mann har blitt svindla på nett. illustrasjon.

Svindel – slik unngår du å bli lurt

Svindel er dessverre eit aukande problem, og det kan ramme oss alle. Her er tipsa våre til å unngå å bli lurt.

  • Aldri oppgi kontoinformasjon, BankID-kodar eller passord, uansett kven som spør – sjølv ikkje banken, politiet, familie eller venner.
  • Ikkje godkjenn betalingar eller påloggingar du ikkje har starta sjølv, eller ikkje veit kva er. 
  • Ikkje overfør pengar til ein såkalla «sikker konto» viss nokon ringer og seier at kontoen din er hacka.
  • Bruk totrinnsverifisering. Sørg for å byte passord ofte, og unngå å ha same passord fleire stader.
  • Svindlarar forfalskar ofte telefonnummer og e-post, slik at det ser ut som om du blir kontakta av banken eller politiet. Søk opp nettstaden i staden for å klikke på lenker. Får du ein mystisk telefon kan du avslutte samtalen og ringe opp igjen på telefonnummeret på nettsida.

Snakk med andre, spesielt eldre, om metodane svindlarane bruker. Ein av dei mest effektive måtane vi kan kjempe mot denne typen kriminalitet på, er å spreie informasjon.

NO WAY – du lurer ikkje meg

Saman med resten av finansnæringa har vi laga antisvindelkampanjen No way – du lurer ikkje meg. Her lærer vi deg sjølvforsvar mot svindel, så du kan verne deg sjølv og dine næraste.

Kampanjen tar utgangspunkt i det norske, tillitsbaserte samfunnet (derav ordspelet No way), og det at svindlarar gjerne ser til Norge for lettjente pengar – fordi vi stoler på folk.

Video placeholder image

Dei vanlegaste svindelmetodane 

Kunnskap er det viktigaste våpenet ditt mot svindlarane. Bli betre kjent med dei vanlegaste svindelmetodane.


Test deg sjølv: Går du på svindelen? 

Svindlarar blir stadig meir utspekulerte i metodane sine. Her kan du sjekke om du ville avslørt svindelforsøket!

Sjekkmerke. Illustrasjon.

STOPP - TENK - SJEKK

Det å stoppe opp, tenke seg om éin gong til og sjekke om informasjonen stemmer med andre kjelder er den mest effektive måten å unngå å bli svindet på. Her er nokre fleire førehandsreglar. 

  • Svindlarar speler ofte på stress og hastverk.
  • Hugs å aldri oppgi kontoinformasjon, BankID-kodar eller passord, uansett kven som ber om det – enten det er bank, politi, familie, venner eller andre.
  • Ver nøye med passordsikkerheit.
  • Ha pengane dine fordelt på fleire kontoar.
  • Snakk om svindel med kjente og kjære. Då blir vi meir bevisst.

Hugs: Banken vil aldri be deg om å oppgi kodar og passord via e-post eller telefon. Får du ein slik førespurnad, er det sannsynlegvis svindel.