Tips og råd
Nettbank
I nettbanken får du full oversikt over privatøkonomien. Uansett om du bruker mobil, nettbrett, pc eller mac, er det enkelt å få gjort det du skal for å halde styr på kvardagsøkonomien.
I nettbanken får du full oversikt over privatøkonomien. Uansett om du bruker mobil, nettbrett, pc eller mac, er det enkelt å få gjort det du skal for å halde styr på kvardagsøkonomien.
Kundeservice er open kvar dag, heile året frå 7 - 22 (10 - 18).
Full oversikt over kontoar, lån, forsikringar, sparing og pensjon.
I Min økonomi får du full oversikt over korleis du bruker pengane dine. Går det mest pengar til mat, klede, strømmetenester eller ferie?
Alt du bruker blir delt opp i kategoriar, og det er enkelt å sjå kor mykje du bruker i løpet av ein månad. Ei gyllen moglegheit til å finne ut om du kan spare nokre kroner her eller der.
Her finn du Min økonomi:
1. På Min oversikt vel du ein konto.
3. Vel fana Min økonomi, så kan du sjå forbruk og faste utgifter
Har du blitt freista av både den eine og den andre strømmetenesta, og kjøpt fleire abonnement?
Det er ofte enklare å starte eit abonnement, enn å avslutte. No får du oversikt og du kan avslutte abonnement du ikkje treng i nettbanken.
Her finn du abonnementa dine:
1. På Min oversikt vel du Min økonomi.
2. Under Faste utgifter finn og endrar du abonnement.
I pensjonsoversikta kan du enkelt sjå kva du får i pensjon, og kor mykje du bør spare for å få ein god økonomi som pensjonist.
No kan du sjå alle kredittkorta og forbrukslåna dine, uansett kva bank du har dei i. Informasjonen hentar vi frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Oversikta gir deg betre kontroll over kva du har, og sjekke om du betaler for mykje og bør refiansiere.
Her legg du til forbrukslån og kredittkort:
1. Gå til Min oversikt og klikk Legg til.
2. Under Andre kontoar vel du Kredittkort og forbrukslån.
3. Gi samtykke til å hente data frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Med straksbetaling blir pengane overført med ein gong. Det er eit bra val viss du ikkje har tid til å vente på vanleg betalingstid.
Under Mine køyretøy i nettbanken får du betre oversikt over kva det kostar å ha bil, båt og andre køyretøy.
Du ser mellom anna:
Har du ikkje BankID? Då vel du For deg som ikkje har BankID, og følger rettleiinga som kjem opp.
I denne rettleiinga viser vi deg trinn for trinn korleis du loggar deg inn i nettbanken med BankID-appen når du har skrudd på raskare BankID (innlogging med finger eller ansiktsgjenkjenning).
Problem: Viss du tastar inn feil kode for mange gonger, blir kodebrikka sperra.
Løysing:Ring oss på 57 82 97 00 så hjelper vi deg.
Problem: Kodebrikka viser ingen tal på skjermen, eller den viser ein dato.
Bestill ny kodebrikke.
NB: Det kan ta opp til 10 dagar før du får ny kodebrikke. Viss du lastar ned BankID-appen får du tilgong med ein gong.
Har du både BankID-app og kodebrikke, og det feilar ved innlogging kan du prøve følgande:
Viss du ønsker å bruke både kodebrikke og app:
Det er ikkje lenger mogleg å nytte både BankID-appen med biometri og kodebrikke på grunn av tryggleik. Har du biometri aktivert må du:
Viss du ønsker å berre bruke kodebrikke:
Viss du får ei feilmelding som startar med BID (BID er ei forkorting for BankID), så har desse feilmeldingane med BankID å gjere. Sjå kva feilmeldingane betyr og kva som kan vere løysinga.
Vi anbefaler å bruke siste versjon av nettlesaren din. Sjekk om du har siste oppdaterte versjon.
Tips! Viss du får problem i éin nettlesar, kan det fungere å prøve ein annan nettlesar. Til dømes: Google Chrome, Microsoft Edge, Firefox, eller Safari for Mac OS.
For å kunne logge inn utan BankID må du møte opp i din lokale SpareBank 1 med gyldig legitimasjon og ditt d-nummer. Då hjelper vi deg med å sette opp tenesta Utan BankID, slik at du kan logge inn i nettbanken og mobilbanken.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium