TIPS OG RÅD

Tips til deg som skal kjøpe bil

Det å kjøpe bil kan vere ei stor investering, og det er mykje å tenke på før kontrakten blir signert. Her har vi samla nokre tips til deg som skal kjøpe bil. 

Illustrasjon av glad mann som skal kjøpe bil

Kjøpe bil privat eller hos forhandlar?

Når du skal kjøpe bil, er valet mellom privat seljar og bilforhandlar viktig å vurdere. Begge val har sine fordelar og ulemper.

Selje bil privat

Fordelar

  • Ofte lågare pris og moglegheit for å forhandle pris direkte med seljar.
  • Kjøpsbeskyttelse gjennom kjøpslova som gir deg 2 års reklamasjonsrett.
  • Større utval av bruktbilar på marknadsplassar og meir detaljert historikk om bilen frå eigaren.

Ulemper:

  • Det stillast strengare krav til deg som kjøpar og undersøkingsplikta av bilen.
  • Ikkje alltid at det føreligg ein tilstandsrapport som er å anbefale ved privat kjøp.
  • Du må sjølv handtere kjøpekontrakt, endring av eigarskap og registrering.

Kjøpe bil hos forhandlar

Fordelar

  • Kjøpsbeskyttelse gjennom forbrukarlova der du har 5 års klagerett på feil og manglar.
  • Grunnleggande gjennomgang og sertifisering av tilstand på bilen før sal.
  • Moglegheit for garanti og ekstra forsikring, og ofte moglegheit for innbytte av gamal bil.

Ulemper

  • Generelt høgare pris på grunn av forhandlarens marginar.
  • Mindre rom for prisforhandlingar.
  • Mindre utval av eldre eller rimelege bilar.

Kjøpe bil – steg for steg


Sjekkliste prøvekjøre bruktbil

Ei grundig prøvekøyring er like viktig som å sikre at bilen oppfyller dine behov og passar ditt budsjett. Dette må du hugse på:

mann sjekkar bil. foto.
  • Sjekk alltid serviceheftet.
  • Sjå etter skadar i lakk, riper eller bulkar. Rust bør sjekkast i skjermbuar, underside av dørene og innside av bagasjerom.
  • Høyr etter lydar i motor, gjerne i ulike hastigheiter. Kjenner du vibrasjon når du køyrer over 60 km/t?
  • Test bremsene fleire gonger. Sjekk at ABS fungerer.
  • Sjekk om dekka er skeivslitne og mønsterdjupne
  • Sjekk om nokon varsellamper lyser og om klimaanlegg, varmesete, spegel, ryggekamera og vindauge, og vindaugspussarar fungerar som dei skal.
  • Sjekk batteri og oljelekkasje på bensin- og dieselbilar.
  • Sjekk rekkevidde og ladeleidningar på elbil.
  • Sjekk kva du får med av ekstra utstyr som reservehjul, jekk, sommardekk og vinterdekk, varseltrekant og tal nøklar.

Kva lurer andre på?

Kva kostar ein bil i året?

Visste du at som kunde hos oss får du oversikt over alle køyretøy du eig, og kva det kostar deg?  Sjekk ut Mine køyretøy i mobilbanken og nettbanken din, og sjå utgiftene til:

  • drivstoff, lån, service og forsikringar.
  • kollektivtransport, parkering og leigebil.
  • leasingavtalar eller bilabonnement
  • AutoPASS-avtalar og bompasseringar
illustrasjon av mobilbank som viser mine køyretøy

Bør eg bake billånet inn i bustadlånet?

Det finst fleire moglegheiter for finansiering når du skal kjøpe bil. Du kan til dømes ta opp eit billån eller du kan «bake inn» billånet i bustadlånet. Det er både fordelar og ulemper ved begge val.

Er du usikker på om det er eit eige billån eller auka bustadlån som passar best for deg? Vi kan hjelpe!

illustrasjon av ein bil og eit hus
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }