Vurderer du å selje bilen din privat? Det kan fort lønne seg, men det er smart å gjere eit grundig forarbeid og vere ryddig i prosessen. Vi har samla nokre tips på vegen.
Dette må du hugse på:
Finn riktig pris og klargjer bilen for sal.
Husk at du som seljar har opplysningsplikt.
Skriv kontrakt og innfri eventuelle heftelsar på bilen.
Sjølv om du no tenker på å selje bilen din, har du sikkert allereie tenkt på om du skal kjøpe ny bil, eller kanskje du ønsker å byte bil. Då kan det vere smart å vurdere både bilen sin verdi og kva bil som passar dine behov, slik at du får ein god avtale viss du byter.
Visste du at som kunde hos oss får du oversikt over alle køyretøy du eig, og kva det kostar deg? Sjekk ut Mine køyretøy i mobilbanken og nettbanken din, og sjå utgiftene til:
Du kan innfri billånet sjølv i mobilbanken eller nettbanken. Vel billånet du vil nedbetale under "Mine lån" og klikk på "Betal ned heile lånet". Då vil du få ein faktura med gjenståande beløp.
Lånet blir alltid utbetalt til seljar. Vi utbetaler pengane til seljar så snart alt av lånedokument er mottatt. Dette inkluderer signerte lånedokument frå oss i SpareBank 1, kopi av signert kjøpekontrakt og salsmelding.
Dersom det er hefte på køyretøyet vil vi innfri den ved utbetaling først, og så overføre resten til kontoen til seljar.
Pengane vil vere synleg på kontoen til seljar innan 1-2 virkedagar.
Vi utbetaler berre mellom kl. 08.00 og 16.00 på kvardagar.
Det kan ta opptil 4- 6 virkedagar frå heftet er nedbetalt til det er oppdatert i Brønnøysundregisteret.
Du som kunde skal alltid overføre eigenkapitalen sjølv. Vi har ikkje moglegheit til å overføre eigenkapital. Dersom det er hefte på køyretøyet, anbefaler vi at du tar kontakt med oss for å avtale kor eigenkapitalen skal betalast. Viss det ikkje er hefte på køyretøyet, overfører du eigenkapitalen direkte over til seljar.
Nei, du treng ikkje seie opp bilforsikring, verken om du sel bilen eller vrake den. Når du sel bilen vil bilforsikring bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salgsmsg) på bilen. Det same gjeld om bilen blir registrert som vraka eller meldt stjålen.
Ved sal, ver merksam på at den som kjøper bilen, også må kjøpe ei eiga bilforsikring før de kan omregistrere bilen til ny eier. Dette er for å unngå dagsgebyret frå Trafikkforsikringsforeningen ved uforsikra registrert køyretøy.
Viss du midlertidig avregistrerer bilen vil du automatisk gå over på ei lagringsforsikring slik at bilen framleis er dekka mot blant anna brann og tjuveri.
Omregistreringsavgift er avgifta du betaler for at bilen eller køyretøyet skal bli registrert på ny eigar. Det er kjøpar som er ansvarleg for at omregistreringa blir betalt, og den skal betalast når salsmedlinga er godkjent. Omregistreringsavgifta betaler du på Statens Vegvesen.
Akkurat kor mykje du må betale avheng av:
type køyretøy (t.d. om det er personbil, bubil eller motorsykkel)
vekta til køyretøyet
kor gammalt køyretøyet er
Skatteetaten har eit verktøy du kan bruke for å sjekke ut kva det kostar å omregistrere bilen. Prøv omregistreringskalkulatoren.
Hugs at du må ha forsikring og EU-kontroll i orden før du betaler omregistreringsavgifta for å unngå gebyr.
Når avgifta er betalt kan kjøpar skrive ut midlertidig vognkort og bruke sin nye bil. Ordinært vognkort får du i posten i løpet av fire til sju virkedagar. Midlertidig vognkort kan du laste ned på Statens Vegvesen.
Ja, har du kjøpt eller solgt ein bil, må den nye eigaren kjøpe bilforsikring før omregistrering av bilen kan utførast. Etter at salgsmedlinga er sendt inn, må kjøparen forsikre bilen med minimum ansvarsforsikring, før hen får betalt omregistreringsavgifta.
Omregistreringsavgifta skal betalast når salsmeldinga er godkjent. Omregistreringsavgift er avgifta du betaler for at bilen eller køyretøyet skal bli registrert på ny eigar. Det er kjøparen av bilen som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta.
Når ein bil vert seld, vil bilforsikringen til selgaren automatisk avsluttast når salgsmedlinga er godkjent av Statens vegvesen.
Selje bruktbil? Ved kjøp og sal av bruktbil vil bilforsikringa til seljar automatisk avsluttast frå den dagen Statens Vegvesen registrerar salsmeldinga. Du treng difor ikkje å seie opp bilforsikringa din sjølv. Hugs å avslutte andre avtaler som står på bilen, som til dømes bombrikke og parkeringsavtalar.
Kjøpe bruktbil? For deg som kjøper bruktbil betyr det at du er nødt til å kjøpe ny bilforsikring før du får omregistrert bilen i ditt namn.
Hos oss får du bilforsikring på dagen, eller faktisk på minuttet viss du kjøper på nett. Du kan òg velje kva dato du ønskjer at bilforsikringa di skal gjelde ifrå, om du ikkje har overtatt bilen enno.
Motteke månadleg faktura kan vere produsert før bilforsikringa er avslutta hos oss. Det som er fakturert for mykje vert trekt frå på neste månadleg faktura.
Kjøpekontrakten for bil eller andre køyretøy må innehalde:
Personlege opplysningar:Kjøpar og seljar sitt namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse.
Opplysningar om køyretøyet: Registreringsnummer, bilmerke, type, årsmodell i tillegg til km-stand, tal nøklar, utstyr og servicehefte.
Heftelsar:Seljar må bekrefte om køyretøyet er fritt for heftelsar. Ved heftelsar må seljar bekrefte korleis heftelsen vil bli sletta. Ein heftelse betyr at eigaren har lånt pengar med pant i bilen. Heftelsen følger bilen, og ikkje eigaren.
Tilleggsopplysningar: Er køyretøyet bruktimport, EU-godkjent, har det vore skadar, rust eller problem med motor, bremser, girkasse eller anna.
Betaling og levering:Kjøpesum, dato for overlevering og betalingsmåte med kontonummer til seljar.
Andre atterhald: Blir køyretøyet selt «som det er» overtar kjøpar mykje av risikoen for at bilen kan ha skjulte manglar.
Signering: Dato, stad og signatur for begge partar. Dersom kontrakten er på fleire sider, er det lurt å signere med initialar på alle sidene.
Du finn mange gode malar på nettet, så slepp du å sette opp kontrakten heilt sjølv. Du kan til dømes sjekke kjøpekontrakt på Forbrukarrådet sine sider.
Eigarskifte
Etter signering av kjøpekontrakt må køyretøyet omregistrerast til ny eigar.
Salsmelding: Det er normalt sett seljar som sender inn salsmelding ved å logge inn på Statens Vegvesen.
Omregistrering: Når salsmeding er godkjent må du som kjøpar betale omregistreringsavgift før du kan bruke køyretøyet. Omregistreringsavgifta betaler du på Statens Vegvesen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}