BID er ei forkorting for BankID, så desse feilmeldingane har med BankID å gjere. Her er ei oversikt over kva dei ulike feilmeldingane betyr, og kva som kan vere løysinga:
Nettbank bedrift
Vi hjelper deg gjerne med det du lurer på – kanskje du finn svaret allereie her?
Kva lurer du på?
BID-1437 og BID-1407 Dette er ein mellombels feil som kan oppstå ved innlogging. Løysing: Forsøk på nytt. Ta kontakt med kundeservice dersom feilen held fram. |
|
BID-9314 Passordet er tasta feil for mange gonger og det har oppstått ei sperre. Løysing: Ta kontakt med kundeservice. |
|
BID 5000 Dette er ein kommunikasjonsfeil som kan komme av innstillingar i nettlesaren din eller nettverket du er tilkopla. Løysing:
|
|
BID-1439 Denne feilen betyr at din BankID har blitt sperra. Det kan skje viss du har tasta feil eingongskode for mange gonger, eller viss du har logga på frå fleire ulike PC’ar eller nettbrett. Løysing: Ta kontakt med kundeservice så opnar vi BankID-en din igjen. |
|
BID 2030, 2031, 2032, 2033, 2034, 20a1, 20a2, 20b0, 20b1, 20c1 Kort fortalt oppstår desse feilmeldingane på grunn av tekniske kommunikasjonsfeil. Løysing: Prøv å lukke nettlesar og opne på nytt, eller bytte nettlesar og logg inn på nytt. Viss problemet ikkje løyser seg, kan du ta kontakt med oss for å få hjelp. |
Du må laste ned appen på den nye mobilen din, og aktivere den på nytt. Når BankID-appen er aktivert på ein ny telefon eller nettbrett vil den slutte å fungere på den gamle.
Kodebrikka kan vere grei som ei reserveløysing, men er ikkje nødvendig å ha. Bruker du BankID-appen i staden har du med deg kodebrikka overalt, heile tida! Viss du har registrert mobilnummer og e-post i nett- eller mobilbanken kan du enkelt komme i gong ved å lese meir og laste ned BankID-appen her.
Dersom du ikkje bestiller ny kodebrikke og heller vel BankID-appen, bidreg du også til å redusere elektronisk avfall. Godt for miljøet og enklare for deg!
Viss du ønsker å bestille ny kodebrikke, kan du gjere dette innlogga på chat eller ta kontakt med oss på +47 57 82 97 00. Det tar ca. 10 dagar før du får kodebrikka i postkassa. Kodebrikka er personleg og skal ikkje nyttast av andre.
Kva innloggingsmetode bruker du?
Eg bruker kodebrikke
Problem: Viss du tastar inn feil kode for mange gonger, blir kodebrikka sperra.
Løysing:Ring oss på 57 82 97 00 så hjelper vi deg.
Problem: Kodebrikka viser ingen tal på skjermen, eller den viser ein dato.
Bestill ny kodebrikke.
NB: Det kan ta opp til 10 dagar før du får ny kodebrikke. Viss du lastar ned BankID-appen får du tilgong med ein gong.
Får du feilmelding?
Viss du får ei feilmelding som startar med BID (BID er ei forkorting for BankID), så har desse feilmeldingane med BankID å gjere. Sjå kva feilmeldingane betyr og kva som kan vera løysinga.
Oppdater nettlesaren din
Dette er nettlesarar vi anbefaler for at nettbanken skal fungere optimalt. Vi anbefaler å bruke siste versjon:
Tips! Viss du får problem i éin nettlesar, kan det fungere å prøve ein annan.
Kodebrikka kan vere grei som ei reserveløysing, men er ikkje nødvendig å ha. Bruker du BankID-appen i staden har du med deg kodebrikka overalt, heile tida! Viss du har registrert mobilnummer og e-post i nett- eller mobilbanken kan du enkelt komme i gong ved å lese meir og laste ned BankID-appen her.
Dersom du ikkje bestiller ny kodebrikke og heller vel BankID-appen, bidreg du også til å redusere elektronisk avfall. Godt for miljøet og enklare for deg!
Viss du ønsker å bestille ny kodebrikke, kan du gjere dette innlogga på chat eller ta kontakt med oss på +47 57 82 97 00. Det tar ca. 10 dagar før du får kodebrikka i postkassa. Kodebrikka er personleg og skal ikkje nyttast av andre.
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får brukt BankID. Dette kan skuldast nettlesaren, BankID-appen, eller at nettbanken er mellombels utilgjengeleg.
Viss du får ei feilmelding som startar med BID, så handlar feilen om BankID.
Nei, men du må aktivere appen på nytt. Du finn ei rettleiing inne i appen som forklarer korleis dette blir gjort.
Det kan vere fleire årsaker til at BankID-appen ikkje fungerer. Her er nokre feilsituasjonar som kan oppstå, sjekk om rettleiinga kan hjelpe:
Appen gir null respons etter at eg har fylt inn fødselsnummer
Då har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykke på meldinga som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ein førespurnad.
Eg får ikkje app som eit alternativ ved innlogging
Du må velje BankID, og ikkje BankID på mobil, når du skal logge inn med app. Når du loggar inn første gong med app, vel du app som metode: klikk på "Vel annan BankID" under feltet for eingongskode. Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og følger instruksjonane på mobilen din.
Eg får ikkje opp pushmeldingar frå BankID-appen på Apple-mobilen/nettbrettet kva er feil?
Dersom du ikkje får opp pushmeldingar frå BankID-appen, må du først sjekke om du har skrudd på varslingar på mobilen eller nettbrettet du bruker. Dette blir gjort i innstillingane på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har skrudd på varslingar, men framleis ikkje får pushvarslingar frå BankID-appen når du loggar inn, bør du sjekke om du har aktivert fokusmodus som «Ikkje forstyrr». I innstillingane kan du velje kva appar denne modusen ikkje skal gjelde for.
Eg klarte ikkje trykke på pushvarselet, kva gjer eg?
Dersom du ikkje fekk trykt på pushvarselet frå BankID-appen når du skulle gjere ein innlogging, kan du gå inn i appen for å godkjenne innlogginga. Deretter må du gå tilbake til brukarstaden der du gjorde innlogginga, for å taste inn BankID-passordet ditt.
Eg prøver å gjere ei innlogging med BankID-appen, men han blir ståande og rulle?
Viss du prøver å logge inn med BankID-appen og den blir ståande å rulle utan at noko skjer, har du mest sannsynleg ikkje fått trykt på pushvarselet som kom opp. Då kan du manuelt gå inn i BankID-appen for å bekrefte at det er du som prøver å logge inn.
Kva gjer eg viss appen blir sperra etter at mange forsøk på innlogging har feila?
Viss appen blir sperra etter at mange forsøk på innlogging må du kontakte banken din for å låse opp BankID-appen igjen. Det hjelper ikkje å aktivere appen på nytt.
Fann du ikkje hjelp?
På bankid.no kan du finne endå fleire detaljar viss du har problem med BankID-appen.
Stoppa betalingar kan du ikkje slette sjølv i nettbanken, dei blir liggande inneverande månad pluss to månadar frå forfallsdato. Dersom du prøver å aktivere eller stoppa betalinga så blir den liggande inneverande månaden pluss to månadar frå denne datoen.
Du finn betalinga under Betale og Forfall. Trykk på betalinga det gjeld, og vel Opphev godkjenning, endre forfallsdato ved å velje Endre betalinga. Du finn den også igjen under betale og godkjenn.
Dersom du godkjenner betalingane dine i eige rekneskapsprogram, får du ikkje endre forfallsdato i nettbanken. Då må du stoppe betalinga og sende inn ny betaling frå rekneskapsprogrammet med riktig forfallsdato.
- Godkjente innanlandsbetalingar blir overført måndag til fredag klokka 00.05, 08.15, 10.05, 11.40, 14.05 og 15.00*.
- Betalingar som er godkjente i helga, blir overført natt til måndag klokka 00.05.
- Betalingar som er godkjente før klokka 14.00 er disponibel på kontoen til mottakar same dag, uavhengig av bank.
- Overføringar mellom eigne kontoar i eigen bank blir gjort med det same.
- Utanlandsbetalinger må godkjennast før klokka 14.00 for å bli behandla same dag.
* Ikkje garantert oppgjer kl. 15.
Dette kan skje når du registrerer ei betaling rett før midnatt med forfallsdato same dag, medan sjølve signeringa blir fullført etter midnatt. Nettbanken registrerer dette som at du har lagt opp betalinga med forfallsdato ein dag tilbake i tid.
Oversikt over betalingar finn du i nettbanken under Betaling > Transaksjoner > Kontobevegelser. Her kan du også ta ut bilag på alle betalingar.
For å løyse dette må du kontakte oss på +47 57 82 97 00.
Sjå også
Sperre kort
Merk at du må vere administrator for å legge til nye brukarar. Brukar treng ikkje å vere kunde i Sparebank 1 frå før, men må ha BankID for å kunne logge inn. Har ikkje brukaren BankID må han eller ho kontakte banken sin for å få det.
Det er ingen avgrensingar i talet på brukarar i nettbank bedrift, men fleire brukarar kan føre til prisendringar, sjå vår prisliste.
1. Opprett brukar
- Logg inn i nettbanken
- Klikk Meny oppe til høgre. Vel Administrasjon og deretter Brukarar.
- Klikk på knappen Opprett ny brukar.
- Fyll inn personnummer (11 siffer), førenamn og etternamn.
- Hugs å legge til tilgongar og rettar, sjå punkt 2 nedanfor.
Trykk på knappen under for å gå direkte til riktig stad i nettbanken.
2. Legg til tilgongar og rettar
- Vel tilgongar brukaren skal ha under Tilgong til funksjonar.
- Under Rettar vel du dei rettane brukaren skal ha til dei ulike kontoane.
- Du kan enkelt kopiere tilgongar og rettar frå ein brukar til ein annan. Klikk på Kopier rettar frå annan brukar og vel brukar, så klikkar du på Kopier og oppdater.
Sjå kva dei ulike tilgongane og rettane gir brukaren moglegheit til.
3. Lagre ny bruker
- Når du har valt dei tilgongane og rettar brukaren skal ha, vel du Signer og fullfør nedst på sida.
- Signer deretter med BankID.
No er brukaren lagt til. Tilgongane og rettane til personen gjeld umiddelbart.
1. Finn fram til brukar
- Logg inn i nettbanken
- Klikk Meny oppe til høgre
- Vel Administrasjon og deretter Brukarar
- Finn fram til, eller søk etter aktuell brukar i brukaroversikta
2. Gjennomfør sletting
- Finn brukaren du ønsker å slette
- Deretter vel du ikonet for å Slette til høgre i oversikta
- Du får no opp kontrollspørsmål Ønsker du å slette brukar? Vel Ja og brukaren blir sletta frå nettbanken umiddelbart.
Trykk på knappen under for å gå direkte til riktig stad i nettbanken.
Ein medadministrator kan legge til og endre brukarar og brukarrettar saman med ein annan administrator eller medadministrator.
Bedrifta kan ha éin overordna administrator for nettbanken, eller to medadministratorer. Med to medadministratorer er det to personar som må godkjenne endringar rundt brukarar og brukartilgangar. Det gir ein ekstra tryggleik for bedrifta.
1. Finn fram til brukar
- Logg inn i nettbanken
- Klikk Meny oppe til høgre
- Vel Administrasjon og deretter Brukarar
- Finn fram til, eller søk etter aktuell brukar i brukaroversikta
- Når du har funne brukaren klikkar du på ikonet for å Redigere til høgre i oversikta
2. Endre tilgangar og rettar
No står du på sida der du endrar på tilgongar og kontorettar til valt brukar.
- Vel dei tilgongane du ønsker oppe til høgre.
- Vel rettar til kontoar i oversikta nedst på sida.
