Det kan vere fleire årsaker til at BankID-appen ikkje fungerer. Her er nokre feilsituasjonar som kan oppstå, sjekk om rettleiinga kan hjelpe:
Appen gir null respons etter at eg har fylt inn fødselsnummer
Då har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykke på meldinga som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ein førespurnad.
Eg får ikkje app som eit alternativ ved innlogging
Du må velje BankID, og ikkje BankID på mobil, når du skal logge inn med app. Når du loggar inn første gong med app, vel du app som metode: klikk på "Vel annan BankID" under feltet for eingongskode. Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og følger instruksjonane på mobilen din.
Eg får ikkje opp pushmeldingar frå BankID-appen på Apple-mobilen/nettbrettet kva er feil?
Dersom du ikkje får opp pushmeldingar frå BankID-appen, må du først sjekke om du har skrudd på varslingar på mobilen eller nettbrettet du bruker. Dette blir gjort i innstillingane på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har skrudd på varslingar, men framleis ikkje får pushvarslingar frå BankID-appen når du loggar inn, bør du sjekke om du har aktivert fokusmodus som «Ikkje forstyrr». I innstillingane kan du velje kva appar denne modusen ikkje skal gjelde for.
Eg klarte ikkje trykke på pushvarselet, kva gjer eg?
Dersom du ikkje fekk trykt på pushvarselet frå BankID-appen når du skulle gjere ein innlogging, kan du gå inn i appen for å godkjenne innlogginga. Deretter må du gå tilbake til brukarstaden der du gjorde innlogginga, for å taste inn BankID-passordet ditt.
Eg prøver å gjere ei innlogging med BankID-appen, men han blir ståande og rulle?
Viss du prøver å logge inn med BankID-appen og den blir ståande å rulle utan at noko skjer, har du mest sannsynleg ikkje fått trykt på pushvarselet som kom opp. Då kan du manuelt gå inn i BankID-appen for å bekrefte at det er du som prøver å logge inn.
Kva gjer eg viss appen blir sperra etter at mange forsøk på innlogging har feila?
Viss appen blir sperra etter at mange forsøk på innlogging må du kontakte banken din for å låse opp BankID-appen igjen. Det hjelper ikkje å aktivere appen på nytt.
Fann du ikkje hjelp?
På bankid.no kan du finne endå fleire detaljar viss du har problem med BankID-appen.