Med bombrikke frå Fremtind Service får du rabatt på bompasseringar i heile Noreg.
Bli kunde med BankID hos Fremtind Service for å bestille bombrikke.
Tenesta blir levert av Fremtind Service som er Norges største AutoPASS-utsteder med 1.200 000 Autopass-kundar og er eit dotterselskap av Fremtind Forsikring AS. Fremtind Forsikring er eigd av SpareBank 1 Gruppen og DNB
Slik får du bombrikke
- Bli kunde hos Fremtind Service og bestill bombrikke. Du betaler berre eit depositum på 200 kr som du får tilbake når du avsluttar avtalen.
- Fest brikka i bilen som forklart i pakken du får i posten.
- Du er no klar til å køyre gjennom bompasseringar og får automatisk rabattane dine.
gjer endringar på avtalen din på Mi side
På Mi side hos Fremtind Service kan du enkelt oppretta og endra eksisterande avtaler. Her kan du òg:
- opprette Autopass-avtale og sjå Autopass-avtalen din
- sjå passeringane dine og kor mykje kvar passering kostar
- sjå alle fakturaene dine
- bestille ny eller flytte brikke over til ein ny bil
- legge til eller fjerne bilar
Kor mykje kostar bilturen?
Med bompengekalkulatoren kan du enkelt sjekke kor mykje bilturen kostar før du køyrer.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål om Autopass-avtalen din kan du ta kontakt med Fremtind Service.
Full oversikt i mobilbanken
Med tenesta Mine køyretøy i mobilbanken får du full oversikt over bilen din.
- kjem snart! Sjå Autopass-avtalen din, kostnadar og passeringar inne i mobilbanken
- Få oversikt over kostnadar knytt til køyretøya dine
- Sjå alle lån og forsikringar på køyretøya dine
- Sjå neste EU-kontroll og berekn CO2 utslepp
Spørsmål og svar
Du betaler berre eit depositum på 200 kr som du får tilbake når du avsluttar avtalen din i tillegg til bompasseringar.
Bombrikka fungerer i alle Autopass-bomstasjonar og på dei fleste ferjer i heile Noreg. I tillegg kan du bruke den på ei rekke bruer og ferjer i Norden.
Du vil få tilsendt ny bombrikke med eige feste og våtserviett som skal brukast til å montere Autopass-brikka.
- Fjerne eventuell gammal brikke og gammalt feste.
- Sjekk at frontruta ikkje er kald når du festar brikka.
- Vask området der bombrikka skal festast med våtservietten. Dette området er som oftast eit markerte felt bak spegelen. På lastebilar, bussar og andre tunge køyretøy skal brikka plasserast nedst i frontruta. Pass på at han ikkje blir skjult bak ein vindaugsviskar.
- Fjern dekkpapiret på den andre sida av borrelåsen, og fest brikka mot frontruta i 10 sekund.
Det er viktig å avslutte Autopass-avtalen med éin gong på Mi side. Autopass-avtalen er personleg. Viss du tar ut brikka, men ikkje seier opp avtalen, må du framleis betale for passeringene til den gamle bilen.
Du kan bestille feste til bombrikka på Mi side hos Fremtind Service.
Du kan enkelt endre avtalen på Mi side. Hugs at du sjølv er ansvarleg for å oppdatere opplysningar som køyretøy og postadresse.
Merk at avtalen og bombrikka er personleg, du kan derfor ikkje endre namn på avtalen.