Eg kjem ikkje inn i nettbanken
Eg bruker kodebrikke
Problem: Viss du tastar inn feil kode for mange gonger, blir kodebrikka sperra.
Løysing:Ring oss på 57 82 97 00 så hjelper vi deg.
Problem: Kodebrikka viser ingen tal på skjermen, eller den viser ein dato.
Bestill ny kodebrikke.
NB: Det kan ta opp til 10 dagar før du får ny kodebrikke. Viss du lastar ned BankID-appen får du tilgong med ein gong.
Eg bruker både BankID-appen og kodebrikke
Har du både BankID-app og kodebrikke, og det feilar ved innlogging kan du prøve følgande:
Viss du ønsker å bruke både kodebrikke og app:
Det er ikkje lenger mogleg å nytte både BankID-appen med biometri og kodebrikke på grunn av tryggleik. Har du biometri aktivert må du:
- Avinstaller BankID-appen.
- Installer BankID-appen på nytt.
- Når du set opp appen igjen, ikke aktiver "Raskare BankID" (biometri). Det kan til info ta opp mot 15 minutt før ein får sett opp BankID-appen på ny utan biometri.
Viss du ønsker å berre bruke kodebrikke:
- Opne BankID-appen og gå til Heim.
- Gå til Innstillingar.
- Trykk på Nullstill app.
Får du feilmelding?
Viss du får ei feilmelding som startar med BID (BID er ei forkorting for BankID), så har desse feilmeldingane med BankID å gjere. Sjå kva feilmeldingane betyr og kva som kan vere løysinga.
Oppdater nettlesaren din
Vi anbefaler å bruke siste versjon av nettlesaren din. Sjekk om du har siste oppdaterte versjon.
Tips! Viss du får problem i éin nettlesar, kan det fungere å prøve ein annan nettlesar. Til dømes: Google Chrome, Microsoft Edge, Firefox, eller Safari for Mac OS.