Oppfyll bustaddraumen med BSU

Det er mogleg å komme inn på bustadmarknaden på eigahand. Det handlar om å bruke dei spareknepa og moglegheitene som finst, som å spare i BSU.

Par flyttar inn i leilegheit

Her er 5 råd til deg som sparer til din første bustad

Illustrasjon: 1-tal

Utnytt BSU-kontoen fullt ut

For å få mest mogleg ut av BSU-kontoen, bør du spare 27.500 kroner kvart år. Dette vil hjelpe deg  å bygge opp ein solid eigenkapital, noko som kan vere avgjerande når du skal kjøpe den første bustaden din. 

Illustrasjon: 2-tal

Spar BSU-skattefradraget

Når du ikkje eig eigen bustad frå før, kan du dra nytte av skattefrådraget du får ved å spare i BSU.

Ved å spare skattefrådraget du får, kjem du raskare eit steg nærare eigen bustad. Sjå reknestykket som viser vegen til eit større bustadbudsjett. 

Hugs at du må ha inntekt over 111.000 kroner for å få fullt frådrag for BSU-sparinga di. 

Illustrasjon: 3-tal

Begynn tidleg og spar ekstra viss du kan

Det tar minst 11 år å spare opp maksbeløpet på 300.000 kroner i BSU. Du bør derfor begynne å spare så snart du har skattbar inntekt, slik at du kan dra nytte av skattefrådraget og samtidig få spart så mykje som mogleg før du fyller 34 år.

Det kan vere lurt å spare meir gjennom året enn dei 27.500 kronene i BSU. Her kan du utforske fleire måtar å spare på.

Illustrasjon: 4-tal

Bu billeg og spar pengar

Viss du har moglegheit til å bu billeg mens du studerar eller jobbar, kan du spare mykje pengar. Kanskje du kan bu heime ein periode, eller dele på bukostnadane ved å leige noko saman med ein venn? Det du sparer ved å bu billeg, kan du setje av til bustaddraumen. 

Illustrasjon: 5-tal

Jobb meir og ten meir

Har du tid til overs? Jobb ekstra ved sida av studiane eller den vanlege jobben din. Du kan også bruke helgar og feriar til å tene litt ekstra pengar. 

Kva lurer andre på?

Tips og råd

BSU-reglar
Kven kan spare, kor mykje, og til kva? Her får du reglane for BSU!
Inga spareform slår BSU
Klarar du å spare 75 kroner om dagen? Då har du full BSU på slutten av året.
Fyll opp BSU-kontoen
Her får du 3 gode grunnar til å fylle opp BSU-kontoen.
Ønsker du deg eigen bustad?
Start BSU-sparing tidleg!

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no