De vil få opp ei kjapp innføring i dei mest brukte funksjonane i nettbanken som ein kan klikke seg gjennom eller utsetje til seinare. Den viser korleis de:
- Tilpassar nettbanken
- Gir andre tilgang til nettbanken
- Lastar ned mobilbank bedrift
- Koplar til rekneskapsprogrammet
Merk at du må vere administrator for å legge til nye brukarar. Brukar treng ikkje å vere kunde i Sparebank 1 frå før, men må ha BankID for å kunne logge inn. Har ikkje brukaren BankID må han eller ho kontakte banken sin for å få det.
Det er ingen avgrensingar i talet på brukarar i nettbank bedrift, men fleire brukarar kan føre til prisendringar, sjå vår prisliste.
1. Opprett brukar
Logg inn i nettbanken
Klikk Meny oppe til høgre. Vel Administrasjon og deretter Brukarar.
Klikk på knappen Opprett ny brukar.
Fyll inn personnummer (11 siffer), førenamn og etternamn.
Hugs å legge til tilgongar og rettar, sjå punkt 2 nedanfor.
Trykk på knappen under for å gå direkte til riktig stad i nettbanken.
Vel tilgongar brukaren skal ha under Tilgong til funksjonar.
Under Rettar vel du dei rettane brukaren skal ha til dei ulike kontoane.
Du kan enkelt kopiere tilgongar og rettar frå ein brukar til ein annan. Klikk på Kopier rettar frå annan brukar og vel brukar, så klikkar du på Kopier og oppdater.
Bedriftskonto
Kontakt den i bedrifta som er administrator i nettbank bedrift og be om å bli lagt til som brukar. Administratoren bestemmer då kva kontoar du skal ha tilgong til og kva rettar du skal ha.
Lag og foreining
Det same gjeld viss du erny i styret i eit lag eller ei foreining og skal ha tilgong til konto. Kontakt den som er administrator i nettbank bedrift og be om å bli lagt til med nødvendige rettar.
Skal du legge til ny administrator i nettbank bedrift, gjer du det via knappen under. Når bestillinga er sendt inn, må avtalen signerast elektronisk i samsvar med signeringsreglane i bedrifta. Så snart avtalen er signert er ny administrator klar til bruk.
Berre administratorar kan endre på tilgongar i nettbanken. Det gjer du under menypunktet Admin i nettbank bedrift. Der kan du også slette ein eksisterande administrator.
Kontoutskrift finn du i nettbank bedrift under Transaksjonar. Du kan søke på mottakar, kontonummer, beløp eller liknande. Du kan òg gå til Arkiv og velje Kontoutskrift i nedtrekksmenyen.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}