Korleis legg eg til ny administrator i nettbank bedrift?

Skal du legge til ny administrator i nettbank bedrift, gjer du det via knappen under. Når bestillinga er sendt inn, må avtalen signerast elektronisk i samsvar med bedrifta, laget eller foreininga sine signeringsreglar. Hugs å oppdatere i Brønnøysundregistera dersom det har vore endringar i kven som skal signere. Så snart avtalen er signert er ny administrator/kasserar klar til bruk.

Berre administratorar kan endre på tilgongar i nettbanken. Det gjer du under menypunktet Admin i nettbank bedrift. Der kan du også slette ein eksisterande administrator.