BSU - Bustadsparing for ungdom

BSU-sparing er den beste spareforma for deg under 34 år, som vil spare til bustad. 

Ung student med kaffi vil spare til bustad i BSU
Betre rente
Du får den beste renta vår på sparepengane dine.
Skattefordel
Du kan få inntil 2750 kroner i skattefrådrag kvart år.
Eigenkapital
Ver klar til du skal kjøpe bustad.

BSU-rente og vilkår

6,50 %
  • Spar inntil 27.500 kroner per år og 300.000 kroner totalt
  • Få 10 % av det du sparer per år som skattefrådrag
  • For å få fullt frådrag for BSU-sparinga, må du ha inntekt over 111.000 kroner i året
  • Skattefrådrag blir gitt til dei som endå ikkje har kjøpt den første bustaden sin
  • Spar på BSU-kontoen til og med det året du fyller 33 år


Kva er BSU?

BSU (Bustadsparing for ungdom) er ein sparekonto for deg under 34 år, som vil spare til eigen bustad. Du får den beste renta vår frå første krone, og skattefordel på sparebeløpet.

Fordelar med BSU

  • Du får 10 % i skattefrådrag på sparepengane du sette inn på BSU-kontoen førre kalenderår.
  • Du sparer til bustaddraumen på ein eigen konto. 
  • Du vel sjølv kor ofte og kor mykje du vil spare av det årlege sparebeløpet.
  • Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad.

For å få fullt skattefrådrag, må du ha inntekt over 111.000 kroner. Skattefrådraget gjeld berre deg som ikkje eig bustad (heilt eller delvis) per 31. desember i inntektsåret. 

75 kroner dagen gir full BSU-konto

Visste du at viss du klarer å spare 75 kroner om dagen, eller 2292 kroner i månaden, har du ein full BSU-konto på slutten av året?


Slik lykkast du med BSU-sparinga

Spar fast kvar månad

Spar eit fast beløp kvar månad. Sparer du til dømes 2292 kroner kvar månad, har du ein full BSU-konto på slutten av året.

Spar det du har til overs

Spar det du har til overs på brukskontoen kvar månad, til dømes alt over 1000 kroner. Pengane blir overførte automatisk til BSU-kontoen.

Når du bruker kortet

Spar eit fast beløp, ein prosentdel av det du handlar for, eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.

Bustadlån for deg frå 34 år

Er du under 34 år kan du søke om bustadlån for unge – uavhengig av om det er den første, andre eller tredje bustaden du skal kjøpe. 

Spar meir med Bustadsparekonto

Bustadsparekonto er for deg som allereie har ein BSU-konto hos oss, og som ønsker å spare meir enn maksbeløpet på vanleg BSU. Du får framleis god rente, men utan skattefordel. 

Bustadsparekonto passar også for deg som vil spare til barn og unge utan skattbar inntekt. 

  


Kva lurer andre på?



Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no