Sett inn pengar på IPS-kontoen din før nyttår

Måndag 23. desember kl. 12:00 er siste frist for å sikre deg ekstra pengar tilbake på skatten. Sett inn pengar på IPS-kontoen din i god tid

Dame som sparer pengar i IPS

Det er mykje å hugse på i hektiske førjulstider, men er det éin ting du ikkje burde gløyme, er det å gi deg sjølv ein skattefordel til neste år.

Har du oppretta IPS-konto, må du hugse å setje inn pengar før fristen viss du skal nyte av skattefordelane til neste år. Uansett kor mykje eller lite du klarer å spare, får du tilbake 22 % av sparebeløpet på skatten.

I år er siste frist for å setje inn pengar på IPS-kontoen din måndag 23. desember kl. 12:00.

Har du sparepengar til pensjon, bør du setje dei på IPS-kontoen din. Du kan spare 15.000 kroner i året, og med det få inntil 3.300 kroner i skattefordel.

Skatten du får att kvart år, er ein utsetjing som varer heilt til du byrjar å ta ut pensjonen. Når du byrjar å ta ut pengane, skattar du som alminneleg inntekt (som i dag er 22 %).


Hugs å setje inn pengar på IPS-kontoen din innan måndag 23. desember kl. 12:00, så får du med deg årets skattefordel.

Wenche Seljeseth, leiar pensjon i SpareBank 1

Kva er poenget med skatteutsetting?

Vi har full forståing for at mange kanskje synest det verkar litt forvirrande at utsetting av skatt er ein bra ting. Grunnen til at dette er så gunstig, er fordi gjennom alle dei åra du sparer i IPS, får du samtidig avkasting på dei pengane du får att på skatten.

Veldig enkelt forklart får du «låne» pengar som berre kan stå på kontoen din og gi deg avkasting. Når sparinga er over, betaler du tilbake dei pengane du fekk «låne» og sit igjen med eit beløp du kanskje ikkje hadde klart å spare til, utan denne drahjelpa.

– Verdien av skatteutsettinga vil auke i takt med kor mange år du har før «lånet» må betalast tilbake. Derfor løner det seg å starte sparinga medan du framleis har mange år att til pensjonsalder. Og hugs – du må ikkje ha 15.000 kroner for å spare i IPS. Dette er kun eit maksbeløp. Du får skattefordel på 22 % av det du sparer, også om det er eit lågare beløp. Du treng ikkje å setje inn same beløpet kvart år. Får du meir å rutte med etter kvart, kan du jo auke sparebeløpet, seier Wenche Seljeseth, leiar for pensjon i SpareBank 1.

Start IPS no

Er du ein av dei som veit at det er viktig å spare til pensjon – og har tenkt å byrje – men berre ikkje har kome heilt i gang ennå… Fortvil ikkje. Det er veldig enkelt å kome i gang, og opprettar du IPS-kontoen din før nyttår og set inn pengar innan fristen, får du med deg skattefordelen på inneverande år.

Ein ting som er viktig å vite om IPS-sparing er at du ikkje kan ta ut pengane før du fyller 62 år. Utbetalingane skjer over minst 10 år, og kan ikkje avsluttast før du fyller 80 år. Dette er bra for å sikre ei forutsigbar pensjonssparing og unngå at ein bruker pengar som er spart til pensjon på andre ting. Samtidig er det ikkje alle som kan eller ønsker å binde pengane sine over så lang tid. Difor løner det seg å vere medviten om det valet ein tar når det gjeld pensjonssparing – òg med tanke på kor mykje ein ønsker å setje av i IPS-sparing kvar månad.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }