Treng du å låne pengar til ny bil, og er usikker på om du må selje bilen du har før du kjøper ny? Vi hjelper deg i prosessen, både med kva du har økonomi til, og kva som er viktig å hugse når du skal byte bil.
Dette må du tenke på
Tenk nøye gjennom behovet ditt og kva du har økonomi til.
Vurder om du skal selje bilen du har før du kjøper ny.
Når du skal byte bil, tenk over både behov og økonomi. Vurder bilens primære bru – treng du ein romsleg familiebil, ein mindre pendlarbil, eller ein miljøvennleg hybrid/elbil? Bruk gjerne einbillånskalkulatorfor å få oversikt over månedlege utgifter, slik at du vel ein bil som passar både livsstil og budsjett.
Vi treng aller først ein digital søknad frå deg. Vi har ikkje moglegheit for å sjekke finansiering over telefon, men du kan sjekke ut lån til køyretøy i din mobilbank, nettbank eller på nett. Her kan du prøve ut vår lånekalkulator før du sender oss ein søknad.
Du må logge deg inn med BankID og godkjenne at vi innhentar siste opplysningar om skattemelding og lønnsslippar. Deretter fyller du ut søknadsskjema, før søknaden sendast til oss for behandling.
Vi behandlar søknaden så raskt vi kan, og kontaktar deg på e-post eller telefon. Er du kunde i banken, kan du følge status på søknaden din i mobil- og nettbanken også.
Om søknaden blir godkjent, har de eit godkjent finansieringsbevis og kan slå til når den riktige bilen dukkar opp! Finansieringsbeviset kostar ingenting og varer i 60 dagar. Det kan fornyast, endrast og slettast. Men hugs, du kan ikkje overta bilen før lånedokumenta er signert, så ta kontakt med oss så snart du har funne bilen som er aktuell.
Bruk anerkjente nettstader og marknadsplassar for å finne bilar som oppfyller dine krav.
Sjekke at opplysningane om bilen stemmer
Sjekk med seljar om alle servicar er følgt og om bilen har hatt større skader, og kva utstyr som følger med bilen. Opplysningar om bilen er EU-godkjent, om seljar er eigar av bilen, tal på eigarar og andre opplysningar om bilen finn du hos Statens Vegvesen. Du kan ikkje klage på noko du overser i annonsa.
I tillegg kan det vere lurt å sjekke at bilen har alt det utstyret du ønsker, kva dekk som følger med og om alle nøklane følger med. Finn også ut om bilen har garanti og eventuelt kor lenge han varer.
Sjekk tilstanden
Sjekk kilometerstand, årsmodell og EU-kontroll hos Statens vegvesen. Ein godkjent EU-kontroll sikrar at bilen oppfyller nødvendige krav for å kunne bli køyrt. Viss seljar ikkje gir ein tilstandsrapport, kan det vere lurt å få ein frå NAF, Viking eller ein bilverkstad. Rapporten gir informasjon om eventuelle feil og bilen sin generelle tilstand. Det anbefalast også å bruke Forbrukarrådet si sjekkliste eller andre pålitelege kjelder, spesielt ved kjøp av bruktbil. Sjå kva du bør tenke på viss du kjøper bruktbil.
Sjekke heftelsar
Sjekk alltid om bilen har heftelsar. Har du lån hos oss passar vi på at du får ein bil utan heftelsar. Du kan sjekke heftelsar hos Brønnøysundregisteret. Ein heftelse betyr at eigaren har lånt pengar med pant i bilen. Heftelsen følger bilen, og ikkje eigaren.
Prøvekøyr bilen
Sørg for å prøvekøyre bilen for å sikre at den fungerer som forventa. Sjå kva du bør sjekke under prøvekøyring. (lenke)
Når du har funne ein bil som er aktuell og blitt einig med seljar om pris, må lånedokument signerast før overtaking. Etter signering vil du motta ei bekrefting på utbetaling som du kan vise til seljar. Hugs at dei signerte lånedokumenta først blir bindande når vi har mottatt ein kopi av den signerte kjøpekontrakten mellom deg og seljar. Forslag til kjøpekontrakt finn du hos Forbrukerrådet.
Når lånedokumenta er signert, sender vi deg ei lenke til opplastning av kjøpekontrakten. Dersom kjøpesummen eller kjøretøyet endrar seg, kan vi tilpasse eit nytt lånebevis for deg.
Før du kan omregistrere og overta bilen må du ha forsikringa i orden. Då er du dekka frå dag éin i tilfelle noko skulle skje. Forsikring må bestillast i hovudeigar sitt namn, ikkje i eventuell medeigar sitt namn.
Då har du full oversikt over både lån og forsikring i mobil- og nettbank. Samlar du forsikringane dine hos oss kan du få inntil 20 % rabatt .
Etter signering av kjøpekontrakt må køyretøyet omregistrerast til ny eigar.
Send inn salsmelding.
Det er seljar som sender inn salsmelding ved å logge inn på Statens Vegvesen. Seljar treng kjøpar sitt namn, fødselsnummer og mobilnummer. Kjøpar vil motta ein sms og godkjenner salsmelding på nett. Eventuell medeigar må også godkjenne salsmeding. Ny eigar(ar) kan ikkje bruke køyretøyet før det er omregistrert.
Omregistrer bilen
Når salsmeding er godkjent må du som kjøpar betale omregistreringsavgift før du kan bruke køyretøyet. Omregistreringsavgifta betaler du på Statens Vegvesen. Kor mykje avgifta er på, kjem an på biltype, vekt, motor og anna utstyr. Sjå Skatteetaten for berekning av avgifta. Bilen må vere EU-godkjent før den kan omregistrerast.
Når omregistreringsavgift er betalt kan du skrive ut midlertidig vognkort og bruke ditt nye køyretøy. Ordinært vognkort får du i posten i løpet av fire til sju virkedagar.Midlertidig vognkort kan du laste ned på Statens Vegvesen.
Vi sørger også for at eventuelle heftelsar er innfridd og gir deg ei stadfesting på utbetaling av lånet. Ein heftelse betyr at eigaren har lånt pengar med pant i bilen. Heftelsen følger bilen, og ikkje eigaren.
Eigne pengar
Har du eigne pengar du vil bruke, overfører du beløpet direkte til seljar. Det er viktig at du og seljar har signert kjøpekontrakt før du betaler og du må hugse å sjekke om bilen har heftelsar hos Brønnøysundsregisteret. Her er det viktig at du får bekrefta at heftelsen vil bli sletta.
Når desse stega er fullførte er du eigar av den nye bilen din. Gratulerer!
PS! Dersom du angrar på lånet har du 14 dagars angrerett. Det betyr at du må innbetale saldo, renter og tinglysningsgebyr.
Reklamasjonsrett
Visste du at du har reklamasjonsrett i to år dersom bilen er kjøpt av privatperson? Har du kjøpt bil hos forhandlar har du fem års reklamasjonsrett. Men hugs at du berre kan klage på feilaktig og utelatte opplysningar om bilen, eller feil som ikkje er ein del av bilen sin vanlege vedlikehald.
Sjekkliste prøvekjøre bruktbil
Ei grundig prøvekøyring er like viktig som å sikre at bilen oppfyller dine behov og passar ditt budsjett. Dette må du hugse på:
Sjekk alltid serviceheftet.
Sjå etter skadar i lakk, riper eller bulkar. Rust bør sjekkast i skjermbuar, underside av dørene og innside av bagasjerom.
Høyr etter lydar i motor, gjerne i ulike hastigheiter. Kjenner du vibrasjon når du køyrer over 60 km/t?
Test bremsene fleire gonger. Sjekk at ABS fungerer.
Sjekk om dekka er skeivslitne og mønsterdjupne
Sjekk om nokon varsellamper lyser og om klimaanlegg, varmesete, spegel, ryggekamera og vindauge, og vindaugspussarar fungerar som dei skal.
Sjekk batteri og oljelekkasje på bensin- og dieselbilar.
Sjekk rekkevidde og ladeleidningar på elbil.
Sjekk kva du får med av ekstra utstyr som reservehjul, jekk, sommardekk og vinterdekk, varseltrekant og tal nøklar.
Kva lurer andre på?
Kor mykje du kan få i billån, avheng av fleire forhold i økonomien din. Inntekter og utgifter, om du kjøper åleine eller saman med nokon, og om du har barn kan påverke kor stort lån du kan få. Har du noko eigenkapital i form av enten sparepengar eller innbyttebil, kan du låne meir – ofte til ei lågare rente enn om du må låne heile kjøpesummen.
Prøv vår billånskalkulator for å få ein god indikasjon på kva prisen på billånet blir før du søker.
Kor lang nedbetalingstid du bør ha på billånet avheng av verdien av bilen. Vi gir inntil 10 års nedbetalingstid på eit billån, men det er viktig å passe på at prisen på billånet ikkje er høgare enn det bilen er verd. Ein bil vil tape seg i verdi over tid, og med unødvendig lang nedbetalingstid risikerer du å sitje med restgjeld den dagen bilen skal seljast.
Du kan sjå kor mykje lånet kostar med vår billånskalkulator. Med denne får du ein god indikasjon på kva prisen blir.
Det er ikkje noko krav om eigenkapital for å få billån. Viss økonomien din er god nok til å betale dei månadlege lånekostnadane er det fullt mogleg å få billån utan eigenkapital.
Låner du heile kjøpesummen må du betale ei høgare rente enn viss du har noko eigenkapital. Du må også passe på at ikkje bilen tapar seg så mykje i verdi at du har meir igjen på lånet når du skal selje den, enn det du får for bilen.
Derfor anbefaler vi å stille med noko eigenkapital dersom du har moglegheit til det.
Vi kontaktar deg på telefon eller e-post for å oppdatere deg om status på søknaden. Er du kunde, kan du sjekke status på søknaden din i mobilbanken eller nettbanken din.
Har seljar gjeld på bubilen, kallast dette heftelsar. Med eit eige billån sørger vi for at gjelda blir sletta og seljaren får det som blir igjen. Aukar du huslånet for å kjøpe bubil, må du sjølv passe på at seljar betalar det han skuldar.
Sjekk om bilen du skal kjøpe har heftelsar i Brønnøysundregisteret. NB: Heftelsen kan vere mindre enn det som står i Brønnøysund. Den er som då den blei registrert, og endrast ikkje i låneperioden.
Ja, det kan du! Men du må signere lånedokumenta før du tar med deg køyretøyet. Sjølve overtakinga blir ein avtale mellom deg og seljar.
Vi kan sende deg lånedokument for signering før du har sett på køyretøyet. Sjølv om du signerer låneavtalen med oss, er du ikkje knytt til handelen før vi har fått signert kjøpekontrakt og/eller salsmelding. Det betyr at du kan ha alt klart før du reiser for å sjå på køyretøyet. Dersom han fell i smak kan de skrive kjøpekontrakt, fylle ut salsmelding, og sende inn til oss. Du vil få ein eigen link på e-post der du kan laste opp kjøpekontrakten, eller du kan sende den som vedlegg på e-post. E-postadressa får du tilsendt på sms.
Merk at:
Registreringsnummer og kjøpesum må vere riktig før du signerer lånedokumenta.
Du kan ikkje legge ut for køyretøyet sjølv og få tilbakebetalt av oss.
Du får ikkje tilbakebetalt omregistreringsavgifta av oss, den er det du som kjøpar sjølv som betaler.
Skulle det bli endring på kjøpesum eller du finn eit anna objekt, er det viktig at du tar kontakt slik at vi får oppdatert lånedokument med riktig informasjon.
Finansieringsbeviset er gyldig i 60 dagar. Etter 60 dagar kan du be om å få finansieringsbeviset fornya. Då gjer vi ei ny kredittvurdering før ei eventuell fornying.
Lånet blir alltid utbetalt til seljar. Vi utbetaler pengane til seljar så snart alt av lånedokument er mottatt. Dette inkluderer signerte lånedokument frå oss i SpareBank 1, kopi av signert kjøpekontrakt og salsmelding.
Dersom det er hefte på køyretøyet vil vi innfri den ved utbetaling først, og så overføre resten til kontoen til seljar.
Pengane vil vere synleg på kontoen til seljar innan 1-2 virkedagar.
Vi utbetaler berre mellom kl. 08.00 og 16.00 på kvardagar.
Det kan ta opptil 4- 6 virkedagar frå heftet er nedbetalt til det er oppdatert i Brønnøysundregisteret.
Du som kunde skal alltid overføre eigenkapitalen sjølv. Vi har ikkje moglegheit til å overføre eigenkapital. Dersom det er hefte på køyretøyet, anbefaler vi at du tar kontakt med oss for å avtale kor eigenkapitalen skal betalast. Viss det ikkje er hefte på køyretøyet, overfører du eigenkapitalen direkte over til seljar.
Du kan innfri billånet sjølv i mobilbanken eller nettbanken. Vel billånet du vil nedbetale under "Mine lån" og klikk på "Betal ned heile lånet". Då vil du få ein faktura med gjenståande beløp.
Viss seljar har gjeld på køyretøyet kallast det heftelsar.
Viss det er heftelsar på køyretøyet du vil kjøpe, innhentar vi ei slettestadfesting, og brukar lånesummen din til å slette seljar si gjeld. Det som blir igjen, etter at gjelda er betalt, blir overført til kontoen til seljar.
Vi utbetaler ikkje lånet til seljar før vi er sikre på at pantet som er registrert på seljar, er fjerna.
Skal du betale bilen med eigne pengar eller opplåning på bustadlånet, må du sjølv passe på at heftelsar blir sletta. Hugs at ein heftelse følger bilen, ikkje eigaren. Her er det viktig at du får bekrefta at heftelsen vil bli sletta. Du kan sjekke heftelsar hos Brønnøysundregisteret.
Viss du midlertidig avregistrerer bilen vil du automatisk gå over på ei lagringsforsikring slik at bilen framleis er dekka mot blant anna brann og tjuveri.
Visste du at som kunde hos oss får du oversikt over alle køyretøy du eig, og kva det kostar deg? Sjekk ut Mine køyretøy i mobilbanken og nettbanken din, og sjå utgiftene til:
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}