Korleis bestiller eg ny kodebrikke til BankID?

Kodebrikka kan vere grei som ei reserveløysing, men er ikkje nødvendig å ha. Bruker du BankID-appen i staden har du med deg kodebrikka overalt, heile tida! Viss du har registrert mobilnummer og e-post i nett- eller mobilbanken kan du enkelt komme i gong ved å lese meir og laste ned BankID-appen her.

Dersom du ikkje bestiller ny kodebrikke og heller vel BankID-appen, bidreg du også til å redusere elektronisk avfall. Godt for miljøet og enklare for deg!

Viss du ønsker å bestille ny kodebrikke, kan du gjere dette innlogga på chat eller ta kontakt med oss på 57 82 97 00. Det tar ca. 3 veker før du får kodebrikka i postkassa. Kodebrikka er personleg og skal ikkje nyttast av andre.