Ofte stilte spørsmål om individuell alderspensjon (IPA) og individuell livrente

Kva slags avtale har eg?
På kontoutskrifta du har fått vil det stå kva avtale du har. Du finn også kontoutskrifta elektronisk ved å logge inn med Bank-ID på www.sparebank1.no/minpensjon. Vel "Dokumentarkiv".

Kvifor finn eg ikkje avtalen min på norskpensjon.no?
Det kan vere fleire årsaker til at avtalen ikkje viser på norskpensjon.no

Dette kan til dømes vere:

  • Avtalen er utbetaling
  • Forsikra og forsikringstakar er ulike personar
  • Forsikringstakar har ikkje eit norsk personnummer

 

Når kan eg starte utbetalinga frå avtalen min?

Individuell livrente
Total spare- og utbetalingstid må vere på minimum 12 år. Utbetalingsperioden må vere minimum 6 av desse åra. Meir informasjon om utbetalingsreglar finn du i forsikringsvilkåra.

Individuell alderspensjon (IPA)
Alderspensjon kan bli utbetalt frå forsikra fylte 64 år eller frå tidlegare avtalt dato, og fram til avtalt opphøyrsalder.  Meir informasjon om utbetalingsreglar finn du i forsikringsvilkåra.

Kva må eg gjere for å starte utbetaling?
Du vil få tilsendt eit utbetalingsbrev ca. 3 månadar i forkant av avtalt utbetalingsstart. Her ber vi om opplysningar frå deg for å kunne starte utbetalinga. Ønsker du tidlegare utbetaling enn avtalt, kan du, gitt at det er innanfor uttaksreglane be om dette. Send uttaksskjema til pensjon@sparebank1.no.

Kan eg stoppe ein avtale som allereie har starta utbetaling?
Nei, det er ikkje mogleg å stoppe ein avtale som allereie har starta utbetaling.

Kan eg utsetje utbetalingsstart?
Ja, det er mogleg å utsetje utbetalingsstart. Du vil få tilsendt eit utbetalt utbetalingsbrev ca. 3 månadar i forkant av utbetalingsstart. I brevet kan du krysse av for å utsetje utbetalingane og sende dette i retur til oss. 

Kva skjer med avtalen min viss eg utset utbetalinga?
Avtalen vil framleis stå plassert hos oss med garantert rente.

Kva er ektefellepensjon og barnepensjon?
Viss avtalen omfattar ektefellepensjon eller barnepensjon til navngitte personar, og desse lever ved forsikra sin død, kan dei ha rett til utbetaling.

Kva er garantert rente?
Garantert rente er den renta som allereie ligg som ein føresetnad for ytinga. Viss avtalen er tildelt overskot utover garantert rente vil ytingane auke. 

Kan eg endre utbetalingsperioden?
Ja, med visse unntak kan du endre utbetalingsperioden. Tidlegare uttak vil medføre lågare årleg yting og seinare uttak gir høgare yting.

Individuell alderspensjon (IPA)
Dersom årleg yting er mindre enn 10 prosent av grunnbeløpet i folketrygda, kan utbetalingsperioden bli redusert.

Individuell livrente
Total spare- og utbetalingstid for Livrenta må vere på minimum 12 år. Utbetalingsperioden må vere minimum 6 av desse åra. 

Korleis blir pensjonen utbetalt?
Pensjonen blir utbetalt til kontoen din ca. den 20. kvar månad. 

Kor lenge får eg utbetalt pensjon?
Dette varierer og informasjon om kva som gjeld for din avtale finn du i kontoutskrifta. 

Kan eg begynne å spare igjen på min avtale?
Nei, det er ikkje mogleg å starte sparinga igjen. Viss du ønsker å starte ein ny spareavtale kan du gjere dette i banken, eller direkte på www.sparebank1.no/minpensjon.

Når vil ytinga auke?
Ytingane vil auke når avtalen blir tildelt overskot eller når det blir frigjeve tilleggsavsetjingar. 

Korleis kan eg følge med på utviklinga av avtalen min?
Utviklinga kan du sjå på kontoutskrifta som blir sendt ut ein gong per år. 

Kan avtalen bli utbetalt (gjenkjøpt) i sin heilskap?
Individuell alderspensjon (IPA)
Normalt ikkje, men dersom verdien på utbetalingstidspunktet er under 10 prosent av grunnbeløpet i folketrygda, kan den  bli utbetalt som ein eingongssum.

Individuell livrente
Ei livrente med rett til tilbakebetaling eller garantitid kan bli gjenkjøpt inntil verdien av erstatning ved død. Resten av avtalen må stå som opphavleg avtalt, med unntak av viss verdien av avkastinga er lågare enn 25 prosent av grunnbeløpet i folketrygda. Då kan heile verdien av avtalen utbetalast ved gjenkjøp.

Betaler eg skatt på avtalen min?
Individuell livrente
Avkastninga er skattefri inntil utbetaling finn stad, og blir då beskatta som alminneleg inntekt. Gjenkjøpsverdien inngår i grunnlaget for formuesskatt. Gjenkjøpsverdien er lik saldo, maksimert til TBT, eller kontantverdien av gjenståande garantitid.

Individuell alderspensjon (IPA)
IPA er fritatt for formuesskatt og det blir ikkje betalt skatt av avkastning så lenge pengane står i avtalen. Utbetalinga blir beskatta som pensjonsinntekt. 

Kva skjer med avtalen viss eg dør eller blir arbeidsufør?
I forsikringsbeviset finn du kva reglar som gjeld for avtalen din, samt kva beløp som eventuelt vil kome til utbetaling ved død eller om du blir arbeidsufør. 

Kan eg sleppe å få tilsendt kontoutskrift?
Nei, kontoutskrifta er lovpålagt informasjon som blir sendt ut årleg.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }