Tips og råd
BSU - Bustadsparing for ungdom
BSU-sparing er den beste spareforma for deg under 34 år, som vil spare til bustad.
BSU-sparing er den beste spareforma for deg under 34 år, som vil spare til bustad.
Kva er BSU?
BSU (Bustadsparing for ungdom) er ein sparekonto for deg under 34 år, som vil spare til eigen bustad. Du får den beste renta vår frå første krone, og skattefordel på sparebeløpet.
For å få fullt skattefrådrag, må du ha inntekt over 70.000 kroner. Skattefrådraget gjeld berre deg som ikkje eig bustad (heilt eller delvis) per 31. desember i inntektsåret.
Visste du at viss du klarer å spare 75 kroner om dagen, eller 2292 kroner i månaden, har du ein full BSU-konto på slutten av året?
Spar eit fast beløp kvar månad. Sparer du til dømes 2292 kroner kvar månad, har du ein full BSU-konto på slutten av året.
Spar det du har til overs på brukskontoen kvar månad, til dømes alt over 1000 kroner. Pengane blir overførte automatisk til BSU-kontoen.
Spar eit fast beløp, ein prosentdel av det du handlar for, eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.
Er du under 34 år kan du søke om bustadlån for unge – uavhengig av om det er den første, andre eller tredje bustaden du skal kjøpe.
Frå det året du fyller 34 årkan du ikkje lenger setje inn pengar på BSU-kontoen din, men du treng ikkje avslutte kontoen. For å få skattelette på det du har spart det året du fyller 33 år, må pengane stå på konto til over nyttår. Når du har kjøpt bustad, og eig den heilt eller delvis per 31. desember, mistar du retten til skattefrådrag for dette året.
Du kan behalde BSU-kontoen din etter at du er 33 år, men den må til sjuande og sist brukast til bustadsformål.
Sjå også
BSU-reglar
Sparetips for deg over 34 år
Det er fleire reglar for BSU-sparinga. Ein av dei er at pengane du sparer på BSU-kontoen er øyremerka til bustad.
Dette kan du nytte pengane frå BSU-kontoen til:
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane til. Dersom BSU-pengane blir brukt til føremål som ikkje er godkjent i samsvar med Skatteetaten sine reglar, er det du som er pliktig til å informere Skatteetaten.
Ikkje godkjent bruk av BSU-pengar vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefrådrag på sparinga.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Ja, det må du. Alle må skatte av opptente renter når dei er overført til kontoen din.
Nei, du må ikkje bruke BSU-kontoen når du skal kjøpe bustad.
Om du bruker pengar frå BSU-en din til å kjøpe bustad er opp til deg sjølv og økonomien din. Ofte vil det bli lettare å kome inn på bustadsmarknaden om du bruker BSU-kontoen din. Dette kan også bety at du får mindre lån.
Kjøper du bustad før fylte 34 år, og renta på BSU-kontoen er høg, kan det vere ein fordel å vente med å «sprette» BSU-en, for renta på innskotet kan vere høgare enn bustadlånsrenta.
Før du har kjøpt din første bustad, får du eit skattefrådrag på inntil 10 % av det årlege sparebeløpet på BSU, så framt du har skattbar inntekt. Etter at du har kjøpt din første bustad, får du ikkje skattefrådrag i det heile tatt.
Hugs at du må bruke BSU-kontoen til bustadføremål.
Skattefrådraget på BSU er 10 % av det du sparer per år. Det vil seie inntil 2750 kroner. Pengane må vere på konto innan 31. desember, og stå over årsskiftet. Banken melder inn beløpet du har spart til Skatteetaten, som reknar ut skattefrådraget basert på inntekta di.
Skattefrådraget er berre for dei som ikkje eig eigen bustad frå før av. Det vil seie, eig du ein bustad (heilt eller delvis) per 31. desember får du ikkje skattefrådraget for dette året.
For å få fullt utbyte av BSU-frådraget, må du tene over 70.000 kroner. Først då betaler du nok skatt til at du får frådrag for det maksimale BSU-innskotet på 27.500 kroner.
Sjå også
BSU-reglar
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 85 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 15 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 600 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad. Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år.
Det er mogleg å låne meir enn 85 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Korleis skaffe eigenkapital?
Sjå også
Eigenkapital og finansiering
Ta opp bustadlån utan eigenkapital
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no