Ja, reiseforsikring dekker som hovudregel skada eller øydelagt innhald i innsjekka bagasje.
Oppdage du skaden på flyplassen skal du ta kontakt med flyselskapet som er ansvarleg for skaden og vise fram skadene. Dei vil gi deg ein Property Irregularity Report (PIR), som du må ta vare på.
Forsikring dekker ikkje ytre skade på innsjekka bagasje, som koffert, bag og barnevogn. Dette er flyselskapet sitt eller transportørens ansvar, og du må ta kontakt med dei direkte. Riper, bulkar, merker og andre småskader som oppstår under normale transportforhold dekkast sjeldan, då dette er sett på som vanleg slitasje.
Les òg:
Forseinka bagasje
Mista bagasje?
Har du fått skader på bagasjen?