Finansavtalelova krev at euro-betalingar blir gjort i samsvar med ny internasjonal standard for betalingsformat.
SEPA - nytt filformat for euro-betalingar
Kva inneber endringa?
Alle land som tilhøyrer EU/EØS deltar i SEPA (Single Euro Payments Area). Det er bestemt at betalingar i euro mellom deltakande land skal bli utført i samsvar med ein ny internasjonal standard. Dette betyr mellom anna at du må bruke IBAN (International Bank Account Number) i staden for vanlege nasjonale kontonummer. Dersom bedrifta di nyttar seg av eit ERP-/økonomisystem for å sende betalingsfiler til banken, må de nytte filformatet ISO 20022 XML.
Gjeld endringa di bedrift?
Kravet om nytt filformat gjeld i første omgang verksemder som gjer betalingar i euro og som har meir enn 10 tilsette og/eller 2 millionar euro i omsetning eller balanse. I tillegg blir alle verksemder i offentleg sektor med betalingar i euro rørt. Bedrifter som ikkje blir omfatta av regelverket kan sende i andre format inntil vidare. Vi oppmodar likevel alle bedrifter til å gå over til nytt filformat så snart som mogleg fordi dei gamle filformata som i dag blir nytta i Noreg vil bli fasa ut innan få år.
Sjå kva du må gjere
Kva løysing bedrifta di treng avheng av kor mange euro-betalingar de gjer.
Du gjer mange euro-betalingar
Kontakt leverandøren din av ERP-/økonomisystem for å avtale oppgradering til nytt filformat (ISO 20022 XML). Ta kontakt med oss når du er klar for å sende inn filer, så hjelper vi deg i gang.
Du gjer få euro-betalingar
Enkeltbetalinger til utlandet kan de gjere via nettbanken som tidlegare. Vi sørger for at betalinga blir utført i samsvar med det nye regelverket.
Du gjer ingen euro-betalingar
Viss bedrifta di ikkje gjer euro-betalingar treng du ikkje å endre på noko enno.
Vi anbefaler likevel at arbeidet med overgang til nytt format startar no. Overgangen til ISO20022 XML vil uansett treffe bedrifter som nyttar filbaserte betalingstenester. Spørsmålet er når investeringa skal takast, ikkje om det skal gjerast.
Ofte stilte spørsmål
-
SEPA (Single Euro Payments Area) er eit felles betalingsområde for euro som omfattar EU, Norge, Island, Liechtenstein, Sveits, San Marino og Monaco. Hensikta med eit felles betalingsområde er å gjere det enklare å handle på tvers av land i Europa. For å lykkast med dette blir felles innført reglar og standardar.
-
Dagens format for innsending av betalingsfiler (Telepay og Edifact) blir erstatta av den nye ISO-standarden, ISO 20022 XML. Dette filformatet blir òg brukt for å sende andre betalingsoppdrag enn euro-betalingar.
-
SEPA og ISO-standardiseringen gjer betalingsformidlingen meir effektiv og føreseieleg. Betalingane vil innehalde same informasjon gjennom heile betalingsløpet, og det blir dermed mindre behov for manuell oppfølging og avstemming. Dette gjer at både pengane og informasjonen kjem raskare fram til betalingsmottakar innan EU/EØS.
Nye meldingar på det nye formatet gjer òg at ein kan få meir informasjon om betalingane enn ein får i dei gamle formata.
-
Leverandøren din av ERP/økonomisystem kan hjelpe deg med å sette opp systemet riktig.
Viss du bruker eigenutvikla system, finn du meir informasjon hos Bits (tidlegare Bankenes Standardiseringskontor), der du også kan sjekke filene dine via ei lenke til Bits-standard. Når filene er validerte tar du kontakt med banken for å avtale oppstart av innsending.
-
Nei, du må ikkje endre noko enno, men det blir tilbode ISO-meldinger (camt.053 og camt.054c) som vil gi meir informasjon samla i filer frå banken.
-
Systemleverandøren oppgraderer for å kunne ta i bruk dei nye moglegheitene som ISO 20022 gir, også på innlandsbetalingar. Kontakt leverandøren for å høyre kva fordelar de får med dette. Vi oppmodar uansett alle bedrifter til å gå over til nytt filformat så snart som mogleg fordi dei gamle filformata vil bli fasa ut innan få år.
-
I første omgang vil vi legge til rette for dei meldingstypane som lova krev: pain.001, pain002 og camt.054d. I tillegg blir det også tilrettelagt for camt.055 og camt.029, som er ofte brukt i offentleg sektor. Andre meldingstypar vil komme etter kvart.
Forklaring på dei ulike meldingstypane:
- Pain.001: betalingsoppdrag som blir sendt til banken.
- Pain.002: kvitteringsfil frå banken som angir om mottatt oppdrag kan gjennomførast, eller om det inneheld feil (svarer til mottaks- og avvisningsretur).
- Camt.029: resultat av kansellering som blir sendt frå banken (som svar på camt.055).
- Camt.053: kontoutskrift
- Camt.054c: kreditmeldingar (innbetalingar). Blir samanlikna med Cremul.
- Camt.054d: debetmelding som blir sendt betaler når betalingsdag (forfall) for betalinga skjer og beløp blir overført til mottakar (svarer til avregningsretur).
- Camt.055: stoppeanmodning eller kanselleringsmelding for tidlegare innsendt betalingsoppdrag som enno ikkje er gjennomført.
-
På sikt vil norske bankar innføre det nye formatet også for innanlandstransaksjonar. Planen er at alle filbaserte meldingar som kvitteringar og kontoutskrifter, også blir sendt i det nye formatet.
Alle formata: Avtalegiro, Autogiro, OCR, Verdipapirhandel og Direkte Remittering vil etter kvart bli konvertert til ISO20022 XML.
Telepay og Edifact er planlagt å gå ut i løpet av få år.
Du finn meir informasjon på bits.no, mellom anna i fleire nyheitsbrev.