- Du kan også kopiere tilgongar og rettar frå annan brukar. Klikk på Kopier rettar frå ein annan brukar. Vel aktuell brukar du vil kopiere frå, og klikk på Kopier og oppdater.
Sjå kva dei ulike tilgongane og rettane gir brukaren moglegheit til.
3. Lagre endringar
Når du har endra tilgongar og rettar, vel du Lager nedst på sida. Endringane er utførte og gjeld umiddelbart.
Trykk på knappen under for å gå direkte til riktig stad i nettbanken.
Skal du legge til ny administrator i nettbank bedrift, gjer du det via knappen under. Når bestillinga er sendt inn, må avtalen signerast elektronisk i samsvar med signeringsreglane i bedrifta. Så snart avtalen er signert er ny administrator klar til bruk.
Berre administratorar kan endre på tilgongar i nettbanken. Det gjer du under menypunktet Admin i nettbank bedrift. Der kan du også slette ein eksisterande administrator.
Slik gjer du det:
- Last ned BankID-appen i App Store eller Google Play
- Opne BankID-appen og følg stega.
BankID på mobil er no i ferd med å bli fasa ut, og det er ikkje lenger mogleg å bestille dette. Løysinga som overtar, er BankID-appen.
No har SpareBank 1 gått over til BankID-appen! Det betyr at du som har brukt BankID på mobil eller eingongskode på mobil må gå over til BankID-appen.
Dette gjer du:
- Last ned BankID-appen i App Store eller Google Play
- Opne BankID-appen og følg stega.
BankID på mobil skal fasast ut, og det er ikkje lenger mogleg å bestille dette. Løysinga som overtar, er BankID-appen.
No skal SpareBank 1 gå over til BankID-appen. Du som bruker BankID på mobil eller eingongskode-appen i dag må byte til BankID-appen.
- Lasta ned BankID-appen i App Store eller Google Play
- Opne appen og følg stega
Dette kjem av problem i tilknyting til Java og Google Chrome. Inntil vidare anbefaler vi at du bruker Safari som nettlesar på Mac OS X.
1. Gjennomgong av bustaden
Gå gjennom bustaden saman for å sjå om den er i den standen de avtalte. Bruk gjerne eit standardtilbakeleveringsskjemafor å vere sikker på at de får med dykk alt.
2. Utbetaling av depositum
Er bustaden i avtalt stand kan utleigar logge seg inn i nettbank bedrift og frigi depositumskontoen. Under Min oversikt finn du Leigetakarane mine, klikk deretter på Frigi depositum. Eventuelt kan du bruke knappane under, her kan du òg avslutte depositumkontoen om du er leigetakar.
Utleigar kan ha krav på heile eller deler av depositumet dersom leigetakar ikkje har overhalde avtalen i leigekontrakten. Dette kan til dømes vere manglande betaling av husleige eller skadar utover vanleg slitasje. Forbrukarrådet har laga ein rettleiing for kva utleigar kan krevje, og kva ein ikkje kan krevje erstatning for.
Utleiger frigir depositumkontoen på same måte som over, men vel då å frigi konto med krav.
Til vanleg loggar du inn med fingeravtrykk, Face ID eller PIN-kode.
Skal du bruke mobilbanken for første gong?
For å bruke mobilbanken, må bedrifta ha nettbank. Når det er på plass følger du stega nedanfor.
- Last ned appen
- Opne appen, trykk på kom i gang og vel banken din.
- Fyll inn fødselsnummeret ditt og logg inn med BankID.
- Lag ein PIN-kode på minst 4 tal.
- Vel fingeravtrykk eller Face ID viss du vil sleppe PIN-kode når du loggar inn.
Ein filsti beskriv der du hentar og lastar ned filer for vidare behandling. Filstien inneheld namnet i dokumentet, dokumenttype og der det er lagra.
Eit rekneskapsprogram lagar betalingsfiler for å kunne gjere fleire inn- og utbetalingar samtidig. Fila blir sendt til banken og betalingane blir gjennomførte. Dette kallast filoverføring eller remittering.
Har du fleire tilsette, kan du til dømes betale ut lønn med filoverføring. Lønns- eller rekneskapssystemet lagar ein lønnsfil som blir sendt til banken og utbetlingane skjer automatisk utan at du treng å registrere noko manuelt.
Mange rekneskapsprogram kan koplast til nettbanken, og då treng du ikkje tenke på filoverføringar, kople nettbank til rekneskapsprogram.
- OCR-konteringsdata blir lagra i 3 månader.
- Avregning- og mottaksreturar blir lagra i 17 månadar.
- Innsende filer blir lagra i 17 månadar.
For å lage ein filsti i nettbanken vel du Meny, Filer, Filoppsett og Nytt filoppsett. Vel riktig filtype, skriv inn namn og vel der fila skal ligge. Viss du ikkje ser fana Filer må den som er administrator i nettbank bedrift tildele deg funksjonen Bruk filoverføring og endre oppsettet for filoverføring.
For å lage ein filsti og bruke filoverføring må du ha integrert versjon av nettbankavtalen.
Mange rekneskapsprogram kan koplast til nettbanken, og då treng du ikkje lage filoppsett, kople nettbank til rekneskapsprogram.
Filer som tidlegare er henta eller sendt, finn du i nettbanken under Meny, Filer og Filarkiv.
Prokura er ei fullmakt som eit aksjeselskap gir til ein eller fleire personar i selskapet. Innehavaren av prokura kallast ein prokurist, og har fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i samband med den daglege drifta. Du kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje den faste eigedommen i føretaket.
Nettbanken kan koplast saman med rekneskapsprogrammet til bedrifta, slik at bedrifta kan godkjenne betalingar direkte i rekneskapsprogrammet. I tillegg har ein moglegheit til å legge til remittering, slik at rekneskapsprogrammet blir oppdatert kvar dag med kontorørsler. Og ein kan få detaljar om innbetalingar sendt automatisk til rekneskapsprogrammet.
Gå til Administrasjon > Brukere. Her kan du redigere rettar og tilgongar til alle brukarar.
Prisane varierer avhengig av kva teleoperatør du bruker. Her kan du sjekke prisane hos Telenor og Telia.
BankID på mobil skal fasast ut BankID-appen overtar
BankID på mobil er i ferd med å fasast ut og blir erstatta med tryggare og betre app-teknologi. Dette gjeld for alle bankar og brukarstadar i Norge. Du bør derfor ta i bruk BankID-appen i staden for BankID på mobil.
Dette gjer du:
- Last ned BankID-appen i App Store eller Google Play.
- Opne BankID-appen og følg stega.
Først kan du sjekke at skjermlåsen på telefonen er slått av. Viss det ikkje hjelper kan du kople deg av det trådlause nettverket og bruke mobilnettet i staden. Du kan også slå av og på telefonen for å sjå om det blir betre. Viss ikkje noko av dette hjelper kan det vere feil hos telefonoperatøren din.
BankID på mobil skal fasast ut BankID-appen overtar
BankID på mobil er i ferd med å bli fasa ut og blir erstatta med tryggare og betre app-teknologi. Dette gjeld for alle bankar og brukarstadar i Norge. Du bør derfor ta i bruk BankID-appen i staden for BankID på mobil.
Dette gjer du:
- Last ned BankID-appen i App Store eller Google Play
- Opne appen og følg stega
Du kan teste din BankID og nettlesar på BankID.no. Vel vanleg BankID.
Viss du har problem med å bruke din BankID på andre nettsider enn Sparebank1.no, sjekk om du får logga inn i nettbanken. Viss innlogging i nettbanken fungerer er det sannsynlegvis ein feil på den aktuelle nettsida eller løysinga du prøvde å bruke.
Nei, det må du ikkje, og du kan bli kunde hos oss med BankID frå annan bank.
Men når BankID med annan bank opphøyrer, og du må få ny BankID, kan du få det ved å møte hos din næraste SpareBank 1 med norsk pass, reisebevis eller norsk nasjonalt ID-kort.
Du finn kontoutskrifter, årsoppgåve og bilag i nettbank bedrift under menyvalet Transaksjonar. Hugs å velje riktig år, altså året som har gått.
Merk at du må ha tilgong til alle kontoane til bedrifta i nettbanken for å få fram menypunktet Årsoppgave. For å få tilgong til alle kontoar, må brukar ta kontakt med nettbank-administratoren til bedrifta. Dersom ikkje alle kontoar ligg i nettbanken må bedrifta kontakte kundesenteret på chat eller telefon.
Revisorar ønsker som regel å få revisjonsoppgåva, det vil seia årsoppgåva, direkte frå banken.
SEPA står for Single Euro Payments Area, og er eit felles betalingsområde for euro som skal gjere det lettare å handle på tvers av land tilhøyrande EU/EØS i Europa. ISO 20022 XML er det nye formatet for innsending av betalingsfiler som skal nyttast for betalingar i euro innan SEPA og som har vore gjeldande frå 31. oktober 2016.
Dobbel godkjenning av betalingar i nettbanken bidrar til å skape tryggleik. Ved dobbel godkjenning må to personar i organisasjonen godkjenne betalinga, før fakturaen blir betalt.
Er de ein klubb som tilhøyrer Norges Idrettsforbund, har dei sett som krav at betalingar frå ein NIF-klubb skal ha dobbel godkjenning.
Administrator i nettbanken kan aktivere dobbel godkjenning, klikk på Meny, Kontoinnstillingar, Innstillingar og Endre godkjenning.
Dette hentar du i VPS (verdipapirsentralen) sin eigen portal.
Betalingar med OCR og KID blir berre viste som ein totalsum i nettbanken. For å sjå alle betalingane må du laste ned filene frå nettbanken og inn i rekneskapsprogrammet.
Med tenesta "sending av eFaktura" kan du sende faktura til privatkundane dine, bedriftskundar og offentleg sektor, uavhengig av banksambandet til kunden.
Bedriftskonto
Kontakt den i bedrifta som er administrator i nettbank bedrift og be om å bli lagt til som brukar. Administratoren bestemmer då kva kontoar du skal ha tilgong til og kva rettar du skal ha.
Lag og foreining
Det same gjeld viss du er ny i styret i eit lag eller ei foreining og skal ha tilgong til konto. Kontakt den som er administrator i nettbank bedrift og be om å bli lagt til med nødvendige rettar.
Du finn historikken i nettbanken:
- I oversikta over låna klikkar du deg inn på lånet der du ønsker å sjå historikk
- Vel Historikk
- Filtrer på kva datoar du ønsker å sjå historikk for
- I oversikta over låna klikkar du deg inn på det lånet der du ønsker å søke om avdragsfritak
- Under Administrer lånet finn du overskrifta Søk om utsetjingar
- Klikk på Søk om avdragsfritak
- Fyll inn informasjonen og klikk på søk-knappen
Du finn alle lånedokumenta under finansieringsoversikta i nettbanken. Der ligg det ei eiga fane for finansieringsdokument.
Det er berre mogleg å søke seks månader om gongen. Dersom du t.d. søker frå 0101xx-til 3112xx så vil du få feilmelding. Legg inn ein kortare tidsperiode og prøv på nytt.
Behaldningsoversikt kjem ut i januar. Dokumentet finn du i nettbank bedrift under Transaksjoner -> Arkiv. Vel "Andre kundemeldingar".
Årsoppgåve for fond kjem ut seinast i februar. Dokumentet finn du i nettbank bedrift under Transaksjoner -> Årsoppgave.
Revisjonsoppgåva/årsoppgåva vil vere tilgjengeleg i nettbank bedrift i slutten av januar, og dette gjeld for alle bankane våre.
Du finn den under Oversikt - Transaksjonar - Årsoppgave. Merk at du må ha tilgong til alle kontoane til bedrifta for å få fram menypunktet Årsoppgåve.
Dagleg leiar har tilgong automatisk, og kan logge inn i pensjonsportalen vår.
Informasjon ligg under Dokumenter -> Kontoutdrag.