Tips og råd
Tips og råd
Din første jobb
Kva er dei vanlegaste jobbane å starte med? Sjå kva jobbmogleheiter som finst, og korleis du kan få jobben.
Tips og råd
Kva er dei vanlegaste jobbane å starte med? Sjå kva jobbmogleheiter som finst, og korleis du kan få jobben.
Det finst mange ulike førstegangsjobbar - også for deg som er under 18 år.
1. Bli avisbud
Sel aviser. Klassikaren frå du er 13 år. Fint for helsa er det også!
2. Barnepass
Foreldre likar å ha ein åleinekveld saman i ny og ne. Kanskje er det nokre småbarnsforeldre i ditt nabolag?
3. Småjobbar
Treng nokon av naboane dine hagehjelp eller dyrepass?
4. Sommarjobb, jobb i helgar og på helligdagar
Du kan tene mykje om du får deg ein sommarjobb. Når du har sommarferie og fri frå skulen, har mange bedrifter behov for ekstrahjelp. Kanskje du veit om ein sjukhjem som treng hjelp i ferien?
Det er også mogleg å registrere seg, eller søke etter jobbar på nettstader som formidlar småjobbar til ungdom. Døme på dette kan vere Småjobbsentralen i Tromsø kommune, eller sommarjobb-oversikten for Oslo kommune.
5. Jobb i butikk eller kafé
Er du under 18 år, er du dessverre for ung til å stå i kassa. Men du kan fint jobbe i ein butikk eller kafé for det. Det trengs altid hjelp på lageret, varer må pakkast ut og setjast i butikkhylla, eller borda på kafeen må ryddast.
6. Reingjering
Mange familiar kan ha behov for ein vaskehjelp. Du kan også spørje mindre lokale bedrifter. Store selskap har ofte eigne reinhaldsfirma.
Tenker du å jobbe nattevakt?
Vil du for eksempel jobbe nattevakt på ein sjukehiem, må du vente til du er 18 år for å kunne gjere det.
Faktisk får dei fleste den første jobben sin gjennom familie og vener. Kanskje dei sjølv har ein jobb til deg, eller tenker på deg når dei høyrer om ei jobb? Folk flest likar å hjelpe, så ikkje vere redd for å spørje – bruk nettverket ditt!
Mange småjobbar oppstår først i det du spør – og nokon ser eit behov for hjelp. Møt difor opp der du kunne tenke deg å jobbe. Du kan også ta ei runde i ditt lokale senter eller i nærområdet for å forhøyre deg om jobbmogleheiter.
Når du dukker opp uanmeldt, så spør gjerne etter dagleg leiar, og hugs å ha med CV-en din. Då er det større sjanse for at han eller ho vil hugse deg. Deretter følger du opp kontakten, og viser fram kven du er: Ein som er villig til å svette litt for jobben!
Følg med på nett, i sosiale medium, i butikkvindauge, på oppslagstavler, lyktestolpar, i busskuret og annonsane i lokalavisene. Det er mykje som også kan kome fram munnleg, så spiss også øyre for mogelege jobbførespurnader.
Viktigast av alt er å tenke kreativt rundt heile jobbjaktprosessen, og vise at du verkeleg vil ha ein jobb. Summen av alle tipsa talar for seg: Ingenting er meir motiverande for ein arbeidsgjevar enn å snakke med ein potensiell arbeidstakar som viser at han eller ho verkeleg vil ha jobben!
Lukke til med jobbjakta!
Kanskje du drøymer om bil når du fyller 18, eller eit år i utlandet? Din første jobb er kanskje ikkje den mest spennande, men har du eit mål i horisonten, har du ekstra motivasjon til å få jobben gjort og pengane tjent.
Opprettar du ein eigen sparekonto til det du drøymer om, er det spennande å sjå at du nærmar deg målet for kvar dag som går.