasko | |
Eigenandel |
Fremtind kan hjelpe deg raskare dersom du finn ut kva det kostar for ny nøkkel før du melder inn skade.
Ja, det er ulovleg å lade elbilen i vanleg stikkontakt, med mindre:
Det nye regelverket som blei innført 1. januar 2023 kallast for NEK 400. Regelverket går ut på at det krevjast ladeboks med type 2-kontakt ved nyinstallasjon for fast lading av elbil. Reglane gjeld både heime og på hytta, for både el- og hybridbilar.
Avkorting på forsikringa
Dersom du ladar elbilen din heime med vanleg stikkontakt utan å følge krava frå DSB (Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap), kan du få avkorting på forsikringa dersom det oppstår brann.
Det kan også vere greitt å vite at vanlege stikkontaktar ikkje er designa for å handtere den høge effekten lading av elbil krev. Elbilar trekk mykje straum kontinuerleg og over lengre tid, noko som kan overbelaste leidningsnettet til stikkontakta. Dersom leidningsnettet er gammalt eller ikkje dimensjonert for å takle den høge belastninga, kan det oppstå varmgang og i verste fall føre til brann. Det kan vere greitt å vere merksam på at ein brann som regel vil starte inne i huset der sikringsskapet er, og ikkje i sjølve bilen eller ladaren.
Sjå også
Dekker bilforsikringen ladekabelen?
Kva kostar forsikring på elbil?
Ja, viss du har delkasko eller betre er du dekt for hærverk. Det gjeld òg viss du har motorsykkel, campingvogn eller andre køyretøyforsikringar.
Viss ein annan bil har skada bilen din og stukke av er du dekt av kasko og toppkasko. Det er ikkje bonustap ved skadar på parkert bil viss du har toppkasko, men du må betale eigenandel.
Er skaden liten kan det vere greit å sjekke om det løner seg å reparere skaden sjølv. Som kunde får du 15 % rabatt på reparasjon av småskadar hos MPS Bilskade.
Har du hatt hærverk på bilen?
Viss du meiner at skaden skuldast hærverk, melder du frå til politiet. Det kan du gjere på politiet.no eller ved å ringe 02800. Deretter kan du melde saka til forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
Ved til dømes lukeparkering eller køyring i smale gater kan det vere fort gjort å vere uheldig og kantkøyre felgen mot fortauskanten. Både kasko og toppkasko bilforsikring dekker reparasjon eller erstatning av kantkøyrt felg.
Greitt å vite
Det kan vere lurt å sjekke om det lønner seg å reparere felgen eller kjøpe ny felg sjølv, då du må betale eigenandel per hending ved bruk av forsikringa. Det vil også gje bonustap på forsikringa. Som kunde får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade, på reparasjon av småskadar som kantkøyrte felgar, steinsprut i lakken o.l.
Har du kantkøyrt felgen?
Du kan velje å ikkje bruke forsikringane dersom det ikkje lønner seg, sjølv om du har meldt skade til Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium